Forskjellig
Leantips

Bruk alle mulighetene til forbedring

Det gjeld å ta tak i uønska hendingar og gjera eit systematisk arbeid slik at feila ikkje kjem igjen.

Eivind Vik

Spesialrettleiar i Tine Rådgiving

Tekst og foto

eivind.vik@tine.no

Ei uønska hending med vakumslange gir tap av verdifull arbeidstid i ein hektisk periode.

Gjer risikovurdering og set inn tiltak før du får stopp i arbeidet.

Eit langt liv som bonde har gitt meg mange hendingar som ikkje var ønskjeleg. Nokre gonger reparerte eg feilen og arbeidet gjekk vidare. Andre gonger fekk eg fjerna årsaka til at feilen oppstod og feilen var borte for alltid. Det er særleg ergerleg når same feil kjem igjen fleire gonger. For eg burde jo ha visst..., og teke lærdom av tidlegare feil.

Gjødselslange skada under transport

Eit eksempel frå ei opplevd hending der gjødselslange vart skada under transport. Dette var ergerleg for det same hadde skjedd meg sjølv, og no var det arbeidshjelpa mi som var ute for same uhellet.

  • Kvifor skjedde det at vakumslange til gjødselpumpa var skada under transport?

    Fordi slange kom bort i hjul på transportvogn.

  • Kvifor kom slange bort i hjulet under transport?

    Fordi slange låg i bue.

  • Kvifor låg slange i bue?

    Fordi slange ikkje var fråmontert pumpa.

  • Kvifor var slange ikkje fråmontert?

    Fordi traktorføraren ikkje trudde at skade kunne skje.

  • Kvifor trudde ikkje traktorføraren at skade kunne skje når dette har skjedd tidlegare?

    Ingen hadde sagt det til han.

  • Kvifor hadde ingen sagt det til han?

    Eg kom ikkje på det.

Me ser at det kan stillast mange spørsmål før me kjem til den eigentlege årsaka på problemet. Me får ei analyse på kva som skjedde og kvifor.

Når eg no arbeider med Lean ser eg at i Lean legg ein vekt på å nytta alle mulighetene som oppstår for å finna forbetring. Alle feil gir ein slik mulighet til betring. Me må ta oss tid til å stoppa opp og finna den eigentlege årsaka til at feilen kom. I Lean seier me gjerne at me vil finna rot-årsaka.

Set i gang no

Ved stopp mister me flyten i arbeidet. I den travle årstida kan det vera så hektisk at me ikkje får gjort anna enn brannsløkking, for arbeidet må gå vidare. På ein del av arbeidsoppgåvene går det gjerne lenge til dei skal utførast igjen, og då har me gløymt forslag til endringar og forbetring. Eit enkelt tips er å leggja inn notat på telefonen eller i notatbok. Eit foto av hendinga kan også vera til stor hjelp. Då kan dei takast fram i rolegare periodar og me kan gjera ei systematisk løysing av problemet.

5 x Kvifor

Her stiller me spørsmål så mange gonger at me er sikker på å få ei analyse av hendinga. Me kallar det gjerne 5 x Kvifor. Det neste er då å spørja som kva som skal til for at feilen ikkje skal skje igjen. Kva for forbedringsforslag kan vera aktuelle?

  • Montere skjerm over hjul på transportvogna.

  • Male tydeleg merking på vogna der slange skal liggje.

  • Montere stropp som held slange på rett plass

  • Lage arbeidsbeskriving (SOP) om korleis slange skal liggje under transport.

  • Møte før sesongen der alle blir informert og der ein går gjennom aktuelle faremoment og arbeidsutføring.

Her kan me vurdere tiltaka etter kva som har størst nytte i forhold til innsatsen. Og ulike brukarar kan vurdere forskjellig. Fasiten har den enkelte brukar. Ein er gjerne flink med sveising og kan lage hjulkasse, medan ein annan vel å lage ei god stropp.

No når utesesongen næmast er ferdig, kan det vere tid til å ta tak i uønska hendingar og gjera eit systematisk arbeid slik at feila ikkje kjem igjen. Det er ikkje alltid så mykje som skal til.

Også svensk landbruk har fokus på Lean

Det har vist seg at det har vore framgangsrikt å arbeida med Lean i svensk landbruk. Over 100 føretak har fått Leanutdanning. Dei legg stor vekt på at leiaren må forstå tankesettet og skapa ein leankultur på bruket.

Et tital organisasjonar står bak prosjektet «Lean Lantbruk» som vart starta i 2010. Dei legg opp til 18 månader utdanning der ein leancoach følgjer bruket med individuell oppfølging av bruket kvar månad.

Lean Lantbruk har også laga utdanning for mindre føretak som rettar seg mot dei som har frå 1-4 sysselsette. På dei minste bruka er ein del av utdanninga i erfa-grupper som vert leia av ein leancoach.

Her kan du finna meir stoff om Lean Leantbruk: www.leanlantbruk.se/?p=22198&m=6960