Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Få kalv i kua – del 1

Brunstkontroll

Av alt ein held på med i fjøset, er det å få kalv i kua noko av det viktigaste ein gjer. Utan kalv vert det heller ikkje mjølk. Det å leggja ned ekstra tid på faktorane som kan påverka fruktbarheita, vil kunne gje stor gevinst i andre enden. Me skal ta for oss nokre av desse faktorane i Buskapsnummera framover.

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

rannveig.farestveit@geno.no

Figur. Mange faktorar påverkar fruktbarheita

Kua har ein gjennomsnittleg brunstsyklus på 21 dagar, men alt frå 17-24 dagar reknast som normalt. Her er det altså individuelle skilnader. Sjølve brunsten kan delast i tre fasar: forbrunst, brunst og etterbrunst.

Lag rutinar for brunstkontroll

Forbrunst (1-3 dagar): Kua får auka interesse for andre dyr, og aktiviteten til dyret stig. Eit eventuelt slim frå kjønnsvegane er ofte gråleg og tjukt. Kjønnsleppene hovnar etterkvart meir opp.

Brunst (6-30 timar): Kua vert uroleg og kan byrja å rauta. Ho vil gjerne stå medan andre ligg, og forsøka å jaga opp andre dyr. Ho får auka rideaktivtet, og vil utover i brunsten også stå for riding. I brunst vil ofte kua ri like mykje på andre dyr som ho står for riding sjølv. Når brunst står i hovudfokus, vil kua generelt bruka mindre tid på å eta og drøvtygga. Ein del vil også visa eit dropp i mjølkeytelse. Slimet frå kyr i brunst vert klart og trådtrekkjande og gjerne med bobler i. Kjønnsleppene vert ofte hovne og raude.

Etterbrunst (1-3 dagar): Dei åtferdsmessige brunstteikna avtek, men ein kan stundom sjå noko slimflytingar. Hjå dyra som får blødning, skjer denne 1-2 dagar etter avslutta brunst.

Det hjelper ikkje at dyra har brunst dersom ein sjølv ikkje fangar dette opp. Det å laga seg eigne rutinar der brunst har hovudfokus er utruleg lurt. Nyttige hjelpemiddel som finst på marknaden i dag er mellom anna aktivitetsmålar, drøvtyggingssensor, progesteronmålar og brunst-app. I besetningar der ein set av ei fast tid dagleg der ein går gjennom slike data, ser ein at dette gir positivt utfall. Det reduserer både avstanden frå kalving til inseminering, i tillegg til antal insemineringar totalt i besetninga.

Gå eigne brunstrundar

Trass i at mange fjøs i dag har ulike tekniske hjelpemiddel er vinninga stor av å gå eigne brunstrundar utanom mjølking- og fôringstidspunkta. Ein kan då observera ting som aktivitetsmålaren ikkje har varsla om. Det kan vera å observera heilt tidlege brunstteikn som rauting og byrjande interesse for andre dyr. Det kan også vera å sjå konsistens og farge på slimet frå kyr som ligg. Kanskje hadde den brunstige kua eit ureint slim, og ikkje burde inseminerast på denne brunsten likevel.

Hugs å notera

Sjølv om kua ikkje skal inseminerast på den aktuelle brunsten, bør brunstdag og brunstlengde noterast ned. Det er med å leggja eit godt grunnlag for å få inseminert kua til riktig tidspunkt ved neste brunst. Når det gjeld kor tidleg ein kan koma i gang med inseminering etter kalving, ser ein at kyrne ofte har reinsa seg når det er gått 32 dagar. Dette betyr nødvendigvis ikkje at kua er klar for å inseminerast. Ho bør ha vore i brunst i alle fall ein gong etter kalving før ein inseminerer.