Tema: Gras
Skal eg så strandsvingel?

… og kva er eigentleg NutriFibre?

Strandsvingel er ein spennande grasart som er betre enn fleirårig raigras når det gjeld overvintring, toleranse for tørke og under svært våte forhold. Tilrådinga er å teste litt på eigen gard for å sjå korleis strandsvingel fungerer.

Lena Abel

Rådgiver i NLR Vest

lena.abel@nlr.no

NutriFibre-eng tre dagar før slått på Gjølstad gård.

Foto: Gjølstad gård

Strandsvingel er ein varig treslåttsart med eit kraftig og djupt rotsystem som er kjent for å tole både tørke og flaum. Strandsvingel etablerer seg sakte, men har god gjenvekstevne etter slåttane. NutriFibre® er basert på mjukblada strandsvingelsortar, utvikla av Royal Barenbrug-gruppas internasjonale avlsprogram «gras til høgproduktive mjølkekyr» i Nederland.

75 prosent strandsvingel

Blandinga med NutriFibre som blir selt i Noreg inneheld 75 prosent mjukblada strandsvingel (tre ulike sortar), 15 prosent fleirårig raigras og 10 prosent kvitkløver. Dei dominerande strandsvingelsortane og raigraset i blandinga frå 2022 er ikkje testa ut på Vestlandet. NutriFibre-blandinga frå 2021, som inneheldt blant anna strandsvingelsorten Barolex, ser ut til å ha usikker og varierande overvintring, både i Noreg og Finland. Barolex var ikkje ein del av 2022-blandinga.

Kva blanding kan du bruke?

Barenbrug reklamerer bl.a. med at «eit treårig forskingsprosjekt (NL) demonstrerer at NutriFibre® gjev 30 prosent meir tørrstoff, og 30 prosent meir protein enn fleirårig raigras» og at «NutriFibre® har lang levetid og kjem til å produsere store avlingar i minst fem år». For å kunne bekrefte eller avkrefte om denne og andre påstandar stemmer, er vi nøydde til å teste ut NutriFibre under våre klimatiske (og lokale) forhold over fleire år.

«De i NLR må vere litt framme i skoa og tilrå nye ting!» Vi er heilt einige – vi skal ikkje sjå bort frå nye blandingar, men vi skal heller ikkje sjå bort frå lokal forsking og kor viktig det er å bruke klimatilpassa artar og sortar.

tilrår at du testar deg litt fram

Andre blandingar med strandsvingel

Det finst ein del blandingar på den norske marknaden som inneheld strandsvingelsortar som er testa ut under norske forhold, i tillegg til fleire artar i blandingane som sørger for meir stabil avling. NIBIO dokumenterer gjennom eit treårig forsøk (2020–22) på Fureneset at det er store avlingsskilnadar mellom strandsvingelsortane (avlingsskilnad på opp til 250 kg tørrstoff/ dekar) som er brukt i desse blandingane, sannsynlegvis grunna varierande overvintring. Det har blitt og vil bli sådd fleire demonstrasjonsfelt i NLR med ulike frøblandingar som inneheld mjukblada strandsvingelsortar (inkludert NutriFibre), for å teste overvintringsevne, etablering med meir under lokale forhold.

Raigras eller strandsvingel?

Sjølv om raigraset kan sjå ut til å overvintre betre enn før somme stader, er vinteren framleis ein usikker faktor. Strandsvingel har ein styrke mot fleirårig raigras når det gjeld overvintring, toleranse for tørke og under svært våte forhold. Strandsvingelsortar som er prøvd ut i Noreg kan difor blir tilrådd på areal som er marginale for fleirårig raigras.

Kva kan du gjere?

Du har veldig lyst å teste ut nye blandingar? Vi tilrår at du testar deg litt fram. Start med eit lite skifte for å finne ut kva som fungerer på jorda di og på garden din. Vil du etablere eit gjenlegg med NutriFibre? Vi tilrår at du les dyrkingsrettleiinga du finn på gjolstadgard.no

Nye blandingar kan, men må ikkje nødvendigvis bety større avlingar og betre fôrkvalitet! Det er svært viktig å bruke klimatilpassa sortar. Hugs at blant anna slåttetidspunkt, vêrtilhøve under fortørking, ensilering, jordforholda og mange andre faktorar er avgjerande for ei god avling av høg kvalitet.

NIBIO-forskar Liv Østrem understrekar at mange artar i blandingane sørger for ei meir stabil avling, og plantedekket som konkurrer mot ugras er tettare i mangfaldige blandingar. I tillegg har bladgrasartar stor gjenvekstevne. Legg merke til at mange sortar av same art i ei blanding (til dømes tre ulike strandsvingelsortar) kan utfylle kvarandre, men ikkje i same grad som artar.

Litteraturliste kan fås ved førespurnad til forfattar.

Frøblandingar med strandsvingel

Strand nr. 22
30 % timotei Liljeros
25 % strandsvingel Swaj
20 % strandsvingel Barolex/Kora
10 % fleirårig raigras Figgjo/Trygve
8 % raudkløver Gandalf
7 % kvitkløver Edith

Strand nr. 24
30 % timotei Liljeros
20 % strandsvingel Swaj
20 % strandsvingel Kora
10 % engrapp Knut
10 % luserne Ludelis (smitta)
10 % raudkløver Gandalf

Strand nr. 27
40 % strandsvingel Swaj
20 % raisvingel (strandsvingeltype), Fojtan el.l.
10 % strandsvingel Tower
10 % engsvingel Vestar
10 % engrapp Knut
10 % kvitkløver Edith

FK SPIRE Surfôr Fiber
10 % timotei Grindstad
15 % strandsvingel Barolex
20 % strandsvingel Bardoux
20 % strandsvingel Sway
15 % strandsvingel Tower
10 % fl. raigras Figgjo
10 % raudkløver Gandalf

Nutrifibre 2021
25 % strandsvingel Barolex
35 % strandsvingel Barelite
15 % strandsvingel Prosteva
15 % fl. raigras Barantov
5 % kvitkløver Alice
5 % kvitkløver Calimero

Nutrifibre 2022
35 % strandsvingel Bariane
25 % strandsvingel Barelite
15 % strandsvingel Prosteva
15 % fl. raigras Barantov
5 % kvitkløver Alice
5 % kvitkløver Calimero