Tema: gras

Frå fôrunderskot til fôroverskot trass produksjonsauke

Jørgen Helset på Hellesylt i Stranda har med rådgjevingsavtale auka fôrproduksjonen kraftig.

Tekst og foto
Bjørn Steinar Skarbø

Rådgivar i Landbruk Nordvest

Stemningsfullt bilde av slått i ein nattetime. Foto: Jørgen Helset.

Jørgen Helset (i midten) har hatt rådgjevingsavtale med Landbruk Nordvest sidan 2017. Faren Fredrik dreiv garden fram til 2015, og har vore medlem sidan den lokale forsøksringen vart etablert i 1980. Jon Geirmund Lied synes det er ekstra stas å rådgje under slike avtalar då det gjev både erfaring og utfordringar. Her er dei fotografert framfor Helsetkopen der Tom Cruise hoppa utfor på motorsykkel sist haust. Foto: Bjørn Steinar Skarbø.

— At vi har gått frå ein situasjon med knapt om fôr til ein mjølkeproduksjon på 380 tonn der vi var nøydd å selje 21 spedkalvar; til vi no har nok fôr til ein mjølkeproduksjon på 470 tonn og må selje færre kalvar, tek Jørgen Helset som eit bevis på at ein rådgjevingsavtale med Landbruk Nordvest har betalt seg.

Å bli utfordra er berre positivt

- Det er betryggande å ha ein å vende seg til som sit med den kunnskapen du har bruk for, seier Jørgen Helset.

- Det er lett å bli gåande i same tralten og ikkje opne seg for endringar og forbetringar.

- Det å ha ein dialog og bli utfordra, er berre positivt, seier han.

I den tida rådgjevingsavtalen med Landbruk Nordvest har eksistert har status på garden endra seg frå fôrunderskot og berre delvis utnytting av fjøsen til nok fôr og full utnytting av fjøsen.

Kjent på garden

Jørgen overtok garden etter faren Fredrik i 2012. Då bygde dei også ny fjøs for mjølkeku med robot og kvote på 380 000 liter. Grovfôret hausta dei på i alt seks gardar og til saman 380 dekar. Før dei inngjekk rådgjevingsavtale, hadde dei likevel for lite fôr og måtte kjøpe inn det dei mangla. Rådgivar Jon Geirmund Lied i NLR Nordvest fortel at han også hadde vore rådgjevar for faren Fredrik som hadde vore medlem sidan Indre Sunnmøre forsøksring vart skipa i 1980.

4. august 2017 var det klart for det fyrste av fleire «verandamøte» på Helset.

Rådgjevingsavtalar er både utfordrande og lærerike, seier Jon Geirmund Lied som har fleire slike han arbeider med.

Fjøsen hadde kapasitet til meir

- Eg var ikkje sikker på at eg skulle bli bonde, seier Jørgen. Derfor valde han å avslutte landbruksutdanninga etter grunnkurs som 16-åring. I staden vart det allmennfag og anna yrke fram til han overtok.

- Eg noterte meg at fjøsen deira hadde kapasitet til å omsette vesentleg meir fôr enn dei produserte, minnes Jon Geirmund frå det fyrste møtet, og ein slagplan vart lagt. Fyrst og fremst fornyinga av enga. Den eldste hadde ikkje vore snudd på 25 år.

Det vart lagt ein plan for fornying av ca. 50 dekar per år, og i 2025 skal dei vere komne rundt.

Jørgen har sett opp anleggsgjerde for å halde hjorten unna rundballelageret.

Ny plog

Eitt tiltak som vart tilrådd i ­samband med dette var kjøp av ny plog. I staden for ein to-skjers teigplog kom det no ein treskjærs ­vende­plog, rett nok brukt, men den fungerer godt og Jørgen karakteriserer den som ein ­velsignelse.

- Far var i utgangspunktet skeptisk til vendeplog, men no likar han den «øgje gøtt» og storkosar seg på traktoren med plogen bakpå.

Det er lagt opp eit løp med fornying av 75 dekar eng årleg, og i 2025 skal dei etter planen vere komne rundt. Foto: Jørgen Helset.

