Forskjellig
Sosial berekraft

Kvifor nokon held fram med mjølkeproduksjon medan andre sluttar

Opp gjennom åra er det gjort mange studiar for å finne ut kvifor bønder sluttar med gardsdrift, men få studiar har sett på kva jobb­trivsel, livskvalitet og stress har å seie. Jobbtrivsel, livskvalitet og stress er viktige element i omgrepet sosial berekraft. Ut frå funna våre vil vi hevde at sosial berekraft er undervurdert som forklaring på kvifor bønder legg med gardsdrifta.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar økonomi i Tine

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

I studien nytta vi eit datasett utarbeidd av Ruralis hausten 2017, der målet var å finne ut korleis bønder med og utan mjølkerobot opplever arbeidskvardagen. Til saman kom det inn 1 288 svar, av dei 197 kvinner og 1 091 menn. Bønder under 59 år var noko overrepresenterte blant dei som svara. Til saman hadde 739 bønder mjølkerobot og 549 konvensjonelle mjølkesystem. Mellom anna fekk bøndene spørsmål om opplevd jobbtrivsel, livskvalitet og stress. Vi testa om svara på desse spørsmåla samt alder på brukaren kunne gje svar på spørsmålet i overskrifta.

Om lag to av tre bestemte på å fortsette

Framtidstru er avgjerande for å halde fram som bonde. Deretter faktorar knytte til helse, einsemd, trivsel med arbeidsdagen, og uro over gjelda.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Blant dei 1 288 som svara oppga 65 prosent at dei ville halde fram med mjølk dei neste fem til ti åra. Tolv prosent svara at dei kom til å halde fram i fem til ti år til, men ikkje lenger, 13 prosent var usikre og 10 prosent svara at dei ville slutte med mjølk. Vi delte svara i to grupper, dei 65 prosentane som ville fortsetje med mjølk og resten. Vi fann tydelege skilnader mellom desse to gruppene (sjå tabell 1).

Alder, optimisme, helse, einsemd, trivsel og uro over gjeld

I tabellen ser vi bøndene i gruppa som vil slutte eller vurderer å slutte er nesten åtte år eldre enn dei som vil halde fram. Heilt til høgre ser vi at alder er den ­viktigaste faktoren som skil dei to gruppene frå einannan med 20.1 poeng av totalt 79.8, det vil seie om lag 25 prosent. Dei som vil slutte eller vurderer å slutte er om lag åtte år eldre enn dei som vil fortsette, men alder er langt frå den einaste faktoren som skil gruppene. Dei som vil halde fram ser vesentleg meir optimistisk på framtida (påstand 1). Median­verdien for optimisme, det vil seie den verdien der like mange i gruppa ligg over som under, er 7 for dei som vil slutte mot 9 for dei som vil fortsette. Tru på framtida er såleis avgjerande for å halde fram som bonde. Deretter kjem ei gruppe faktorar knytte til helse, einsemd, trivsel med arbeids­dagen, og uro over gjelda. Dei som vil halde fram er klart mindre uroa for helsa og kjenner seg mindre einsame enn dei som vil slutte eller vurderer å slutte. Einsemd er mest påtakeleg blant dei med båsfjøs, noko som mellom anna kan skuldast at denne gruppa gjerne får mindre merksemd, til dømes i media eller på faglege arrangement. Dei som vil halde fram er meir uroa for gjelda (påstand 5). Årsaka er at fleire av dei har bygd ut bruket i nyare tid og dermed har høgare gjeld.

Tabell 1. Skilnader i alder, opplevd livskvalitet, jobbtrivsel og stressnivå mellom gruppa som vil slutte eller vurderer å slutte, og dei som vil fortsette. Påstandane er på ein skala frå 1 til 11, der 1 er heilt usamd og 11 er heilt samd. I kolonna heilt til høgre ser vi kor mykje alder og kvar av påstandane har å seie for om bøndene vil fortsette eller slutte.

Medianverdiar for dei to gruppene

Poeng som viser kor viktig alder og dei ulike påstandene er
(relative tal)

Slutte

Fortsette

Alder på brukaren i år

52.9

45.0

20.1

Påstandar på ein skala frå 1 (usamd) til 11 (samd):

1. Har eit optimistisk syn på framtida

7

9

9.3

2. Er sjeldan uroa for helsa

6

8

4.8

3. Kjenner meg sjeldan einsam

5

7

4.7

4. Er tilfreds med arbeidsdagen min

8

9

4.3

5. Er sjeldan bekymra for gjelda

8

7

4.1

6. Har ei høveleg arbeidsmengd i helgene

2

3

3.3

7. Kjenner meg verdsett som bonde

5

6

3.1

8. Har ei inntekt eg kan leve godt av

6

7

3.1

9. Kjenner meg sjeldan sliten

4

4

2.5

10. Har tilstrekkeleg tid med familien

6

6

2.4

11. Har ein fleksibel arbeidsdag

8

9

2.3

12. Kjenner meg sjeldan stressa på grunn av arbeidet

4

4

2.2

13. Har tilstrekkeleg tid til vener og fritidsaktivitetar

5

6

2.1

14. Har god fysisk helse

8

9

2.1

15. Har ein arbeidsdag dominert av fysisk arbeid

8

8

2.0

16. Har tilstrekkeleg tid utanfor garden

3

4

2.0

17. Er tilfreds med arbeidsmiljøet på garden

9

9

1.9

18. Har tid til å gjere det som må gjerast på garden

3

3

1.8

19. Er tilfreds med arbeidstryggleiken på garden

9

9

1.7

Sum

79.8

Høgt arbeidspress eit problem

Vi legg merke til at båe gruppene synest dei har for mykje helgearbeid (påstand 6), ofte kjenner seg slitne (påstand 9) og stressa i ­jobben (påstandane 12 og 18), og synest dei har for lite tid til aktivitetar utanfor garden (påstand 16). Funna syner at stor arbeidsmengd er eit problem i båe gruppene, sjølv om dei som vil halde fram kjem litt betre ut enn dei som vil slutte eller vurderer å slutte.

Sosial berekraft viktig

Studien synte at det er lettare å føreseie kven som vil fortsette enn kven som vil slutte. Såleis er påstandane i tabellen ein viktig peikepinn på kva faktorar som må vere til stades for å sikre at ­bønder skal halde fram med ­produksjon av mjølk. Sjølv om ­forholda på og utanfor garden òg spelar ei rolle, kan vi konkludere med at korleis bonden har det i kvardagen er viktig for å fortsette i yrket. Det handlar om sosial ­berekraft i næringa.

Artikkelen er publisert i eit internasjonalt tidsskrift, og interesserte kan få artikkelen tilsend ved å kontakte forfattaren på e-post: bjorn.gunnar.hansen@tine.no.