Tema: Gras

Prognose for tørkefart ved totrinnshausting

Grovfôrmodellen til NIBIO (https://nibio.no/tjenester/grovformodellen) vil kommande vekstsesong spå om avlings- og kvalitetsutvikling i eng ut frå vêrdata og vêrmeldingar frå rundt 80 klimastasjonar rundt i landet.

Anne Kjersti Bakken

Forskar i NIBIO

Figur 1. Tørrstoffinnhald i prøvene i Tine sin database for åra 2007-2020

Figur 2. Utvikling i tørrstoffinnhald 48 timar etter slått med avlingar på høvesvis 610, 660 og 720 kg tørrstoff per daa den 8., 10. og 12 . juni i 2019.

Forventningar om tørkeforholda straks etter slått er også viktig når ein skal bestemme seg for haustetidspunkt. Tal frå Tine sin database for surfôranalysar kan tyde på at tørrstoffinnhaldet har auka dei siste 10-15 åra (Figur 1). Meir breispreiing og vending av strengen kan vere forklaringa på dette. I tillegg kan det sjølvsagt vere slik at stadig fleire har hatt mål om å produsere tørrare surfôr.

Vêrforholda jokeren for tørkefart

Uavhengig av hausteline, vil vêrforholda under og etter slått vere jokeren for tørkefart og sluttresultat. Ein eigen modul i Grovfôr­modellen brukar vêrmeldingar til å gi prognosar for tørrstoffinnhaldet i graset time for time i to døgn etter foreslått slåttetidspunkt.

Brukar legg da inn opplysningar om slåttebreidde, stengelbehandling og strengbreidde. Ein kan enten sjølv legge inn anslag for avling og tørrstoffinnhald ved slått eller bruke dei estimata som Grovfôrmodellen kjem med.

Vêrfaktorane som bestemmer tørkefarten er temperatur, globalstråling, relativ luftfuktigheit, vindstyrke og nedbør.

Grovfôrmodellen er meint å kunne gi grunnlag for å svare på om høg energikonsentrasjon ved slått tidleg skal prioriterast høgare enn utsikt til rask og god fortørking ved å vente nokre dagar Foto: Astrid Johansen, Norsk Landbruksrådgiving

Eksempel på bruk

I Figur 2 ser ein modellestimert tørkeforløp for slåttar tatt kl. 14.00 den 8., 10. og 12. juni i 2019 i Stjørdal. Slåttebreidda var 3 meter, stengelbehandlinga forsiktig og strengen smal.

I denne perioden spådde Grovfôrmodellen eit fall i energikonsentrasjonen frå 0,91 til 0,88 FEm/kg tørrstoff, og brukar kunne tenkast å lure på om høg energikonsentrasjon ved muleg slått 8. juni skulle prioriterast høgare enn utsikt til rask og god fortørking.

Ut på ettermiddagen 9. juni var det meldt utrygt for regn, og kor tørt ville graset i strengen vere om han satsa på pressing før regnet kom, gitt at vêrmeldinga stemte? Dette er eksempel på spørsmål som Grovfôrmodellen er meint å kunne gi grunnlag for å svare på.

Behov for oppgradering

Til slutt skal det nemnast at tørkefartsmodellen er bygd og testa med data frå hausteliner som var vanleg for ti år sidan, og det er heilt sikkert eit potensial for forbetring og oppgradering ut frå kva utstyr og teknikk som er vanleg å bruke i dag.