Bygg
Å bygge nytt fjøs, del 3

Teknologi og driftsleiing i nytt fjøs

Nytt kufjøs inneber store endringar både for bonden og kua; Overgang frå bås til lausdrift, ofte mjølkerobot, fleire dyr, endra fôringsregime og fôringsmekanisering. Kvardagen vert snudd på hovudet.

Torfinn Nærland

Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling

Tine Rådgjeving

Torfinn.Narland@tine.no

I automatiserte fjøs er det viktig å bruke informasjonen frå mjølkerobot og fôringssystem saman med eigne observasjonar i fjøset.

Foto: Tine Rådgiving

I ei undersøking blant 36 brukarar i Rogaland som hadde minst tre års erfaring frå nytt fjøs, hadde 80 prosent mjølkerobot medan 36 prosent hadde automatisk grovfôrtildeling. Ein av dei intervjua mjølkeprodusentane i undersøkinga sa at den viktigaste endringa med nytt robotfjøs, er at «Det blir eit samspel mellom teknologien, den fysiske aktiviteten og observasjonane mine i fjøset – det er det som er nytt her». Det blir altså viktigare som leiar å bruke tid på å observera dyra og analysere data frå teknikken, då dette gjev deg bakgrunn til ta riktige val i produksjonen.

Frå bås til lausdrift

Ein annan produsent sa fylgjande om overgangen til lausdrift: «Det er å lære seg ny produksjon, det er ein heil ny og annan måte å tenkje på enn i båsfjøset. Rett og slett gå i skule, vera der og forstå det du held på med… Heilt ny måte å tenke på». I lausdrifta må ein sjå til at både det enkelte dyr og flokken fungerer og har det bra. Bonden må bruke meir tid til å observera dyra i lausdrifta, enn når kvar ku stod på sin bås. Slepp alle kyrne til ved fôrbrettet og i roboten? Går dei naturleg rundt i lausdrifta? Bonden må kunne lese og tolke dyra, og sette av tid til det i fjøsarbeidet. «Vi går alltid med penn og papir i fjøset og noterer ned det vi ser, for du klarer ikkje å hugse alle ting lenger», sa eit av dei intervjua para i undersøkinga. Denne informasjonen må brukast i tillegg til det ein får av data frå robot og kraftfôrautomatar.

Lag rutinar og ver i forkant

Når ein tek i bruk ny teknologi og ein heilt ny driftsmåte, må ein spørje seg korleis ein kan få gjort arbeidet mest mogleg effektivt, samtidig som alt fungerer som det skal. Eit godt råd er å spørje erfarne gardbrukarar med liknande teknologi kva rutinar dei har laga seg. Lag så rutinar som fungerer hjå deg sjølv, slik eit par i 40- åra var medvitne om:

«Eg brukte dei fyrste månadene til å finne rutinar og korleis eg skulle drifte eit automatisert fjøs. Eg brukte mykje tid i starten for å lære meg, korleis ein skulle legge opp rutinar slik at ein unngjekk at ting ikkje virka. Fordi automatisering er at ein må vera i forkant av ting som blir øydelagt eller ikkje fungerer. Eg lærte at du måtte lage ein rutine for at det verkeleg kom kraftfôr i automaten, for maskinane bare teller dei. Dersom kraftfôrrøyret går tett, så får ikkje kua kraftfôr sjølv om automaten seier at den har fôra. Min rutine vart at eg skulle høyre at kraftfôret risla ned i kraftfôrrøyret minst ein gong pr. dag».

Styring av buskapen

Dei aller fleste bruka i undersøkinga hadde auka buskapen monaleg. Eit par i 40-åra sa det slik: «No må du ha eit besetningsstyringssystem slik at du klarer å fylgje dyra sidan det er så mange. Du må få oversikt og få system som gjer at du har kontroll på dyreflokken.»

Mange av brukarane opplevde at dei no hadde betre oversikt over buskapen, fordi dei brukar informasjonen frå buskapsstyringssystemet og fordi det er lettare å observera og tolke dyra når dei går lause.

Tøffare utrangering

Lausdrift og mjølkerobot har ført til auka fokus på helsetilstanden og eksteriøret til kua. Klauvskjering har blitt mykje viktigare enn i båsfjøset. Bein og klauver må fungere når kyrne skal gå for å ete, for å bli mjølka og for å legge seg. Kyr med jur som ikkje passar i roboten har ført til ein tøffare utsjaltingspolitikk, slik det vart sagt i eit av intervjua: «Dyr som ikkje passer i robot, dei passer ikkje i robot. Det er nokså kort prosess, dei må bare bytast ut.» Difor blir det viktig å avle på og selektere kyr med eigenskaper som passer til robot og lausdrift. Dette bør ein starte med tidleg før innflytting i nytt fjøs.

