Tema: Gras

Strandsvingel – er det et strukturgras?

Og tåler strandsvingel egentlig vintrene våre?

Ole Arnfinn Røysland
Magnus Haugland

magnus.haugland@nlr.no

Begge rådgivere i NLR Rogaland

To skifter som begge er 1. års eng. Begge har fått lik gjødsling, vart slått samme dag, av samme entreprenør og med samme stubbhøgde. Timotei til venstre og strandsvingel til høgre. Begge er slått 4. juni. Bildet er tatt 21.juni. Timotei gav den høgaste avlinga på 1. slåtten.

Foto: Ole Arnfinn Røysland

Strandsvingel har fått ord på seg for å vere eit fiberholdig gras, og skal tole vinteren betre enn raigras. I den senere tid er det også kommet meir myk­bladete sorter som skal være meir smakelige enn de eldre stivbladete sortene.

Fiber

Frøfirmaet Barenburg opplyser at i motsetning til timotei og raigras har strandsvingel ein del fiber (NDF) i sjølve bladverket, ikkje berre i stengelen. I ei prøving i 2020 tok NLR Rogaland ut parallelle prognoseprøvar av den mykbladete strandsvingel Barolex, timotei og raigras kvar veke frå 11. mai til 15. juni, sjå figur 1. Ut frå desse prøvane viser strandsvingel ein høgare andel NDF (NDF = Analyseenhet for fiber/struktur) så lenge graset er på bladstadiet. Men kring 370 døgngrader (25. mai) gjekk timotei over i stengelstrekking. Då hadde timotei ein energikonsentrasjon på 0,95 FEm/kg tørstoff (TS). Etter dette har timotei meir fiber enn strandsvingel. Strandsvingel har imidlertid meir fiber enn raigras i heile perioden, og plasserer seg midt mellom raigras og timotei i fiberinnhald.

Figur 1. Utvikling i NDF for timotei, raigras og strandsvingel (Barolex). Forsøk NLR Rogaland.

Overvintring

Både dansk og svensk rådgiving regner som hovedregel strand­svingel for å overvintre betre enn raigras. Erfaringene med en del av de nye, mykbladete sortene er derimot varierende, og vi får noen skuffende tilbakemeldinger frå plasser og land med harde vintre. Så langt som underteikna kjenner til har det ikkje vore problem med overvintring av dei nye sortane strandsvingel i Rogaland, men her har som regel raigraset også klart seg godt. Er du i tvil om strandsvingel vil overvintre hjå deg, kan du kontakte di lokale NLR-eining eller så eit prøvefelt på eit avgrensa areal for å minimere risikoen. Den første vinteren tåler ofte graset meir, så det er for tidlig å konkludere etter første vinteren.

Smak

Sjølv med nye mjukblada sortar vil strandsvingel ha dårlegare smak enn timotei og raigras. Det er ikkje slik at dyra nekter å ete strandsvingel, men dersom kua/sauen/geita har moglegheit til å velje vil timotei verte spist fyrst, så raigras og så strandsvingel til slutt. Ein må likevel ikkje blande strandsvingel med grasarten strandrøyr. Strandsvingel har ein mykje betre smak enn strandrøyr. Det skal og namnast at gjæringskvaliteten betyr meir for smaken enn grasarten. Dyra vil for eksempel heller ete velgjæra strandsvingel enn feilgjæra timotei. I tillegg kan ein styre smakligheten ein del med slåttetid. Tid­legare slått vil auke smakligheten på fôret.

Djupe røter

Andre erfaringer vi har er at strandsvingelsortene har djupe røter. Det er en del av forklaringen på at den gjør det veldig godt i avlingsforsøk i tørre år og områder. Ellers har den stor avling i slåttene utover sommeren, og utnytter derfor godt en lang vekstsesong. Der den overvintrer gir den gode avlinger i flere år enn raigras.

Mellom raigras og timotei i struktur

Strandsvingel kan regnes som et strukturfôr om du sammenligner med raigras, mens timotei slått ved normale slåttetider her til lands vil inneholde mer fiber. Da snakker vi om slått før begynnende skyting eller seinere. Overvintringen er varierende, men der raigras normalt overlever ser det ut til å gå godt med alle sorter som er testet ut under norske forhold. I områder med hardere vintrer får vi en del negative til­bakemeldinger på en del av de nye mykblada sortene.