Avl

Korleis er ­eksteriøret på NRF-kua?

I artikkelen i forrige nummer gjekk eg gjennom system for eksteriørvurdering på NRF. Eg vil i denne artikkelen prøva å gje ei vurdering av korleis eksteriøret er på NRF. Først eit kort tilbakeblikk på avlsarbeidet, så litt om kvifor eksteriør er viktig før ein gjennomgang av detaljar.

Tekst og foto
Lars Byberg Timpelen

Avlsrådgjevar i Tine

lars.byberg@tine.no

Gode beinvinklar, grunt jur, godt framjurfeste. Dotter etter 11851 Ranheim, kåra til VG 87.

Går me tilbake til avlsarbeidet på stadeigna rasar med dyrskuer med meire, var fokus på eksteriør svært viktig for avlsarbeidet. Overgang til gransking og NRF førte til nye og betre metodar for avlsframgang. Kanskje vart for mykje av den gamle kunnskapen om verdien av eksteriør kasta ut i lag med at ein forkasta gamle avlsmetodar? Ser ein historisk på avlsarbeidet på NRF har eksteriør vore lite vektlagt. Det har vore mjølk, kjøt og etterkvart helse og fruktbarhet som har vore i fokus. Noko av årsaka til dette er nok at eksteriør er er ein indirekte eigenskap som det er vanskeleg å måla direkte økonomisk effekt av. Derfor vert eksteriør lite målbart og lite interessant for avlsforskaren medan for bonden er eksteriøret det første ein ser og erfarar med kua. I dag er det nok ei generell erkjenning av at eksteriør er NRF sin akilleshæl og viktig å forbetra, og difor sterkare vekt i avlsmålet i dag.

Kvifor er eksteriør viktig?

Svært krokhasa og understilte bein. Elles eit grunt jur med svært godt framjurfeste.

Eg vil påstå at eksteriør og brukseigenskapar er det viktigaste i avlsarbeidet på buskap- og individnivå. Ein av grunnane til dette er at eksteriør ikkje kan forbetrast etterpå. Både produksjon, lynne, helsa, fruktbarhet, klauv kan i større eller mindre grad påverkast gjennom miljø, det vil seie fôring, oppstalling, håndtering, fjosmiljø og rutinar. Eksteriør kan aldri forbetrast, berre øydeleggjast.

Eksteriøret har også stor betydning på arbeidsmengde med kyrne. Alle kjenner til kor mykje ekstratid som går med til ei ku som treng hjelp i robot, eller at organet må haldast manuellt på grunn av for små spenar, vide spenar eller side jur.

Det tredje er dyrevelferd. Eksteriør er viktig for at kua sjølv skal ha eit godt liv. Godt fungerande bein som gjer at kua bevegar seg lett, kryss og overlinje som tåler ­kalving, jur som ikkje er så side at dei «snublar» i juret når dei går er er døme på dette.

Eksteriøret på dyra seier også mykje om dyretype, som eg skreiv om i første artikkel. Det er difor viktig for å tilpassa dyra til fôring og driftsopplegg. Eksteriøret er viktigare dess lenger kyrne skal leva. Fokus på haldbare kyr aukar fokuset på eksteriør.

Vanlegaste jurslepp; sleppt midtband gjev vidare spenestilling og betydeleg djupare jur.

Korleis er nivået på ­eksteriøret på NRF-kyr?

Det kan vera vanskeleg å gje ei nøytral oppsummering av eksteriøret på kyr. Kva kriterie skal me vurderera dette etter? Me kan ta omsyn til historie, funksjonalitet, dyrevelferd, men også samanlikna litt med andre rasar. Holstein er «internasjonal standard» for mjølkekyr, og har ei så dominerande rolle at utvikling av mjølkesystem, spenagummi og liknande i stor grad vert tilpassa Holstein. Det er difor nyttig at særleg spenar og speneplassering ikkje avvik for mykje frå Holstein. Med alle desse kriteria i mente kan me prøva å gje ei oppsummering av nivå på eksteriør på NRF-kua.

Kropp

Det som først og fremst pregar kroppen på NRF er relativ stor variasjon. Samanlikna med for eksempel Jersey eller Holstein vil ein NRF-buskap framstå som mindre homogen. Genetisk variasjon er ynskjeleg, men ikkje fenotypisk variasjon. Dette vart nokså detaljert omtalt i første artikkelen om dyretype. Utover dette er nivået på alle enkelteigenskapar på kropp på NRF på eit greitt nivå.

Kryss er ein viktig del av eksteriøret på kropp, på grunn av kalvingsvanskar. Her har avl direkte på ­kalvingsvanskar i stor grad erstatta avl på kryss, og NRF har gjennomgåande gode kryss og lite kalv­ingsvanskar. Etter mitt syn burde lenda vore meir i fokus enn kryss. Lenda tilsvarar korsryggen vår, og det er her kua er «ledda» når ho går. Svak eller stiv lend fører til dårleg ganglag og redusert evne til å ta seg fram i ulendt terreng.

Bein

Saman med Jersey er NRF relativt krokhasa og mjuk i kodane. Kor mykje dette har å seia for funksjon og livslengde kan nok diskuterast, men alle kyr vert litt slakkare i ledda med alderen. Det er ynskjeleg at unge dyr ikkje er for mjuke/krokhasa. Krokete hasar kan vera gode bein, men det set større krav til beinstilling og kodeledd. Ellers har NRF gjennomgåande greie bein, og positiv utvikling.

Jur

Her har framjurfestet sleppt, kua hadde eit balansert jur i to laktasjonar, men har etter jurslepp fått eit framtungt jur.