Kunne utnytte dei korte periodane

- Mykje av onnearbeidet på Vestlandet handlar om å nytte dei ofte korte periodane det er råd å kome seg utpå markane med jordarbeiding, gjødselkøyring og slått. Derfor er det viktig med effektivt utstyr som utnyttar desse vindauga, seier Jon Geirmund. I tråd med dette er det kjøpt inn både ny såmaskin, trommel, møkkavogn og slangespreiingsutstyr for gjødsel. Det meste er i maskinsamarbeid med andre bønder.

- Det er nesten berre traktorane vi ikkje eig i lag, seier Jørgen.

Tre-skjers vendeplog kjem godt med når 75 dekar skal fornyast kvart år. - Det er langt betre enn to-skjers einvegsplog, seier far Fredrik som vedgår han nok var skeptisk før dette innkjøpet.

Sjølvforsynt

Og framgangen i både avling og kvalitet har ikkje late vente på seg. Frå å måtte kjøpe fôr i 2017, reknar dei seg no som sjølvforsynt på eit vesentleg høgre nivå med produksjonen. Tilkjøp av kvote og kvotetillegg i år gjer at dei no kan utnytte kapasiteten i fjøsen fullt ut og framleis ha nok fôr. Kanskje med unntak av litt sinkufôr.

- Såkalla slankekost, seier Jørgen.

Kva så med vidare utvikling?

- Målet er å bli sjølvforsynt på eit enno høgare nivå. Det ideelle er å ha nok fôr og samstundes kunne legge seg opp litt ekstra som ein har utover hausten før ein byrjar på årets avling.

Ein ekstra buffer skadar heller ikkje; slik at ein til dømes kan hjelpe til litt dersom yrkesbrør i andre deler av landet opplever avlingssvikt.

- Det kan vere kvar sin gong, seier han og viser til tørkesommaren 2018.

Rådgjevingsavtale

Ein rådgjevingsavtale omfattar fleire element gjennom året

  • Det startar med eit planleggingsmøte om vinteren. Der diskuterer vi mål og kva som skal gjerast i den komande sesongen, fortel Jon Geirmund Lied.

  • Det neste er ei markvandring når snøen har gått for å sjå etter overvintringsskadar, hjorteskadar samt få ei generell oversikt for å legge rammer for våronna.

  • Neste treffpunkt er når vekstsesongen er godt i gong. Då diskuterer ein veksten, vurdere slåttetidspunkt og velje ut areal for fornying til hausten. Om vår og forsommar har vore av det utfordrande slaget, er dette også tidspunktet for å vurdere andre tiltak.

  • Etter fyrsteslåtten vurderer ein justering av gjødslinga, gjerne kombinert med ein runde over areala.

  • Så vert det ein runde etter andreslåtten der ein vurderer avling og kva som skal fornyast.

  • Siste møte er etter sesongen når fôrprøvane er analysert. Her oppsummerer ein vekstsesongen og skisserer tiltak for neste sesong.

  • I tillegg kjem telefonisk kontakt mellom møta om slikt som dukkar opp.

  • Plantevern er tema gjennom heile sesongen.

  • Opplegget opnar ikkje minst for vurderingar undervegs, for er det noko ein kan vere temmeleg sikker på, er det at vekstsesongen ikkje utviklar seg slik ein håper og trur, seier Jon Geirmund Lied. I fjor, til dømes, då 50 dekar av jorda til Jørgen vart overfløymd av eit vatn under ekstra stor snøsmelting. Eit tiltak som då kunne settast inn, var isåing av eit ekstra felt raigras for å kompensere avlingstapet.

I framtida

- Eg trur ikkje vi aukar mjølkeproduksjonen ytterlegare, seier Jørgen. - Det har vore tenkt på å auke på med oppfôring av oksar, men det krev i ombygging av den gamle driftsbygninga. Det kan ikkje minst bli aktuelt om forholdstalet for mjølkeproduksjon går ned.

- Veksten i avling kan bli slik at ein kanskje ikkje klarar å omsette den. Då kan det bli meir aktuelt å prioritere kraftfôrreduksjon, seier Jon Geirmund. Både bygg som dekkvekst og vurdering av andre frøblandingar er aktuelt.

Islandsfôr

Innkjøp av grovfôr ønskjer dei i alle fall å unngå. Erfaringa etter tørkesommaren 2018 freistar ikkje til det. Han var mellom dei som kjøpte rundballar frå Island, og summe av dei gjekk rett på dynga.

- Eg har nok mistanke om at det nok var dei som hadde hausta hestebeita sine borte på Island, seier han.

