Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Fôringa viktig for å førebyggja klauvsjukdomar

Sur vom gjev auka risiko for forfangenheit.

Johanne Neteland

Masterstudent ved NMBU og rådgivar Tine

Kronisk forfangenheit med blødninger, misfarget horn og løysing i den kvite linja.

Foto: Lina Ahlen

Klauv- og leddsjukdommar er nokon av dei vanlegaste produksjonssjukdomane i Noreg. I 80–95 prosent av tilfelle med haltheit er klauvsjukdomar årsaka. Halte dyr har vist lågare fôropptak og færre besøk i mjølkerobot og dermed fare for lågare mjølkeyting. I bacheloroppgåva mi ved NMBU undersøkte eg korleis ulike kraftfôrnivå påverka klauvhelsa hos norske mjølkekyr. Funna underbyggjer råda om å unngå for høg andel kraftfôr i fôrrasjonen, og å velje ei kraftfôrblanding som gjev som gjev låg vombelastning og mindre risiko for sur vom.

Forfangenheitsrelaterte klauvlidingar aukar

Klauvlidingar som vert påverka av fôring blir kalla forfangenheitseller hornvekstrelaterte lidingar. Døme på desse er soleknusing, løysing i den kvite linja og bløding i solen. Forfangenheit er ein betennelse i lærhuda i klauva og kan forårsaka dei relaterte lidingane. Acidose (sur vom) er peika på som ei viktig årsak til forfangenheit. Konsekvensane av forfangenheitsrelaterte lidingar kan vera redusert yting, lågare fruktbarheitsstatus og tidleg utrangering. Med redusert ressursutnytting og mindre effektivitet i produksjonen fører det til større utslepp av klimagassar per produsert eining, redusert dyrevelferd og økonomiske tap.

Innrapporteringar frå klauvskjerarar viser relativt stabile tal på tilfelle av kronisk forfangenheit, men ein jamn auke i forfangenheitsrelaterte klauvlidingar. Frå 2015 til 2021 har tilfella auka med 70 prosent (sjå figur 1). Noko av forklaringa på dette er hyppigare skjering og dermed fleire registreringar, og at fleire klauvskjerarar rapporterer inn digitalt via ein eigen app. Likevel viser det ei negativ utvikling.

Figur 1. Forfangenheitsrelaterte klauvlidingar innrapportert av klauvskjerarar (Tine og Kukontrollen, 2023)

Data frå 62 besetningar

Data i oppgåva er basert på innrapportering frå klauvskjerarar samt mjølk- og kraftfôrdata frå NCDX (Nordic Cattle Data Exchange). Frå NCDX var mjølkeyting per dag og kraftfôrnivå i robot og kraftfôrautomat brukt. Totalt vart det henta data frå 62 besetningar med lausdrift. Dyra vart delte inn i tre kategoriar ut frå klauvhelse: 1) ingen klauvliding, 2) ikkje-forfangenheitsrelatert klauvliding og 3) forfangenheitsrelatert klauvliding (sjå tabell 1).

Tabell 1. Fordeling av dyr mellom kategoriar ut frå klauvrapportering

Kategori

Antal dyr

1 Ingen merknad

1829

2 Ikkje forfangenheitsrelatert merknad

358

3 Forfangenheitsrelatert merknad

565

Høgara kraftfôropptak hos dei sjuke

Figur 2 viser resultata frå dyr i andre laktasjon og eldre. Blant dyra i kategori 3 (forfangenheitsrelaterte klauvlidingar) var det daglege kraftfôropptaket statistisk sikkert høgst. Kraftfôrnivået er i gjennomsnitt 0,9 kg høgare enn hos friske dyr.

Figur 2: Estimert kraftfôropptak i dei ulike kategoriane. Sjå tabell for forklaring av kategori.

Det vart òg funne ein statistisk sikker samanheng mellom klauvliding og mjølkeyting. Mjølkeytinga var lågast i kategori 3 (sjå tabell 2).

