Avl

Mjølk og kjøtt på norske (gen)ressursar?

Avl for å auka sluttvekta og snu den genetiske nedgangen i slaktekvalitet og volum vil gje meir kjøt frå mjølkebruka. 25 kg i auka kjøttvekt pr. ku tilsvarar 8 -10 000 slakteoksar.

Knut Haga

Sivilagronom

eva.kaldahl@live.no

Større avlsvektlegging på kroppsvekt, tilvekst og slaktekvalitet vil betre konkurranseevna til NRF i et «krympende mjølkemarknad.»

Foto:Øystein Haga Kaldahl

«For å vite kor vi skal, må vi vite kor vi er, og då må vi vite kor vi har vore»

Gammalt jungelordtak frå Namdalen

Kjøttproduksjon som «biprodukt» frå mjølkeproduksjonen er langt meir ressurs- og utsleppseffektivt (metan, lystgass med meir) enn produksjon basert på ammekyr. Relativt høg fruktbarheit som i NRF-populasjonen (potensielt >1,3 kalvar pr. årsku) og høve til spreidd produksjon heile året er også viktig for å sikre jamn marknadsdekking av ferskvare kontra meir sesongprega produksjon.

Marknadshistorie

Politiske, ideologiske og marknadsmessige forhold påverkar sterkt kva den enkelte produsent kan og vil gjere. Sist på nittitalet kom slakteoksane frå 40 000 ammekyr inn i ein marknad i balanse samstundes med opning for MUL-import. Overdekninga på 10 prosent reduserte prisen 30 prosent. Mange kjøttprodusentar basert på innkjøpte NRF-kalvar sleit og la ned eller la om produksjonen. Mjølkeprodusentane kunne «flyte på mjølka», men økonomisk verdi av kjøttproduksjonen vart varig redusert (målprisen sett ned til marknadspris i 2001).

«Frisleppet» av mjølkekvoterog stor overgang til samdrifter medførte prioritering av fjøsplassen til mjølk. I neste omgang vart det knapt både med grovfôr og fjøsplass, og mange auka på med meir kraftfôr for stadig større kvoter. Ved nybygging og for dei store bruka som skulle over på mjølkerobot, vart auka avdrått redninga, og kjøttproduksjonen kom langt bak. Sterk auke i tilskot til ammekyr kombinert med avtakande/ingen tilskot for auka mjølkekutal medførte at bruk med nok fjøsplass og jord valde å ha færrast mogleg mjølkekyr i høve kvote, men eigen kjøttfebesetning. Verdt å ta med er at dekningsbidraget pr. dekar grovfôr stort sett har vore dobbelt så høgt for mjølk som for oppfôring av oksar denne perioden.

Avlsstrategi og konsekvensar

Kva så med avlsmessig utvikling, tilbod og preferansar oppi alt dette? Artikkelen «Avlsmålet for NRF skal diskuteres» i Buskap nummer 5 i 2014, gir god innføring i genetiske endringar fram til 2014. Det gjeld særleg figurane om genetiske trendar på side 20-22. Sjølv om kjøtt har vore med i avlen, har vi hatt utflating/nedgang både for slaktevekt, feittrekk og slaktekvalitet. Slaktekvalitet utgjer no berre1,2 prosent av samla avlsverdi. Vekt og kvalitet har likevel vore oppretthalde i praksis (fenotypisk) grunna langt sterkare kraftfôring både av oksar og kviger.

Figur 1 syner tydeleg det genetiske fallet i slaktekvalitet frå ca. 2007. Her kjem «tilbod/preferansar» inn: Vi har fått opp avlsverdiane og dermed sædprisen mykje ved å dra inn finske oksar (Finsk ayrshire) i NRF-avlen i tillegg til tidlegare storsatsing på svenske SRB. Grunna lite slektskap gav dette høg seleksjonsverdi, men vi fekk kjøttfattige avkom. Heile denne perioden var det auke i talet på ungoksar med låg tilvekst som seinare gav dårleg slaktekvalitet. Døme på dette finn vi i oktoberkatalogen 2011, der berre ein tredjedel av ungoksane som vart presenterte hadde betre enn minstekravet (5 poeng) i tilvekst. Fleire oksar vart sende ut som ungoksar med berre 2-3 i tilvekstpoeng, fordi dei var etter nordiske toppoksar som kunne gi svært høge avlsverdiar. Desse ungoksane er no avkomstgranska, og det er bra samsvar mellom låg fenotypisk tilvekst på ungoksen og låg kjøttindeks (til dømes for 11060 Nymoen, 11201 Skjelvan, 11205 Bjørge og 11206 Dyste).

Figur 1. Slakteklasse. Verdiene er gjennomsnitt avslverdi på NRF-kyr i Kukontrollen innenfor fødselsår (grønn linje) og trend (svart linje).

