Tema: gras

Kva frøblanding taklar best klimaendringar?

Forsøk har vist at frøblandingar med fleire artar gir positive resultat på avling. Samspel mellom ulike artar i veksemåte og utnytting av lys og næring gjer at samla avlingseffekt blir større enn kvar art åleine.

Liv Østrem

liv.ostrem@nibio.no

Marit Jørgensen

Sigridur Dalmannsdottir

Tor Lunnan

Alle forskere i NIBIO

Testing av engvekstar bør skje i heile landet, her av raudkløver på Holt i Tromsø. Foto: Sigridur Dalmannsdottir

Auka temperatur og lengre vekstsesong krev frøbland­ingar som er betre tilpassa for ulike dyrkingsforhold i Norge. I delar av landet vil timotei kanskje få ein mindre dominerande plass og bli erstatta av andre artar. Eit pågåande for­prosjekt skal utarbeida forslag til korleis vi kan møta desse klimamessige utfordringane gjennom meir forskingsbaserte frøblandingar.

Mykje lengre vekstsesong

Klimaendringane har gjort seg sterkt gjeldande etter siste standard måleperiode (1961-1990). Vekstsesongen har blitt mykje ­lengre, og det trengst artar og sortar med god gjenvekstevne som kan supplera timotei når gjenveksten i denne arten går ned på ettersommaren i treslåttssystem. Veksten startar tidlegare enn før, og den største veksten er tidleg i sesongen, i takt med innstrålinga frå sola. Til samanlikning er haustveksten liten sidan innstrålinga frå sola raskt minkar utover hausten, temperaturen går ned og meir av veksten går til nærings­reservar for overvintring. Ekstremhendingar som vassmetting og tørke vil merkast i større grad enn tidlegare, og lokalklimatiske ­skilnader kan vera store slik at tal slåttar kan variera innanfor relativt korte avstandar. Under slike skiftande dyrkings­forhold er det viktig å velja rett ­frøblanding til enga.

Må dei faktiske vekstforholda vera avgjerande for kva ulike frøblandingar skal innehalda

Timoteibaserte blandingar er vanleg

I norske frøblandingar er timotei den viktigaste arten med eng­svingel som ein god nummer to. Botaniske studiar av eng har vist at mengd timoteiplanter minkar etter få år, men og at det finst svært lite engsvingel att når enga er blitt meir enn 4-5 år. Når både timotei- og engsvingelplantene går ut, ligg enga open for ugras, mellom anna kveke. Det er mange grunnar til at dei sådde artane går ut, der både drift, klima, konkurranse mot ugras og sjukdom har betydning. Men erfaringane viser at frøblandingar med berre desse to artane må fornyast jamleg for å halda eit tilfredsstillande innhald av dei sådde artane.

Artssamspel gir auka avling

I frøblandingar skal det vera eit samspel mellom veksemåte og utnytting av lys og næring, slik at samla avlingseffekt av fleire artar i lag, blir større enn kvar art åleine. Artar og sortar skal utfylla kvarandre i tid der ulik vekstrytme sikrar god vekst frå vekststart om våren til vekstavslutning om hausten. Sameleis over engår ved at artar som etablerer seg sakte, tek over plassen når ein eller fleire artar som etablerer seg raskt, går ut. Artane skal også utfylla kvarandre i rom ved å utnytta ulike delar av over- og underjordisk vekseplass, til dømes når artar med ulike rotlengder eller plantehøgder veks i lag.

Forsøk har vist at slike artssamspel gir positive resultat. Omfattande treårige forsøk i Europa viste at ved å samanlikna tørrstoffavling i fireartsblanding med dei same artane i reinbestand, var totalavlinga av blanding betre enn i reinbestand i meir enn 97 prosent av forsøka. Det var også meiravling i forhold til den beste arten i reinbestand på rundt 60 prosent av forsøka. På felta i Nord-Europa og Canada var meiravlinga samanlikna med beste arten i reinbestand 9, 15, og 7 prosent i høvesvis 1., 2. og 3. engåret. ­Fôrkvaliteten vart ikkje redusert, og det var mindre ugras. Frøblandingar reduserte ugrasmengda meir enn i reinbestand, og ugraset utgjorde 7 prosent av total tørrstoffavling i frøblanding samanlikna med 33 prosent i reinbestand. Norske prosjekt har vist liknande resultat.