GPS

Eit stabilt snødekke over noko tid avslører kor mykje hjorten trakkar og grev på enga hos Jørgen Helset. Gjerdet er sett opp i samband med «Hjorteskadeprosjektet» til Landbruk Nordvest.

- Jørgen har også kjøpt inn enkelt GPS-utstyr til traktoren, seier Jon Geirmund. Viktigaste effekten av dette utstyret er at det forenklar og forbetrar spreiinga av handelsgjødsel og bruken av åkersprøyta. Arbeidet blir meir nøyaktig og ein treng ikkje sette opp siktepinnar som ville vore alternativet.

Jon Geirmund legg også til at han synes Jørgen er spesielt flink til å dokumentere det som skjer gjennom bruk av registreringsprogram, og det gjer rådgjevingsarbeidet vesentleg greiare.

Hjorteplage og overfløyming

Ikkje alt er idyll på Helset heller. Ei plage er hjorten. Den dagen vi er på besøk, har det vore eit par veker med kaldt og stabilt snødekke, og då såg ein verkeleg kor mykje hjorten har trampa rundt på enga og grave etter grastustar under snøen.

- Han må ha god luktesans, også, for han klarar å finne fram til det beste graset, trass snødekke, seier Jørgen. - Så har vi bortimot 50 dekar som står i fare for å bli overfløymt når elva og eit vatn på garden veks opp veks opp. Dette var til dømes tilfelle i fjor med ekstra mykje snø i fjella og varmt i juni.

Verd pengane

- Du betalar ein heil del for ein slik avtale, seier Jon Geirmund. Føler du at det du får att, er verd ­pengane?

- Sjølv om eg ikkje har rekna på det i kroner og øre; trur eg så absolutt eg har noko att for det, seier han. Og eg føler så absolutt at eg lærer og har lært noko.

- Og det er gjensidig, seier Jon Geirmund.

- Er det noko som kunne vore betre og annleis?

- Neeei – ikkje så lenge eg har fått den hjelpa eg treng.

Stjernehopp

Jørgen driv gard på Hellesylt i Stranda kommune på Sunnmøre. ­Garden hans kom i hendinganes sentrum sist haust då verdsstjerna Tom Cruise på motorsykkel og - vel å merke - med fallskjerm på ­ryggen, køyrde utfor det meir enn 1 246 meter høge fjellet Helset­kopen som er «bakvegg» på garden. Ikkje mindre enn sju gonger køyrde han utfor spretthoppet (!) som til overmål var bygt oppe på kanten.

Og landa kvar gong like trygt i beitet på garden der det var rigga til for landing.

Fôrdyrkingsplan – et tilbud om oppfølging fra NLR

Ragnhild Borchsenius fotografert under eit besøk på garden Ansok som òg ligg i Stranda kommune. Foto: Jon Geirmund Lied.

- Bærebjelken i all produksjonen på storfe og småfe er grovfôret, sier fagkoordinator for grovfôr i NLR, Ragnhild Borchsenius. Tilbud om rådgivingsavtaler ønsker NLR å kunne tilby i alle sine regioner.

Et viktig fokus foran årets vekstsesong og i årene som kommer, er å øke andelen norskprodusert fôr i melk- og kjøttproduksjonen. Nok grovfôr av god kvalitet vil være viktig både for økonomien i drifta og å øke andelen av norsk gjennom å kunne redusere kraftfôrforbruket. Som en tilleggseffekt er dette også gode klimatiltak, legger hun til.

NLR utarbeider ulike tilbud for å bistå de som ønsker å optimalisere grovfôrproduksjonen på sitt bruk. Et av disse vil være rådgivingsavtaler over flere år for å oppnå dette; slike som Helset og en del andre bønder har inngått.

Bestilling fra fjøset

Tine vil utfordre sine medlemmer/produsenter til en «bestilling fra fjøset». Det vil si en bestilling som omfatter mengde fôr og mengde fôr i ulike kvaliteter.

- For å følge opp denne vil rådgiving fra NLR være et viktig bidrag for å sikre grovfôr av god kvalitet tilpasset de ressursene den enkelte gård rår over, understreker Ragnhild Borchsenius. Vi samarbeider tett med Tine; og det er viktig at det som skjer i fjøset og ute på jordet, har god kobling. Vi ønsker helthetlig rådgiving til bondens beste, slår hun fast.