Avl

Eksteriør på NRF

Avlsrådgjevar Lars Byberg Timpelen vil i fleire artiklar skrive om eksteriør på NRF-kyr. Først litt om sjølve vurderingssystemet me nyttar i Norge, deretter kort gjennomgang av enkelteigenskapane som vert registrert.

Lars Byberg Timpelen

Avlsrådgjevar i Tine

lars.byberg@tine.no

Geno eksteriørvurderar NRF-kyr etter det felles nordiske systemet Nordic Classification (NC). Det er avlsrådgjevarane i Tine som utfører vurderinga i praksis. Me har årlege samlingar internt, og også med dei andre landa i Norden for å bli kalibrerte på bruk av skalaen på dei ulike eigenskapane.

Figur. Eksempel frå manual for eksteriørvurdering

24 enkelteigenskapar inngår

I NC kan me kåra NRF/Viking Raud, Holstein og Jersey. Med enkelte justeringar for kvart land elles er det eit tilsvarande system som vert brukt over heile «verda». I Norge inngår 15 internasjonale standardeigenskapar, 6 nordiske og 3 norske, alle med ein skala frå 1-9. I tillegg til desse 24 enkelteigenskapane, reknar NC ut samlepoeng for kropp, bein og jur, som igjen vert samla i poeng for heilhet. Samlepoenga er på ein skala frå 60 til 100, der 75-80 er snitt. Poeng for heilhet kan samanliknast med systemet me har for 1-3. premiering på utstillingar. 80-84 er internasjonalt klassifisert som «good plus» (GP), 85-89 «very good» (VG) og over 90 «excellent» (EX). Det er ytterst få kyr som kjem over 90, så å verta klassifisert som «EX» heng svært høgt. Dersom ein ser foto eller omtale av ei ku i utlandet er det nesten alltid oppgitt kåringsresultat på kua. Det er derfor nyttig også for oss å få eit forhold til desse tala

Eksteriørvurdering på medlem.tine.no

Dersom buskapen din er ein av dei som er eksteriørvurdert kan du sjølv gå inn å sjå kva som er dei finaste kyrne og om du har nokon «VG»- eller «EX»-kyr. Det som kan vera vel så nyttig er å sjå på kåringa for buskapen samla. Fenotypen som vert vurdert er summen av genetikk og miljø, og er difor nyttig som ein kontroll av begge deler. I våre naboland er kåringa betalt av bonden. Årsaker til at bønder i andre land bestiller kåring er mellom anna å få «harde fakta» i avlsarbeidet. Oppnår ein den genetiske framgangen i praksis som ein forventar? Det er også ein viktig kontroll av påverknad frå miljøfaktorar i buskapen.

Dyrevelferdsindikator

Tine har nyleg innført ein dyrevelferdsindikator. Ei eksteriørvurdering er også ei god indikator på dyrevelferd på kyr. Mange nyare fjos har utfordringar med bein og klauver, noko som me ser tydeleg ved eksteriørvurdering. Hasekvalitet er eit viktig mål på slitasje på haseledd frå underlag, og ser for meg ikkje ut til å ha stor samanheng med mjukhet på underlag. Beinstilling og hasevinkel vert tydeleg påverka av golv. Mange fjos har alt for mange kyr med krok- og kuhasa beinstilling som tydeleg er miljøpåverka. Elles er det store forskjellar mellom besetningar på vridde klauver, noko som viser at det er sterk miljøpåverknad også på dette. Eit anna moment er å vurdera kroppskapasitet (krysshøgde, kroppsdjupne, brystbreidde, mjølketype) på 1. kalvkyr. Dette seier noko om kor godt kvigeoppdrettet har vore, er kvigene godt utvikla? Ein kan også sjå på genetisk nivå på forskjellige eigenskapar i Geno Avlsplan og sjå på ei eksteriørvurdering om ein klarar oppnå det genetiske nivået i praksis.

Figur. Kuanatomi for eksteriørvurdering.

Slik finn du resultata frå kåring

For å finna resultata frå kåring går du inn på Dyreliste under fana «Resultater og rapporter» i Tine Medlem, fana heilt til høgre øverst er eksteriørvurdering. Her kjem du først inn på buskapsresultat, delt opp på 1. kalvskyr og eldre, samanlikna med optimum og landssnitt. Vidare kan du gå inn på enkeltkyr for å sjå på dei. Resultata av dette vert aktivt brukt hjå dei som har Avlsplan super, både fordi kåringa påverkar indeksane direkte, og at avlsrådgjevarane gjer manuelle tilpassingar. Derfor gjev eksteriørvurdering eit svært godt grunnlag for avls­arbeidet i besetninga. For at buskapen din skal verta vurdert er kriteriet akkurat nå at det må vera minst 15 GS-testa hodyr, men denne grensa kan justerast ved behov. Det er sjølvsagt mogleg å bestilla kåring utan at Geno har utlista buskapen, men då som brukarfinansiert.