Breie frøblandingar er konkurransesterke

I område der vekstsesongen er blitt merkbart lengre, kan ein med fordel redusera timoteidelen i ei frøblanding og framleis oppretthalda høg avling. Her vil ei moderat timoteimengde gi plass til at andre artar kan demma opp for den låge gjenveksten i timotei. Eit forsøk med blandingar med ulik mengde timotei, viste at ei moderat timoteimengde (45-50 prosent) og fleire artar i frøblandinga gav stor avling og ei betre utnytting av vekstsesongen enn ei blanding med høgre timoteimengd. Ei artsrik frøblanding vil også gi tett jordbotn og dermed vera konkurransesterk mot ugras. Der vekstsesongen er kortare, og det høver best med to slåttar årleg, vil timotei framleis vera beste grasarten til å utnytta vekstsesongen godt, og timotei kan dermed også ha ei meir dominerande plass i frø­blandingane. Framover må dei faktiske vekstforholda vera av­­gjerande for kva ulike frøblandingar skal innehalda og kvar dei skal tilrådast.

Nye artar i frøblandingane

Ved mindre timoteimengde i ­frøblandingane må andre artar fylla ledig plass. Strandsvingel kan vera eit godt alternativ til engsvingel. Strandsvingel er ­vinterherdig, gir god avling og med fôrkvalitet på høgde med engsvingel ved same haustetidspunkt. Strandsvingel har djupare røter enn andre grasartar og kan såleis utnytta næringstilgang i jorda der andre artar finst i svært liten grad. Raisvingel har aktuelle erstatningssortar både av raigras- og svingeltype. Gode frøblandingar byggjer på eit suksesjons- eller rekkefølgjeprinsipp der nokre artar etablerer seg raskt (timotei, raigras og raudkløver) og andre artar sakte, som engrapp og kvitkløver. Dersom artar som etablerer seg sakte skal ta over plassen etter dei rasktetablerande når desse går ut, må dei også ha tilstrekkeleg plass frå etablerings­året. Den såkalla kritiske frømengda som ein art må ha for å kunna etablera seg godt og bli varig, er eit viktig spørsmål.

Eng til beite i Lyngen. Foto: Sigridur Dalmannsdottir

Sortsutvikling

Uavhengig av lengda på vekst­sesongen vil ein høgre temperatur føra til auka sjukdomsangrep i vekstsesongen, og dette bør få større merksemd i sortsutviklinga. Utfordringa er mellom anna å finna rett teststad i område med årlege sjukdomsangrep. Når nye engvekstsortar blir godkjende, er dette basert på testing i reinbestand. Norske såvarer for grovfôrproduksjon blir i hovudsak omsett som blandingar som ikkje er testa. Å få testa frøblandingane før sal vil vera ei god kvalitets­merking som gjer det enklare å tilrå dei rette blandingane til rett stad og rett bruksområde. Konkurranseevna varierer mellom sortar i blanding med andre artar. Det er dermed viktig at arts- og sortssamspela blir testa før dei blir nytta i ny frøblanding.

Nytt prosjekt om norske frøblandingar

I prosjektet «Nye frøblandingar for meir stabil grovfôrproduksjon» (finansiert av Landbruksdirektoratet for perioden 2019 til 2021), vil vi definera forskingsspørsmål og utprøvingsmåtar og -stader for meir forskingsbaserte frøbland­ingar. Utvikling av dei beste frøblandingane og testing under praktiske forhold vil kosta, og ein må finna ei finansiering for dette. I tillegg til NIBIO er NLR, Graminor, FKA, FKRA og Strand ­Unikorn med i prosjektet.