Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Klauvbeinsbrot

For nokre veker sidan vart eg kontakta av ein bonde som hadde ei ku som plutseleg var blitt stokk halt ute på beite. Ho hadde vore heilt fin då han slapp ho ut om morgonen, men då han henta kyrne inn til mjølking om kvelden, ville ho nesten ikkje trakka på eine bakfoten.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Når me skulle lima på klosse, var det veldig godt at bonden hadde klauvboks tilgjengeleg. Klauvboksen gir gode arbeidstilhøve noko som også ofte gir betre kvalitet på arbeidet som vert gjort.

Eg reiste ut for å sjå på kua, og ho var heilt frisk bortsett frå den vonde foten. Eg la merke til at når ho sette foten i bakken, så hadde ho «breibeint» ganglag, og ville helst ha tyngda på innerklauva på den vonde bakfoten. Det var også tydeleg vondt når eg manipulerte og banka på ytterklauva. I tillegg hadde ho ein liten hevelse i kronrande der klauvkapselen går over i hud.

Brot i klauvbeinet

På bakgrunn av desse funna og opplysningane frå bonden, følte eg meg ganske trygg på at me hadde eit klauvbeinsbrot i ytterklauva på den vonde bakfoten. Dette kan lett skje når kua er i bevegelse, og viss ho trakkar litt skeivt med full tyngd på ujevnt underlag, kan det resultera i brot i klauvbeinet. Det er typisk at dette kan skje når dyra er ute på beite.

God prognose

Klauvbeinsbrot kan behandlast med å lima klosse på den friske klauva, slik at den skadde klauva vert avlasta og ikkje kjem i kontakt med underlaget når kua bevegar seg. Klauvkapselen fungerer som gips og stabiliserer brotet. I slike tilfelle er det veldig godt å ha klauvboks lett tilgjengeleg, for då er det lett å få gode arbeidsforhold samstundes som at resultatet også ofte vert betre. Denne gongen var me heldige med at bonden hadde klauvboksen klar, og me fekk glatta over klauvsålen med vinkelslipar, før me limte på ein klosse på innerklauva. Det er lettare å få klossen til å henga når overflata på klauva er nyslipt, slett og rein.

Oppstalling

Det tek om lag 6-8 veker før eit klauvbeinsbrot er grodd. Kua kan med fordel få gå på eit avgrensa og slett område i nærleiken av fjøsen i beiteperioden, eller ho kan bli oppstalla i sjukebinge, eventuelt fokusavdeling viss det skjer i innefôringsperioden.

Unngå nødslakt

I dette tilfelle ser det ut til å gå bra med kua, og det er bra for bonden å sleppa nødslakt som ofte er alternativet når dyra vert så halte.