Mekanisering av fôringa

Innan grovfôrmekanisering var det fleire ulike løysingar og grader av automatisering. I undersøkinga fôra omlag 42 prosent av bruka med traktor og avlessarvogn/fullforvôgn ein til to gonger pr. dag. Minilastar vart brukt av 14 prosent til å legge inn fôr ein gong pr. dag eller dei fôra for fleire dagar om gongen. Om lag 36 prosent av bruka nytta automatisk fôrvogn/beltesystem for grovfôr med tildeling mange gonger for dagen, eventuelt med grunnrasjon av kraftfôr. Fleire av brukarane hadde prøvd ulike mekaniseringslinjer før dei hadde landa på den noverande, og fleire ville endre framover. Skinnegåande vogner for tildeling av rundballar hadde for enkelte av bruka medført store problem både med drift og vedlikehald. Vi har ikkje fått analysert og samanlikna dei ulike linjene sine kostnader til investering og drift, i høve til fôropptak, yting pr. ku og arbeidstidsbruk. Det bør gjerast i eit oppfylgjande prosjekt.

Kjekkare med lausdrift og ny teknologi

I all hovudsak syntest produsentane at dei hadde fått ein betre, meir interessant og spennande kvardag i det nye fjøset. Teknologien gjev meir informasjon, fører til mindre tungt fysisk arbeid, og gjev større fleksibilitet til å legge opp arbeidsdagen og til å delta i familielivet. Auka produksjon og auka behov for faglege diskusjonar med kollegaer og rådgjevingsapparat fører og til at arbeidsdagen i fjøset vert meir interessant.

Ingen ulemper med teknologi?

Enkelte produsentar hadde valt å bygge utan mjølkerobot fordi dei ikkje var komfortable med datateknologien. Dei som trass i skepsisen hadde installert robot hadde meistra datateknologien ved hjelp av opplæring frå leverandøren, og støtte frå familiemedlemmer og rådgjevingstenesta. Som ein av dei sa; «Det går seg til, eg tek litt og litt, og eg ser at eg lærer nye ting med presis styring». Mange gjev sin Tine-rådgjevar tilgang til å logge seg på via fjernløysing, slik at rådgjevar kan gå inn og hjelpe og diskutere via dataskjerm og telefon. Dei fleste brukarane i prosjektet meinte at dei på langt nær brukte informasjonen som var tilgjengeleg. Her ligg eit unytta potensiale ved at mange bare lærer seg det mest elementære, og får ei mental sperre i å utforske meir. Dette er ei utfordring både for rettleiarar og leverandørar å gripe fatt i.

Å ha mobilen på heile døgeret og heile veka kan vera eit stressmoment for nokon, slik ein sa det: «Du må ha mobilen med deg i senga. Du må ha den med deg overalt, med tanke på roboten. Skulle det skje noko så må du få beskjed med ein gong og handle med ein gong. Det er den største forskjellen, at du må passe på heile tida.» Her kan ein redusere stressnivået ved å heve terskelen for når roboten skal ringe og gje beskjed. Ein kan også stille inn slik at det ikkje blir alarmar om natta. Ved å tilpasse teknologien til sitt eige behov, kan bonden redusere denne stressfaktoren.

Kjenn deg sjølv

Veit du med deg sjølv at du alltid er på etterskot med å få gjort ting til rett tid? Kjem du til å prioritere arbeid utanom fjøset, og la roboten og fôringssystemet gjere arbeidet, utan å sette av tid til å styre fjøsdrifta ut frå informasjonen som teknologien gjev? Då vil du neppe lukkast med eit automatisert fjøs. I så fall bør du velje mindre automatisering som gjer at fjøset og buskapen fungerer, sjølv om ikkje alt blir gjort til rett tid.

Slik lukkast du med automatisering

Dersom ein skal lukkast med høg automatisering og robotfjøs, er erfaringane frå brukarane i prosjektet tydelege. Du må:

  • endre og tilpasse arbeidsmetodane dine til lausdrift

  • sette av tid kvar dag til å kombinere informasjon frå data/robot og observasjonar i fjøset og gjere justeringar i drifta

  • lage gode rutinar for å sjekke at teknologien fungerer, for å vera i forkant og unngå problem i drifta

  • ha ei viss interesse for og vilje til å lære deg teknikk, og vera nysgjerrig på å hente ut styringsinformasjon frå roboten

  • lære deg å leve med tilveret som vaktmester for roboten

Gjennom prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon» har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs. Dei nye fjøsa er tekne i bruk i perioden 2008-2011, slik at dei har tre heile driftsår etterpå i nytt fjøs som grunnlag for undersøkinga.