Gjennomgang av enkelteigenskapane i NC

Nordic Classification er ein app me har på mobil. Me lastar inn buskapen og sorterar på aktuelle kyr. Me vurderar kyr i alle lakta­sjonar, men ikkje i start og slutt av laktasjonen. Krysningsdyr kan ikkje vurderast. Før me startar på kåringa legg me inn timar sidan mjølking, då programmet korrigerar for dette. Manual med bilete kan finnast på: https://www.geno.no/contentassets/4ed4a6a05791495cb839cd028bc0d4c0/manual-for-eksteriorvurdering.pdf

Kropp - 7 eigenskapar:

  • Krysshøgde vert målt eller vurdert med opptrena «augemål», optimum 135 -145 cm.

  • Kroppsdjupne, vurderar eksakt djupne, ikkje proporsjonalt. Dvs at ei stor ku med like proporsjonar som ei lita ku vert dømt høgare på skalaen.

  • Brystbreidde, vanskeleg å sjå, nyttar ofte avstand mellom frambein som indikator

  • Mjølketype, kanskje vanskelegaste eigenskap å vurdera, me ser på spenst i ribbeina ut frå rygg, retning og avstand mellom dei. Eine ytterpunkt på skalaen er gamle jersey-/ holstein-kyr, andre ende Limousin. Høg score betyr at ribbeina først går ned frå ryggen slik at ryggen får ein skikkeleg «kjøl», deretter spenner ribbeina i krapp vinkel ut frå ryggen og fortset utover heilt ned på sidene og med stor avstand mellom dei. Då vil ribbeina likna på spiler i eit fjelltelt. Ei slik ku vil ha eit dråpeforma tverrsnitt, kroppen vil likna eit «kremmarhus» og vera lang og ha stor plass til vom og indre organ. Motsett ende på skalaen vil enten vera smale «parentesforma» tverrsnitt eller rundbygde tette dyr.

  • Overlinje, omfattar kam, rygg og lend. Strak overlinje er 7, høgare score er krum rygg, lågare er svai.

  • Kryssbreidde, avstand mellom bakerste punkt på setebeinsknokar

  • Kryssretning, 5 er optimum, 4 cm lågare på setebein enn hoftekam, 3 er rett kryss, 1-2 vippkryss, høgare enn 7 er sterkt ­hellande kryss.

Bein - 5 eigenskapar:

  • Hasevinkel, optimum 4,5 – 5, det vil seie 150-155 grader.
    NRF ligg på ca. 5,5 i snitt – altså litt krokhasa.

  • Beinstilling/hasar bakfrå, heilt parallelle hasar er 8,
    snitt NRF på 5,6.

Hasekvalitet, væskefylling i haseleddet

  • Beinbygning, vurderar om det er fin/grov beinbygning med hovudfokus på underbeinpipa.

  • Kodeledd, særnorsk eigenskap, alle andre vurderar klauvvinkel. Optimum 7 og NRF ca. 5.

Nokre land vurderar også «locomotion» (bevegelse)

Jur - 10 eigenskapar:

  • Framjurfeste, vurderar styrken i sjølve festet, ikkje framjurlengde eller form. Tydeleg markert jurfeste tyder på svakt feste. Eit jur som er festa med heilt jamn overgang mellom jur og buk i heile breidda og opp langs svangane får score 9.

  • Bakjurbreidde – breidda på festet i forhold til breidda på juret.

  • Bakjurhøgde vert vurdert utfrå midtpunkt mellom hasespiss og setebein. Vurderar kor sjølve jurvevet startar, juret kan ofte henga i skinn lenger oppe. Er festet midt mellom ­hasespiss og setebein er det 4, så 2 cm opp/ned på skalaen. Det vil seie at ei høg og grunn ku (langbeint) vil få ein viss fordel her.

  • Jurbotn/midtband; vurderar cm spalte midt mellom bakspenane, 3 cm = score 5.

  • Jurdjupne, vurderar cm frå hasespiss til lågaste punkt på jur (utan spenane). 3 = jamnt med hase. Dette er den enkelteigenskapen som er sterkast vektlagd i avlsmålet til NRF. Også her vil ei langbeint ku få litt «ufortent» god score.

  • Jurbalanse, 5 er heilt i balanse, 9 framtungt, 1 baktungt

  • Spenelengde, vurderar kun størrelse på framspenar, optimum er score 6 = 55 mm, NRF har snitt litt over 4 = korte spenar.

  • Spenetjukkelse, optimum er score 6 = 25 mm, NRF har snitt litt over 4; tynne spenar.

  • Speneplassering framme - vurderar kor spenen er festa på kjertel ikkje kva retning spenen peikar! Midt på kjertel= score 5, optimum 7-8, på innsida av kjertel. NRF har snitt ca. 4,8.

  • Speneplassering bak - vurderar her også kun kor spenen er plassert , ikkje retning!. Midt på kjertel = 4, optimum 5, NRF har snitt 5,7.

Norske tilleggs­eigenskapar som ikkje inngår i utrekning av samlepoeng:

  • Ekstraspenar

  • Vridde klauver