Det har opp gjennom tida vore ein del kritikk av juret på NRF. Sjølv om ein ser ein betydeleg framgang i seinare tid er det ennå grunn til å retta særleg fokus på jureksteriøret på NRF. Endra driftsformer med meir lausdrift, robot og høgare produksjon set også større krav til juret. Eg vil dela dette litt opp, først jureksteriør slik det framstår på ei ung 1.kalvsku, deretter endring av jur­eksteriør over tid og så spenar for seg til slutt.

Nivået på enkelteigenskapane på ei 1. kalvsku av NRF har som sagt hatt betydeleg framgang i seinare tid. Der me ofte tidlegare såg store, side jur på kviger er dette sjeldan i dag. Det er også sjeldnare enn før at me må langt inn mellom bakbeina for å finna bakjuret. Likevel er nok bakjurfeste NRF sin svakaste eigenskap. Samanlikna med andre rasar er det bokstaveleg talt langt opp til same nivå på bakjurfeste, medan på jurbalanse er NRF «best i ­klassen», med gjennomsnittsnivå nokså nøyaktig på optimum. Både på framjurfeste, jurdjupne og midtband er det ennå stort rom for forbetring. Midtband heng sterkt saman med speneplassering, så her må ein sjå dette i smanheng.

Jurslepp

Tett speneplassering, men speneretning er hovudproblemet, plasseringa kunne vore kurant dersom spenane stod loddrett.

Dei fleste 1.kalvskyr har eit jur­eksteriør som fungerar greit. Problema oppstår oftast i seinare ­laktasjonar. Dette er todelt; naturleg utvikling og jurslepp. Den naturlege endringa frå ein laktasjon til neste vil alltid føra til at juret veks, og belastninga på jurfesta aukar. Størrelsen i seg sjølv kan verta eit problem, at juret vert for sidt, men det største og van­legaste problemet eg kan sjå er når belastninga på jurfesta vert for stor og festet ryk. Dette er kanskje den største utfordringa i eksteriøret på NRF-kua ennå. Det er oftast midtband, men også andre jur­fester som kan sleppa. Når det er dyr som er problematiske i robot på grunn av framtunge jur er årsaka ofte at framjurfestet har sleppt. Eg opplever jurslepp som eit stort dyreetisk og produksjonmessig problem, og ved akutte tilfelle kan kua få store, livstruande indre blødningar og må nødslaktast. Andre gonger ser eg at det har skjedd utan at ­bonden har oppdaga det, for eksempel i forbindelse med ­kalving. Jurslepp er utfordrande i avlsarbeidet fordi det ikkje vert registrert spesifikt og dermed ikkje avla på direkte. Det kan også skje på individ som i utgangspunktet hadde tilsynelatande best jurfeste. Eg kan ikkje sjå at det er særleg samanheng i indeks for til dømes midtband og frekvens av midtband som ryk. Ser for eksempel at 10795 Hoøen og 10540 Eik var overrepresentert blant kyr med sleppt midtband, sjølv med god indeks i utgangspunket.

Spenar

Her er ei ku med dårleg speneplassering, men god speneretning. Framspeneplassering er 2-3 (vid) på NC-skalaen, der optimum er 7-8. Bak er speneplassering 7-8 (tett), der optimum er 5. Likevel fungerer kua godt å mjølka så lenge spenane er loddrette. Burde me også starta registrering av speneretning i tillegg til plassering?

Spenar er arbeidsredskapen til kua og difor alltid viktig. Både størrelse, plassering, retning og form er viktig på spenane. NRF har i gjennomsnitt mindre spenar enn andre rasar. Dette kan ein delvis kompensera for ved valg av spenegummi, men det er enklast å fylgja «internasjonal standard» på spenestørrelse. Derfor avlar også Geno mot større spenar.

Speneplasseringa på NRF har ­historisk vore betydeleg vidare enn andre rasar, dette har vore problematisk framme, og delvis ein fordel bak. Sjølv om det har vore relativ sterk vekt på tettare speneplassering framme, er det ennå vidare spenestilling enn for eksempel både Viking Raud og Holstein. Paradoksalt nok er det ein del som opplever problem med tette bakspenar i robot til tross for at NRF har vidare plassering enn alle samanliknbare rasar. Eg opplever at dette ofte skuldast speneretning, ikkje plassering. Det er i seg sjølv sjeldan eit problem med tette bakspenar, men problemet kjem når spenane peikar mot kvarandre. Framme er det også ein del problem med framoverretta spenar.

Både speneform og overgang spene-jur er det litt ymse å sjå. Det burde vera standard med fire loddrette, sylindriske spenar festa rett på juret, men det er tydelegvis vanskeleg å koma dit. Kanskje kan moderne teknologi som 3d-skanning av juret og robot­koordinatar hjelpa oss raskare dit?

Nyttig å kjenna til nivå på ulike eigenskapar

Generellt er det nyttig å kjenna til nivå på ulike eigenskapar for å ­vurdera indeksane på desse ulike eigen­skapar. Som nemnt er det stor forskjell på «nivået» på bakjur­fester og jurbalanse, og dette bør me kjenna til når me skal vurdera indeksane på desse eigenskap­ane. Dette fører oss vidare til fjerde og siste artikkel i denne serien. For å tilpassa og forbetra eksteriør eller andre eigenskapar må ein fokusera på kva oksar ein nyttar og eventuelt kva hodyr ein avlar på. Då vert det viktig å kunna ­vurdera indeksar og sjå samanhengar mellom eigenskapane. Dette vert tema i neste artikkel.