Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Få kalv i kua – del 2

Fôring og fruktbarheit

Å leggja arbeid i planar og oppfølging av fôringa betaler seg vedd betre fruktbarheit.

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

Justering av holdet bør skje frå allereie 3-4 månader etter kalving.

Ein anbefalar å starta inseminering av kviger ved ca. 400 kg og ein alder på 13-15 månader. Holdmessig bør dei då ligga på 3-3,75. Det er klart dårlegare fruktbarheit ved hold over 4, så dei feite kvigene kan vera vanskelegare å få kalv i. Dessutan har kviger som er feite ved inseminering større sannsynlegheit for å vera for feite også ved kalving. Då vil dei få auka utfordring med energibalansen i den perioden dei skal starta å mjølka, og såleis kunne få forsinka igangsetjing av brunstsyklus. Dette er ein viktig årsak til at mange slit med å få kalv i førstegongskalvarane sine.

Ikkje for tynne

For tynne kviger, med hold på 2,75 eller mindre ved inseminering, viser auka utrangeringsfrekvens etter kalving. Årsaka til det er at desse kvigene vil få ei forsinking i eigen tilvekst, og såleis redusert produksjon etter kalving. Det er difor gjerne dårleg ytelse som er hovudårsaka til at desse ikkje vert med vidare.

Riktig hold ved kalving

Holdet på sinkyrne er også svært viktig når det kjem til fruktbarheit. Det å unngå for feite kyr ved kalving, vil gjerne kreva planleggjing og noko meirarbeid. I den andre enden vil dette kunne vera veldig lønnsamt. I lausdrifter bør sinkyr stå i eigen avdeling, og på båsfjøs kan det vera svært lurt å omgruppera dyra slik at ein kan fôra dei annleis enn mjølkekyrne. Energibehovet til sinkyr og drektige kviger vil vera på eit heilt anna nivå enn det nykalva dyr har. Målet må vera at dyra skal liggja rundt holdpoeng 3,25-3,75 ved kalving. For enkelte høgtytande dyr, kan ein tillata holdpoeng opp mot 4 ved kalving.

Holdjustering fra 3-4 månader etter kalving

I tillegg til å jobba med rett fôring av kviger og sinkyr, bør ein allereie 3-4 månader etter kalving ha fokus på fôrstyringa av enkeltkyrne. På den tida er grovfôropptaket på topp, og det er her holdjusteringa bør skje. Det trengst i denne tida mindre kraftfôr for å oppretthalda normfôring dersom grovfôret er av god kvalitet. Gjer ein riktige grep i denne perioden, vil ein kunne gå inn i sintida med eit optimalt hold som ein då berre kan vedlikehalda fram til kalving.

Figur 1. Pass på ureanivå

Proteinbalanse og urea

I tillegg til justering av energitilførsel gjennom fôringa, er også proteinbalansen viktig for fruktbarheita. Protein som vert nedbrote i vomma, men som ikkje kan gjerast nytte av der, vil kunne omdannast til urea. Det generelle ureanivået for besetninga vil ein finna på samlemjølkprøvane for kvar gong. Når det gjeld ureanivåa til dei ulike individa kan ein finna dei på enkeltprøvane frå kyrne i Kukontrollen.

Pass på ureanivå

Verken for høge eller for låge ureanivå er gunstig for fruktbarheita. Ligg ureanivået under 3 kan det gje dårleg appetitt og fôrutnytting. Det tydar på for lite protein i fôret, og ein ser typisk brunstmangel og forlenga kalvingsintervall som følge av dette. Dersom urea ligg over 6-7 betyr dette dårleg utnytting av proteinet i fôret. Det kan skuldast at fôret inneheld eit overskot av nedbrytbart protein. Det kan også skuldast at fôret inneheld for lite energi til at proteinet kan nyttiggjerast. Dei høge ureanivåa kan verka direkte skadeleg for sædceller, egg og embryo, og føra til embryodød som gir omløp. Det kan også vera årsak til eggstokkcyster, tilbakehalde etterbyrd og børbetenningar.

Det er verdt å merka seg at enkeltindivid kan svinga gjennom laktasjonen når det gjeld urea, utan at dette treng skapa bekymring. Ser ein derimot at grupper av dyr har avvikande resultat, eller ein har tydelege avvik på tankmjølkprøvane, kan behovet for justering av fôringa vera nødvendig. Gjennom å ha gjort prøvetaking av det grovfôret ein har, og vurdera kraftfôrblandinga ein bruker i forhold til grovfôret sin kvalitet, kan ein liggja i forkant av slike problem.

Figur 2. Kva skjer når urea er for lågt eller for høgt.