Forskjellig

Lesernes side

Buskap vil gjerne ha bilder fra leserne vi kan bruke på denne siden. Bilder kan sendes som vedlegg i e-post til buskap@geno.no eller lastes opp på www.filemail.com

Seks kyr med 100 tonn i gjennomsnitt

Magnar Tveite fra Vossestrand i Hordaland har sendt oss bilder av disse seks kyrne som til sammen har melket imponerende 606 tonn med melk. Han skriver at ei ble sendt på slakt dagen etter bildet ble tatt, to er på fjellbeite og to hjemme og melker.

100-tonner med gode avkom

Tore Joa, Rådgiver i Tine, tore.joa@tine.no

Ku 939 Karina, født 02.07.06 hjå Jonas Hadland, Salte i Klepp i Rogaland, runda 100 tonn mjølk nå i august 2017 (bilete til venstre). Dette har ho gjort med ni kalvingar (kalvingsintervall 11,7 månader) og gjennomsnitt avdrått 11 263 kg, 4,3 prosent fett og 3,9 prosent protein. Far er 5603 Lien og morfar er 5277 Ulsaker. Kua står med 33 i avlsverdi og har kun snakka med dyrlækjar ein gong etter ein tvillingfødsel i 2014. Kua er høg og skarpbygd (mjølkeprega), juret har sett bedre dagar, men i og med ho aldri har hatt dei kjempehøge dagsytingane (fin persistens), fungerer det godt ennå.

Ikkje nok med at ho er god sjølv, ho har også gode avkom. Førebels fem levande døtre (sjå bilete til høgre), herav tre i produksjon og to ungkviger. Frå venstre har me 1076, 6. kalv etter 23004 H.Ponistus, 65 tonn melk og avlsverdi 24, 1215, andre kalven etter 28007 R. Fastrup, 22 tonn melk og 28 i avlsverdi. Så kjem 939 Karina sjølv, flankert av 1175, fjerde kalven etter 28007 R Fastrup (nykalva) med 38 tonn i produksjon og heile 40 i avlsverdi. Ungkvigene er etter henholdsvis 11039 Skjelvan og 11078 Gopollen. Jonas har mykje å sjå fram til! Vidare har ho 10 dotterdøtre og 5 «oldedøtre»…. Me gratulerer ein flink husdyrmann med framifrå resultater.