Tema: Gras og grovfôr

Fortørking av gras til surfôr i vått klima

Kan breispreiing gi raskare tørking, betra fôrkvalitet, lågare haustekostnader og sparte kostnader til kraftfôr? Kan ein samstundes oppnå god fôrhygiene?

Olav Martin Synnes

Rådgiver, NLR Sunnmøre

olav.martin.synnes@nlr.no

Anne Kjersti Bakken

AnneKjersti.Bakken@nibio.no

og Astrid Johansen

Astrid.Johansen@nibio.no

begge forskarar i NIBIO

Skiveslåmaskin med ekte breispreiingsutstyr og stengelknekkar. Desse maskinane kan, med rask omstilling, nyttast både til vanleg smal streng og til brei streng. Ved breispreiing vil traktorhjul køyre i grasstrengen.

Foto: Olav Martin Synnes

Godt og rimeleg grovfôr er avgjerande for lønsam produksjon av mjølk og kjøt på drøvtyggarar. Det er lettast å oppnå god gjæringskvalitet i surfôr, når plantane er forholdsvis tørre, og når innhaldet av vassløyselege karbohydrat (sukker) er høgt. Kva fortel røynslene etter åtte år med breispredning i vått klima?

Forskingsprosjekt

Fortørking av gras til surfôr har tradisjonelt skjedd i smale strengar. Dei siste åra er det mange som har investert i slåmaskin med utstyr som kan spreie graset for å auke tørkefarten, og i samlerive som må brukast før pakking eller oppsamling av breispreidd gras. Rettleiingstenesta får mange spørsmål om dette er lønsamt. NLR Sunnmøre, i lag med Bioforsk, NLR Rogaland, og Landbruk Nordvest, undersøkte dette i eit treårig forskingsprosjekt. Prosjektet vart støtta av NFR, Jordbruksavtalepartane, Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Addcon Nordic AS, Nortura BA, Felleskjøpet Agri og TINE Meieriet Vest. Forsøka vart gjennomførte i åra 2006-2010.

12 vestlandsbruk deltok

Forsøk der ein har lagt opp avlinga til fortørking i smale og breie strengar vart gjennomførde på 12 vestlandsbruk, med gardbrukarar som aktive deltakarar. Prøver vart tatt ut frå strengane med jamne mellomrom gjennom eit døger, før pressing og ensilering, samt frå ferdig surfôr.

I gjennomsnitt for ulike vêrforhold og avlingsnivå, nådde ein moderat fortørka gras med tørrstoffinnhald på ca. 28 prosent på ein dag (8 timar) i brei streng mot 24 timar i smal streng. Etter 24 timar var tørrstoffprosenten i breispreidd gras 5 – 10 prosenteiningar høgare enn i smal streng. Tørkefarten på breispreidd gras var lite påverka av om det vart brukt stengelknekking.

Rask fortørking konserverte meir av dei vassløyselege karbohydrata som var i graset ved slått. Etter fortørking i 7 timar eller 26 timar var innhaldet av vassløyselege karbohydrat 16,7 prosent i breispreidd gras, mot 14,5 prosent i smal streng.

Kvalitet

Det meste av surfôret var velgjæra, men 5 av 48 prøver inneheldt smørsyre. Fire av dei var frå brei­spreidd gras. Det var også sporar av Clostridiae (sporedannende bakterie) i ein større del av prøvene frå breispreidd enn frå strenglagt surfôr. Bruken av samlerive og køyring i breispreidd gras kunne ha tilført jordlevande organismar til fôret og såleis påverka den hygieniske kvaliteten negativt. Gjæringa og kvaliteten kunne også ha vorte påverka av tørrstoffinnhaldet som var høvesvis 33 og 26 prosent i breispreidd og strenglagt surfôr.

Treng 400 – 500 dekar eng

Om ein heldt innkjøps- og vedlikehaldskostnader knytte til hausteliner med og utan breispreiing opp mot driftskostnadene forbundne med dei, viste det seg at lønnsemda med investering i breispreiingsutstyr avheng av kor stort areal som skal haustast, traktorkostnadene og kva timepris ein set for personen som skal gjere jobben. På bruk med grasareal som på ein gjennomsnittleg vestlandsgard, kan ein knapt forsvare ei slik investering åleine, men med 400-500 dekar eng slått to gonger årleg, kan ho svare seg. Vinsten med breispreiing er redusert forbruk av timar, diesel, plast og eventuelt ensileringsmiddel per fôreining, medan meirutgiftene er knytte til maskininvesteringane. Dei siste kan minkast med å satse på slåmaskin utan stengelknekkingingsutstyr.

Økt utbytte med breispredd

Investeringa må også vurderast ut frå om ein kan ta ut høgare utbytte i husdyrproduksjonen med surfôr som vart produsert i brei mot smal streng. Om ein berre tok omsyn til det høgare innhaldet av vassløyselege karbohydrat, kunne ein med utgangspunkt i ei samanstilling av finske fôringsforsøk og Tine si prissetjing for mjølk, rekne med ein maksimal vinst på ca. 450 kr per gjennomsnitts vestlandsku og år. Meirverdien hadde samanheng med høgare feitt- og/eller proteininnhald i mjølka.

Brukte ein Tine sitt optimeringsprogram for fôring, Optifôr, med føresetnad at berre sukkerinnhaldet varierte mellom strenglagt og breispreidd surfôr, fann ein ingen tilsvarande økonomisk vinst. Dersom ein i Optifor-optimeringane tok med andre kvalitetar med surfôret som varierte mellom strenglagt og breispreidd etter 24 timar med fortørking, var utbyttet av å fôre med det sistnemnde større. Opptaksindeksen vart høgare for breispreidd og tørrare grovfôr med lågare syreinnhald, og kraftfôrbehovet gjekk ned. Sparte kraftfôrkostnader svarte til 15 000 kr per år for ei besetning med 22 kyr og normal avdrått.

Røynsler etter åtte år med breispreiing

Fleire gardbrukarar på Sunnmøre var tidleg ute med å ta breispreiings­metoden og samleriva i bruk. I januar 2016 vart fem av desse intervjua. Alle var mjølkeprodusentar, med forholdsvis store areal. I gjennomsnitt hadde dei brukt metoden i åtte år. Overgang til breispreiingsmetoden hadde ført til tørrare surfôr. Det er realistisk med 28 prosent tørrstoff, også i vanskelege år. Ingen av dei fem hadde nokon gong fått trekk i mjølkepris på grunn av sporar. Ingen vurderte å gå bort frå metoden.

Betre og billegare surfôr

Vellukka bruk av breispreiingsmetoden kan medverke til betre og billegare surfôr. Ein føresetnad er at det hausta arealet er stort nok i høve til ekstra maskininvesteringar. Ein må unngå pristrekk på grunn av sporar i mjølk. Metoden føreset godt drenert og køyresterk jord, slett overflate, og høg stubbing.

Ved breispreiing må ein nytte samlerive ein gong. Ved frontmontering av riva unngår ein å køyre i grasstrengen.

Foto: Olav Martin Synnes