Få eliteoksar med særleg positiv indeks for slaktekvalitet

Dei siste åra har det berre vore nokre få eliteoksar med særleg positiv indeks for slaktekvalitet tilgjengelege til ei kvar tid. Når populasjonen sin slakteindeks nærmar seg 0,9 (90) og eliteoksane i snitt har 0,9 for denne eigenskapen, vil nedgangen auke (arvegraden for slaktekvalitet er 0,19). Med ny utvalsteknologi/avlsstrategi går generasjonsintervallet ned. Same låge vektlegging og preseleksjon for ”viktigare” eigenskapar som mjølk, medfører langt raskare avlstilbakegang enn før. Tilsvarande kan vi ved endra målsetting/vektlegging raskare kunne snu negativ trend med dagens teknikk. På lang sikt er det avgjerande at avlsarbeidet er berekraftig: Ingen av dei viktige eigenskapane skal forringast, og dessutan skape framgang for dei ulike eigenskapane i høve til deira økonomiske verknad.

Bondens taktikk

Kva val har bøndene framover, og korleis vil den einskilde sine val slå ut i sum? Vi har hatt negativ genetisk utvikling mellom anna for mastitt, delar av «jur», lynne, kalvingsvanskar og beinstilling. Vi ser også at eigenskapar som kroppsdjupne («kuvolum») har blitt endra negativt; også her gir tre av fire eliteoksar tilbakegang og potensielt lågare grovfôropptak. Trendendringane kan ha samanheng med større satsing på einskild­eigenskapar («spissing») for å få fram spesialoksar (til dømes jur, bein eller mjølk). Med haldbarheit er toleevne viktig: Det er ikkje nok med høg sum av enkelteigenskapar, men alle eigenskapane må vere over eit visst nivå (jamfør Liebigs «minimumslov»).

Held vi fram dagens vektlegging og utval av avlsdyr med NRF/Viking Raud vil nettoinntekta frå kjøtt gå ned (lågare klasse, lågare vekter og færre dyr). Vi vil likevel oppretthalde ein stor populasjon som kan gi grunnlag for avl på kvalitative eigenskapar med låg arvegrad (fruktbarheit, mastittresistens). Det siste er særs viktig, sjølv om genomisk seleksjon (GS) tilsynelatande gir godt resultat med sterkt innsnevra avlsgrunnlag. Det vi veit heilt sikkert, er at vi sikkert ikkje veit alt!

Med ­haldbarheit (longevity) er toleevne viktig: «Det er ikkje nok med høg sum av enkelt­eigenskapar, men alle eigenskapane må vere over eit visst nivå»

Innkryssing andre rasar

Innkryssing av reine kjøttferasar gir meir kjøtt, men kan også medføre vanskar for rekruttering i enkeltbesetningar, særleg dersom besetningen er i vekst. Stort sett alle hodyra går i dag med til påsett (44 prosent utskiftingsgrad). Med større haldbarheit og betre resultat for bruk av kjønnsseparert kjøttfesæd kan metoden utvidast, men det gir ingen kjøtteffekt for kupopulasjonen utover eventuelle krysningskyr.

Ein del bønder går over til mjølkesimmental, Brown Swiss og lignande. Det vil oppretthalde kutalet og gi langt meir kjøtt frå både ku og okse. Høg pris på mjølkefeittet og endra tilskot for høgt dyretal kan friste til overgang til Jersey og kraftig nedgang i kjøttproduksjonen. Holsteinkryssing kan gi god tilvekst og større slaktevekter, men jamt over dårlegare klasse. Ved styrt fôring i oppdrett og før kalving kan desse krysningsdyra gi moderat mjølkevdrått på nivå med NRF, men ha høgare grovfôropptak og mindre kraftfôrbehov. Utnyttar ein mjølkepotensialet, så svekkar det kjøttsituasjonen (færre mordyr) på same måte som ved sterkare overgang til Viking Raud.

Gen er det billegaste fôret!

Kva skjer om vi samla avlar for å auke sluttvekta på dyra og klarer å snu den genetiske nedgangen i slaktekvalitet og volum på kua? Ved å auke kjøttvekta med 25 kg pr. ku tilsvarar det 8 -10 000 slakteoksar. Oksekalvane kan også fôrast lengre og bli større før veksten avtek og feittlagringa aukar, som gir tilsvarande auka kjøttmengd. Avl parallelt for auka genetisk tilvekst gir mindre kraftfôrkrav både i oppdrettet av kviger og oksar for same daglege kjøttutbyttet (kostnader pr. båsplass). Ei tyngre ku krev litt meir vedlikehaldsfôr, men kan gi eit par kg tørrstoff høgare grovforopptak som kan substituere tilsvarande kraftfôr. Med ein kvart million kyr er potensiell kraftfôrsparing på 3-400 tonn dagleg, eller 100-150 000 tonn årleg berre på mjølkekyrne. I tillegg kjem effekten på oppdrett og slaktedyr.