Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd
Frå dyrlegens kvardag

Børframfall

Når telefonen ringjer før klokka sju om morgonen, er det ofte alvor. Denne gongen var det ein oppkava bonde som kom i fjøsen der ei ku låg med heile børen vrengt ut. Det er ikkje noko fint syn, men heldigvis er det ikkje ofte det skjer.

Tekst og foto: Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Denne gongen gjekk det fint, men børframfall er ein livstrugane tilstand som krev rask behandling. Kua kan stryka med av sjokk eller blodtap viss store blodkar revnar.

Slike oppdrag hastar, og då er det ikkje anna å gjera enn å komma seg i bilen og reisa ut. Bonden fekk beskjed om å prøva å beskytta børen så godt han kunne, og passa på at ikkje andre kyr kom i nærleiken til å trakka på børen som låg ute. Han kunne også leggja ein sekk eller handklede under børen for å beskytta den. I tillegg er det godt å vera tre personar når me skal få børen på plass att, så eg ba han om å få på plass ein ekstra person til eg kom.

Reponering

Då eg kom fram, gav eg kua låg epidural som bedøver området rundt skjede og endetarm. Etterpå jaga me på kua, for å få ho til å reisa seg. Denne gongen gjekk det fint, og ho kom seg på beina relativt raskt. Mykje av fosterhinnene hang enno på livmora, og dei verna slimhinna mot skit og skade. Eigaren hadde laga til ei bøtte med varmt vatn tilsett Optima hudvask, og etter at eg hadde tatt av det som var laust av etterbyrden, tømte me dette vatnet over livmora før me starta med å få den på plass att. Eg hadde med meg eit brett me la livmora på, bonden og naboen som kom til, heldt brettet ganske høgt opp slik at eg fekk hjelp av tyngdekrafta for å få inn att livmora. Dette er ein tung jobb, men ein lyt berre «stappa og stappa», og plutseleg glir det inn.

Etter at livmora var på plass att i kua, pusta me letta ut, og eg sydde att skjedeopninga med eit sterkt band som skal hindra at livmora glir ut att.

Kua fekk også smertestillande, antibiotika og eit hormon som får livmora til å trekkja seg saman.

Ikkje utrangeringsgrunn

Etter statistikken så førekjem børframfall hjå 2 av 1 000 kalvingar på NRF, men det er noko hyppigare på kjøtfe, særleg herefordkyr kan sjå ut til vera meir utsett enn andre. Dersom alt går fint, og eigaren har lyst å inseminera kua til att, er det heilt innafor. Ei ku som har hatt børframfall har auka risiko for å få det att i høve til ei anna, men likevel er risikoen for at det skal skje liten, så eg pleier sei at dersom det elles er ei god ku, er ikkje dette utrangeringsgrunn.

Risikofaktorar

Børframfall skjer som regel like etter kalving eller i løpet av dei fyrste timane etter at kalven er kommen. Eldre mjølkekyr kan få det som følgje av mjølkefeber, for då vil ikkje børen trekkja seg saman slik som den skal. Harde kalvingar kan også disponera for denne livstrugande tilstanden.