Tabell 2. Gjennomsnittleg dagleg mjølkeyting i dei ulike kategoriane. Foreslår vi kutter standardavvik

Kategori

kg mjølk

1 Ingen merknad

29,4

2 Ikkje forfangenheitsrelatert merknad

29,1

3 Forfangenheitsrelatert merknad

27,9

Hos dyr i andre laktasjon og eldre var det tydeleg samanheng mellom auka kraftfôrnivå og førekomst av klauvlidingar. Dyr med forfangenheitsrelaterte lidingar hadde òg lågare mjølkeyting. Fyrstelaktasjonsdyra viser same tendensane, men utan å vera statistisk sikre. Dette er årsaka til at fyrstelaktasjonsdyra ikkje er teke med i resultata vist over. Fyrstelaktasjonsdyra hadde ikkje færre merknadar på klauvhelsa samanlikna med eldre dyr, men ser ut til å verta mindre påverka av høgt kraftfôrnivå og klauvlidingar.

Kvifor fyrstelaktasjonsdyra ikkje er så påverka

Ei forklaring på kvifor fyrstelaktasjonsdyra ikkje er påverka i like stor grad kan vera at klauvlidingane ikkje er vorte like alvorlege og dermed ikkje hindra dei i å utføra normal aktivitet. Dersom klauvlidingane får utvikla seg over tid kan det føra til at lidingane slår verre ut jo eldre dyra er. Ei anna forklaring kan vera at auka mjølkeyting påverkar klauvhelsa negativt, noko tidlegare studiar har peika på. Sidan ytinga aukar med laktasjonsnummer er dei eldre dyra dermed meir utsette. Det må nemnast at i datagrunnlaget til oppgåva er det ikkje nok informasjon til å peike på ei årsak, det krev fleire registreringar på dei same dyra over fleire laktasjonar.

Tips

  • Ta grovfôrprøver, då veit ein betre kva mengde og type kraftfôr som bør tilsetjast rasjonen

  • Fordel kraftfôrrasjonen på fleire fôringar eller tilfør via PMR (delvis fullfôr)

  • Ha rutinemessig kontroll i klauvboks av kviger, kyr og avlsoksar over 18 månader og god dialog med klauvskjerar. Sjå innrapportering frå klauvskjerar i Kukontrollen og Storfekjøttkontrollen

  • Følg med på korleis dyra går og om dei brukar lang tid på å reisa og leggja seg

  • Følg ekstra med etter endringar i fôringa

  • Fôringsrådgjevar kan setja opp fôrplanar ut frå fôrlager og produksjonsmål og som tek omsyn til dyrehelse

  • Mjukt gangunderlag er positivt for dyrevelferd og klauvhelse

  • Stell godt med kua rundt kalving, mange klauvlidelser oppstår i den første tida etter kalving

Høgt kraftfôrnivå gjev auka risiko

God klauvhelse er viktig i ein miljømessig- og økonomisk berekraftig mjølkeproduksjon. Funna i oppgåva tyder på at eit høgt kraftfôrnivå gjer dyra meir utsette for forfangenheitsrelaterte klauvlidingar, og at dette igjen er negativt for mjølkeyting. Dette samsvara godt med tidlegare studiar. For å nå høg yting med låg kraftfôrandel treng ein energirikt grovfôr. Med tørke og ekstrem nedbør som me har sitt denne sommaren blir det ekstra utfordrande. I planlegging av fôring med årets grovfôr bør auka kraftfôrandel som kompensasjon, for dårleg eller lite grovfôr, vurderast opp mot helse og konsekvens for yting. Det er viktig å velja kraftfôrslag som gjer lågast mogleg vombelastning for å redusera faren for sur vom.

Meir om klauv

På buskap.no finner du artikkelen Tips for å bli kvitt digital dermatitt som sto i nr. 5/2023.
Her finner du mer om hornvekstrelaterte klauvsjukdommer: animalia.no/hornvekst