Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Dyrlegens kvardag

Smittsam mastitt

Her i Sogn har me veldig god helsestatus på kyrne, og me har nesten ikkje førekomst av den frykta jurbakterien Streptococcus agalactiae som gir smittsam mastitt og tap av mjølkeyting. Eg vart derfor svært overraska, og eg fekk ei ubehageleg kjensle då denne bakterien plutseleg dukka opp på eit speneprøvesvar.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Her i Sogn har me heldigvis veldig lite smittsame sjukdommar på storfe, men det må ikkje vera ei «sovepute». Smittsame sjukdommar som smittsam mastitt kan dukka opp alle stader, og då gjeld det å oppdaga smitten tidleg før den får etablert seg. Her er kyr som nyt livet på fellesstølen på Bersetno på Hafslo i Luster kommune. Desse kyrne har ingenting med sjukdomsutbrotet med smittsam mastitt å gjera.

Dette er nokre år sidan, men det er alltid like aktuelt å ikkje oversjå eventuell smitte med denne frykta jurbakterien. Streptococcus agalactiae var relativt vanleg årsak til mastitt i Noreg for om lag 70 år sidan, men gjennom offentleg bekjempelsesprogram vart den nærast utrydda. No ser det dessverre ut til at bakterien er på veg opp att, og kanskje om lag 100 norske besetningar har denne skumle og tapsbringande jurbakterien.

Planlegging

Då denne bakterien dukka opp her, måtte me laga eit opplegg for vegen vidare, og i samråd med bonden, var målet å få denne bakterien ut av besetningen att. Eg tok kontakt med Tineveterinær Torunn Rogdo som har mykje erfaring med å handtera smittsam mastitt, og saman la me ein plan for korleis me skulle handtera smitten og jobba mot målet som var å bli kvitt bakterien.

Prøvetaking må til

I dette tilfellet var smitten funnen i ein båsfjøs. Eigar har alltid vore flink med å følgja med på jurhelsa, tatt regelmessig vegeprøvar og alltid enkeltspeneprøvar av kyr med celletal før avsining. Me hadde derfor god oversikt over jurhelsa i Kukontrollen. Kua me fekk smittsam mastitt på, var ei ku som hadde høgt celletal midt i laktasjonen, og det vart tatt speneprøve av ho for å vurdera prognosen og kva me skulle gjera med ho. Denne kua behandla me for mastitt, og ho vart plassert slik i båsrekkja at ho vart mjølka til slutt. Eigar tok også ut prøve av tankmjølka si for å sjå om han hadde Streptococcus agalactiae på tanken. Det vart også tatt ny speneprøve av den smitta kua etter behandlinga, for å sjå om behandlinga var vellukka.

I dette tilfellet fann me «fyrste kua» som stod med bakterien

Friskmelding

Me var heldige, tankmjølka var negativ for bakterien som forårsakar smittsam mastitt. I dette tilfellet fann me «fyrste kua» som stod med bakterien, og me fekk behandla ho før ho hadde smitta andre. Før me kunne «friskmelda» besetningen, følgde me godt med på celletalet på kyrne, bonden tok vegeprøvar ein gong i månaden det neste halvåret, og han tok også ut prøve av tankmjølka ein gong i månaden i om lag seks månader. Etter dette tok han prøve av tankmjølka kvar sjette månad for å oppdaga eventuell smitte.

Alltid fokus på smittsame sjukdommar

I dette tilfellet var me heldige og fekk kvitta oss med smitten før den fekk fotfeste i besetningen. Den smitta kua stod også i eit båsfjøs, og det er alltid lettare å handtera smittsame sjukdommar hjå dyr på bås i forhold til i ei lausdrift. Bonden her har også fokus på jurhelsa til ei kvar tid, slik at føresetnadene var gode til å oppdaga smitte på eit tidleg stadium samstundes som at motivasjonen var høg for å gjera ekstra innsats for å bli kvitt smitten. Summen av dette, gjorde at me kom godt ut av det denne gongen, og det lærte oss at me må alltid vera på vakt mot smittsame sjukdommar sjølv om me bur i eit område med svært lite smitte.