Helse

Ondarta katarrfeber

Ondarta katarrfeber er ein dødeleg virussjukdom som rammar storfe, men også gris og ville hjortedyr er mottakelege for sjukdommen. Ondarta katarrfeber smittar ikkje mellom storfe, men frå sauer til mottakelege storfe. Sauer er friske smittebærarar.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Storparten av den norske sauepopulasjonen er friske smittebærarar av viruset som forårsakar ondarta katarrfeber hjå storfe. Lam og søyer skil ut mykje virus i lammingsperioden om våren.

I Noreg vert det registrert om lag 100 tilfelle hjå storfe i året i fylgje Kukontrollen, men her er det grunn til å tru at det er betydeleg underrapportering. Når denne diagnosen vert stilt, vert dyret avliva, då vert det ikkje nytta medisin, og dyrlegen treng følgeleg ikkje rapportera sjukdommen inn til Dyrehelseportalen og Kukontrollen.

Mange storfebønder har opplevd å mista dyr på grunn av ondarta katarrfeber. Dei fleste er sporadiske tilfelle, og vanlegvis gjeld det berre enkeltdyr i besetninga. Likevel er det nokre bønder som har hatt så mange tilfelle av sjukdommen at dei har sett seg nøydde til å kutta ut saue – eller storfehaldet på grunn av store tap av storfe.

Sauen er frisk smittebærar av virus

Årsaka til ondarta katarrfeber er eit herpesvirus som smittar frå sau til mottakelege dyr som storfe og gris. Sauene er friske smittebærarar. I fylgje ei undersøking utført av Torleiv Løken, tidlegare professor ved Veterinærhøgskulen, er storparten av sauene i Noreg smittebærarar av dette viruset. Mange geiter i Noreg er også friske smittebærarar av viruset, men det er ikkje kjent i kva grad geiter kan overføra smitte til storfe. Det er framleis mykje ein ikkje veit om smittevegar ved denne sjukdommen. Det er vist at unge lam og søyer i tida rundt lamming skil ut mest virus. Fosterhinner og fostervatn inneheld særleg mykje smittestoff, i tillegg til kroppsvæsker frå dei unge lamma. Det er av den grunn viktig å tenkja på korleis ein handterer dette i lammingsperioden dersom ein har begge dyreartar på garden. Vanlegvis så opptrer denne sjukdommen på gardar der ein har begge dyreartar, men det kan også vera tilstrekkeleg at naboen har sauer eller at det er fellesbeiter med sau og storfe for at enkelte storfe får sjukdommen.

Blakka hornhinne er eit sikkert teikn på ondarta katarrfeber

«Katarr» tyder betennelse i slimhinne, og ondarta betennelse i slimhinnene i mellom anna fordøyelsessystemet karakteriserer sjukdommen. Dyra får ofte sår i munnen og bakover i formager og tarm, og dette viser seg ved at dei kan stå og sleva eller få diare. Det er også vanleg med høg feber, gjerne opp til 41 grader celsius. Dyra vert sløve og mister matlysta. Ei litt meir uvanleg form er betennelse i huda med håravfall, ømheit og knutar eller sår i huda. Lymfeknutane hovnar også ofte opp, og nokre dyr kan ha symptom frå luftvegane . Dersom ein i tillegg til eitt eller fleire av desse symptoma ser at dyret har blakka hornhinne på begge auger, er ein rimeleg sikker på at diagnosen er ondarta katarrfeber.

Rammar ungdyr

Inkubasjonstida som er tida frå dyret vert smitta til sjukdommen bryt ut, er vanlegvis tre til tolv veker, men den kan også vera heilt opp til ni månader. Det er vanlegvis dyr mellom seks månader til tre år som vert sjuke, men Torleiv Løken kan vidare fortelja at han har diagnostisert sjukdommen på tre veker gamle kalvar. Hos dei sistnemnde kan sjukdommen ha hatt uvanleg kort inkubasjonstid eller at dei vart smitta frå mora under drektigheita før fødsel. Noko overraskande viste forskinga til Løken at ein stor del av storfeet på norske gardar med ondarta katarrfeber var smitta med dette viruset utan at dyra viste sjukdom.

Slett prognose

Prognosen for dyr med ondarta katarrfeber er dårleg, og det er som regel dødeleg utgang trass i forsøk på behandling. Ein kan komma bort i milde tilfelle av sjukdommen der dyra ser ut til å komma seg, men desse får ofte tilbakefall etter kort tid og stryk då med.

Inga behandling

Det finst inga behandling for ondarta katarrfeber. Av dyrevernsmessige grunnar og på grunn av dårleg prognose, er avliving ofte det einaste rette når ein kjem bort i slike tilfelle.

Førebygging

Det er ikkje råd å sikra seg heilt mot å få denne sjukdommen. Det førekjem av og til smitteoverføring og sjukdom hos storfe sjølv om sau og storfe står i ulike bygningar på garden, men smitterisikoen er truleg mindre om ein har sauene og storfeet i ulike rom og helst i ulike bygningar. Meir merkeleg er det sett ondarta katarrfeber til og med på dyr i besetningar som aldri har hatt nokon form for kontakt med sau. Kvar smitten då har kome frå er ukjent. Vidare bør fôrrestar ikkje takast i frå sauer til storfe, og det er viktig å ha i tankane at lam og søyer skil ut mykje virus spesielt i lammingsperiode om våren. Ein bør unngå å gå direkte frå fødselshjelp hjå søye til fôring og stell av storfe utan å ta førehandsreglar.

Sjeldan sjukdom

Ondarta katarrfeber er ein alvorleg, smertefull og tapsbringande sjukdom som nesten alltid endar med avliving eller at storfeet dør. Likevel er dette ein sjeldan diagnose, og frykt for denne sjukdommen bør ikkje hindra at fleire som har sauer startar opp med storfe no som det er mangel på storfekjøt.

Forelesing og notatar frå Torleiv Løken ved tidlegare Norges veterinærhøgskole.