Forskjellig
Dagbok fra oppigard

Kvar vart so mmaren av?

Sommaren er på hell, og det utan at vi eigentleg har hatt nokon sommar. Alt ber preg av denne regntunge tida. Menneska, dyra, fôret, bøane og beita. Men det er berre å stå på og med «mange ballar i lufta», så går dagane som ein røyk.

Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

Tekst og foto

nina.engel@enivest.net

Regnboge over bygda.

Eg vaknar av mobilen som kling sterkare og sterkare. På tide å stå opp! Det skal liksom vere lett å stå opp tidleg på denne tida av året, men når ein kjenner kulden i rommet og høyrer regnet utanfor, så krev det viljestyrke. Eg gløttar på gardina og ser skodda henge tung og grå, alt er vått – veldig vått. Hagemøblane er nesten ubrukte og grillen kunne like godt stått i kjellaren. Kvar vart det av sommaren i år?

Slåtten kom i hus på «skapeleg vis» for oss. Vi starta tidleg både 1.- og 2.slotten. Vi trudde heldigvis ikkje på betre tider, så difor rakk vi å gjere mykje på få dagar med nokonlunde vér. Men topp kvalitet på fôret er det nok ikkje. Eg har sendt inn ei grovfôrprøve av 1.slott, og ventar spent på kva den seier. På 2.slotten torde vi ikkje anna enn å ta i bruk den gamle fôrhaustaren og avlessarvogna. Det var meir skånsom mot bøane og så var det berre å stoppe opp litt når dei verste bygene kom. Hurra for tårnsiloar slike tider!

Kalv i garasjen

Jada, eg veit at det er noko mange flirer av, men no har vi bestemt oss. Vi skal ha kalv i garasjen! I hvert fall i dei fyrste haustmånadane når trykket er stort.

Heldigvis vart golvet i garasjen aldri støypt, så med gravemaskin tok vi ut ca 30 kubikkmeter masse. Vi la dreneringsrør i grunnen, fylte på 50 cm høgde med pukk og så eit godt lag med singel på toppen. Vi las alt vi kom over på nettet om kalv i uthus, men det var så lite at vi fekk ikkje hjelp der. Vi fann utruleg mykje fint i brosjyrer med innredning og utstyr, men kor mykje skulle dette koste oss? Med ein stor stabel plank og boks (som låg mest i vegen), med solide stålrør frå tida her var drivhus og med to kalvefrontar som ikkje var i bruk, så bestemte vi oss for å greie dette med ressursar vi alt hadde. Eg og Steinar spekulerte fram og tilbake. Korleis skal vi få inn halmen, og korleis skal vi få ut halmen. Korleis blir det nok luft, men ikkje trekk, korleis skal vi fôre dei og vil dei halde seg friske?

Målet er auka dyrevelferd. Vi har friske og fine kalvar i dag, men når 25 kalvar får boltre seg på 60 kvadratmeter med tørr halm og i frisk luft, så trur eg på ein lukkelegare kalv.

I skrivande stund er småkalvane enno i fjøset, og vi er ikkje heilt i mål enno. Men halmen er bestilt og i kvar ledig stund, så jobbar vi oss nærmare målet. Dette vert veldig spanande.

Ny kraftfôrsilo

Då min far bygde fjøsen, så vart det laga to innvendige kraftfôrsiloar som romma tre tonn kvar. Med luker i golvet på låven, så har det til alle tider vore ei utfordring å halde vatn frå slott og rundballar vekke frå kraftfôret. Det skulle lite til før vatn fann vegen ned i ein silo, og då veit du korleis det gjekk med kraftfôret. I tillegg så vart heile silobygget dekka av kraftfôrstøv for kvar levering. Til tider så gale at brannalarmen løyste seg ut. Så seier det seg sjølv at fem-seks tonn i slengen ikkje varte lenge, og eg måtte bestille kraftfôr kvar månad i periodar.

Når plasseringa var endeleg bestemt, så var det å grave ut masse også her, fylle på med litt pukk, forskale, kappe til armering og støype sokkel. No ventar vi berre på at den nye siloen skal kome på plass. Den tek 12 tonn, og vil definitivt vise att. Det er kjekt når ein realiserer ein tanke som ein har hatt ei tid. Ein veit ofte kva ein burde gjere, men så er det å gjere det då...

Sokkel er støypt til den nye kraftfôrsiloen.

Psykisk helse

Det er godt å ha prosjekt som kalvar i garasjen og ny kraftfôrsilo å tenkje på når sola ikkje vil kome og regnet ikkje vil gå. Hausten vert sikkert fin i år også, og det er både vel og bra, men kva gjer det med oss som bønder når vinteren kjem med sitt tunge mørke utan at vi har fått ny energi frå lys og solrike dagar? Korleis har vi det når vi ser graset rotne på rot og bøane bli svarte av mold ? Greier vi også denne gongen å gløyme det som var tungt og tenkje at det blir betre tider?

Eg tenkjer på det som er sagt, at vi vil få stadig våtare somrar. Kan det stemme at det er slik det blir framover? Gardane blir større og ein har meir areal å slå. Då blir traktorane større og utstyret likeså. Buskapen er større og det er fleire som skal ut å gå på beita. Er vi på ville vegar? Alt er i utvikling, og slik må det vel vere.

Men kven snakkar vi med når motbakkane blir tunge og mange? Er der nokon att i bygda som forstår kor alvorleg det kjennest når arbeidsdagen blir prega av motløyse? Kven kan du dele din frustrasjon med, og tek du deg i det heile tid til det?

Ja, visst er vi hardhausar og vi veit godt at vi bur på Vestlandet, men vi er menneske og belastninga kan bli for stor. Dersom vi som eig og steller dyra ikkje har det godt, så går det lett utover dyrevelferda. Ein veit aldri når begeret blir for fullt, og ein veit ikkje kven det rammar. Eg oppfordrar alle til å ta minst ein telefon til ein kollega og spørje korleis det står til. Gjer det i dag! Vi må bry oss.

Eg og Emilie gler oss til vi får kalvane i garasjen.