Reportasje

Frisk satsing på Limousin under Jostedalsbreen

Sjur Skjæret paktar garden av foreldra og satsar på den franske rasen Limousin i ny, funksjonell fjøs. Her er gode, gjennomtenkte løysingar, og det vert brukt mykje tid i fjøsen, noko som viser att med at dyra er rolige, tillitsfulle og lette å handtera.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Skjæret gard i Luster kommune i Vestland

  • Sjur Skjæret, god hjelp av far Svein Olav Skjæret

  • Buskap: 51 dyr totalt, 25 mordyr som skal kalva

  • Storleik på garden: Disponerer om lag 180 mål slåttemark, eig om lag 100 mål sjølv

Aktuell fordi han har god innsikt og klare målsetjingar

 

Dyra gjer ein god jobb som landskapspleiarar. Her er dei i Krundalen i Luster kommune, og me ser Bergsetbreen som er ein del av Jostedalsbreen i bakgrunnen. Foto: Sjur Skjæret

Hausten 2018 flytta buskapen inn i ny fjøs med 36 liggjebåsar og 4 kalvingsbingar. Denne nye avdelinga er tilbygg til eksisterande båsfjøs frå 1982 der foreldra dreiv med mjølkeproduksjon fram til 2010. Nyeavdelinga har liggjebåsar med ­kalvegøyme langs ytterveggane og fôrbrett med fanghekk i midten. Her er gode mogelegheiter til gruppering av dyr. Det er lagt til rette for god dyreflyt og velferdstiltak som roterande kløkost på plass i begge stor­bingane på kvar side av fôrbrettet. Gamleavdelinga med båsar og bingar er planlagt ombygt neste år, og avdelinga vert no brukt til oppstalling av slaktedyr, kviger og avlsokse.

Vårkalving

Sjur brukar mykje tid i fjøsen, og dette viser att med at dyra er rolege, tillitsfulle og lette å handtera.

Hovudtyngda av dyra kalvar i februar og mars.

— Ku og kalv får gå saman i kalvingsbingen så lenge dei har behov for det, så eg ser det litt an før eg slepper dei ut att i storbingen. Kalven må suga mjølk utan problem og begge må vera kvikke og raske, seier den unge bonden.

I kalvingstida er det også viktig å skilja sinkyr frå nykalva kyr med kalvar, slik at ikkje kalvar tømmer jura på dyra som ikkje har kalva endå. Her er det lagt godt til rette for å unngå slike problem med at det er enkelt å laga ulike «grupper» av dyr etter behov.

— Når det er kalving passar eg godt på at kalven får suga raskt, for det er viktig med ein god start, seier Sjur.

Han brukar også rikeleg med halm i kalvingsbingen under og rett etter kalving slik at kalven får det så reint og tørt som råd i ­starten. Kyrne er godt handterte slik at dei aller fleste tillet at han får ta på juret, og med fanghekk i fronten, kan han jobba trygt med kalven utan å vera engsteleg for å bli angripen av kua viss morsinstinktet slår inn for fullt.

Kalvegøyme

Langs ytterveggane er det kalvegøyme i begge storbingane, og dette er eit område som berre kalvane har tilgang til. Her er det tørr, god liggjeplass med rikeleg halm og strø, og kalvane får fri tilgang til kraftfôr og grovfôr.

- Kalvane finn fort ut at her er det fint å vera, og dei brukar kalvegøymene flittig, smiler den ivrige bonden.

Viktig med godt avlsarbeid

Kløkostane er veldig populære. I bakkant ser me liggjebåsrekkja som går langs heile langsida. Heilt ut mot veggen er det lagt til rette for kalvegøyme.

Når kalvinga er unnagjort, står insemineringa for tur, og Sjur legg stor vekt på eit godt avlsarbeid.

— No er det viktig for meg å få bygt opp ein god besetning, og eg legg stor vekt på eigenskapar som lette kalvingar, låge fødselsvekter og gode morseigenskapar, smiler Sjur.

Han inseminerer alle som viser brunst når dyra er inne, og på kvigene brukar han eliteoksar som har gode indeksar på låge fødselsvekter og lette kalvingar.

— Eg har brent meg på at eg har kjøpt avlsokse som skulle gi låge fødselsvekter på kalvane, men det viste seg tvert imot at den gav høge fødselsvekter, og det er mareritt viss kalven vert for stor, og me ikkje får han ut, seier Sjur.

I fjor måtte han ta keisarsnitt på ei kvige på grunn av for stor kalv. Insemineringa har gått veldig bra etter at dyra kom over i lausdrift, og siste åra har om lag 80 prosent av dyra vorte drektige etter inseminering.

— Kjøtfe har kortare brunst enn NRF, og eg har lukkast godt med å inseminera med ein gong dyra står for riding, fortel Sjur.

I fyrste omgang er målet å komma opp i 30 mordyr og samstundes få mogelegheit til å sjalta ut dyr han ikkje ynskjer å ha med vidare.

Målsetjing å bli «aktiv godkjend avlsbesetning»

Sjur er på god veg til å bli «aktiv godkjend avlsbesetning», og for at han skal bli godkjent, lyt han ha ein viss del stambokførte dyr, oppfylle visse krav til inseminering og utføra veging av kalvar ved fødsel, ved 200 dagar (avvenjing), ved eitt år og hodyr ved 550 dagar. Sjur brukar målband til desse registreringane, og når han legg resultata inn i Animalia, får han god oversikt over fødsels­vekter og tilvekst etter dei ulike dyra.

Inngjerda innmarksbeite

Om sommaren er fjøsen tom og dyra er ute på beite. Sjur brukar inngjerda innmarksbeite, for han tek ikkje sjansen på å sleppa dyra laus i utmarka der det kan komma folk med til dømes hundar. Limousinane kan gå til angrep på hund, og dette vil han ikkje risikera. I starten av beitesesongen er beitene gode nok, men på slutten lyt han tilleggsfôra.

— Ammekyrne er gode beitedyr, dei gjer ein god jobb med å holda vegetasjonen nede, og dei er veldig glad i lauv, særleg selje fell godt i smak, og på desse trea et dei både lauv og bork,smiler Sjur.

Valde Limousin

Limousin er ein fransk, middels tung intensiv kjøtferase som er kjend for å gi god slakteklasse, høg slakteprosent og saftig, mørt kjøt når det vert behandla rett. Dyra er flokkdyr, og dei krev mykje hand­tering for å bli tillitsfulle og greie å ha med å gjera. Her har Sjur gjort ein framifrå innsats, og dette har svært mykje å seia når dyra må handterast som til dømes ved ­dyrlegebesøk eller inseminering.