Helse

Korleis hindre BRSV- og coro nasmitte mellom besetningar?

Smitteforsøk syner kor viktig det er med gode rutinar i smitteslusene. God handvask og byte av støvlar og overtrekksklede kan hindre at virus kjem inn eller følgjer med ut av ein besetning.

Veslemøy S. Oma

Stipendiat

NMBU Veterinærhøgskolen

veslemoy.oma@nmbu.no

Thea B. Klem

Postdoktor

NMBU Veterinærhøgskolen

BRSV kan gi lungebetennelse og unormale lydar frå lungene.

Foto: Ingrid Toftaker

Bovint coronavirus (BCoV) og bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) er to viktige virus hos storfe i Noreg. Begge virusa kan gi luftvegssjukdom, og coronavirus kan i tillegg gi smittsame utbrot av diaré, kalla vinterdysenteri. Virusa gir i dag store økonomiske tap, og det kan vere mykje å tene på å førebygge infeksjonar og utbrot.

Kor lenge er dyr ­smittefarlege?

Det er stor sjanse for smitte ved kjøp av ungdyr, og mange lurer på kor lenge dyr er smittefarlege etter at dei er innkjøpte eller har vore sjuke. I lengre tid har forskargruppa «Virusinfeksjonar hos storfe» ved NMBU Veterinærhøgskolen arbeidd med desse virusa. For å betre forstå korleis ein kan hindre smitte av virusa mellom besetningar, har to smitteforsøk med virusa blitt gjennomført i samarbeid med Veterinærinstituttet og Sveriges Lantbruksuniversitet. Vi undersøkte mellom anna kor lenge dyr er smittefarlege etter infeksjon med coronavirus (diaré- og luftvegsvirus) og BRSV (luftvegsvirus) og om folk og utstyr kan overføre virusa mellom besetningar. I denne artikkelen vil vi gjere greie for dei viktigaste funna i smitteforsøka og kva tyding dette kan ha i praksis.

Smitteforsøk med bovint coronavirus

I dette forsøket vart fire kalvar smitta ved kontakt med kalvar frå ein besetning med vinterdysenteri. Dei smitta kalvane starta raskt å skilje ut virus, allereie etter to dagar kunne vi påvise virus i nase og avføring. Samtidig begynte dyra å vise teikn på sjukdom som lausare avføring, høgare temperatur og hoste. Symptoma var på sitt mest alvorlege etter om lag ei veke, før dei gradvis vart betre, mens enkelte av kalvane fortsette å hoste og hadde laus avføring i fleire veker etter dei vart smitta. Dei tydelegaste symptoma kom frå luftvegane, og fleire av kalvane trengte behandling mot lungebetennelse. Det er interessant å merke seg dei ulike symptoma på kalvar og vaksne. Mange av dei vaksne dyra frå besetningen smitta kom frå, hadde alvorleg diaré med blod i avføringa, mens dei fleste av kalvane hadde mild eller ingen diaré, og meir alvorlege luftvegssymptom. Virusutskiljinga varte lenge, i over fem veker, men då vi introduserte to nye kalvar etter tre veker, vart ikkje desse smitta. Det kan tyde på at kalvar ikkje er smittsame tre veker etter at dei sjølv blei smitta.

Smitteforsøk med BRSV

I BRSV-forsøket vart seks kalvar smitta ved kontakt med to kalvar som var eksperimentelt infiserte med BRSV ved å etterlikne naturleg smitte slik det føregår ute i besetningar. Kalvane starta raskt å skilje ut virus også i dette forsøket. Det tok frå eitt til fem døgn før alle kalvane skilte ut virus frå nasen. Som ved infeksjon med coronavirus begynte kalvane samtidig å vise teikn på luftvegssjukdom. I starten fekk dei mild hoste og snørring som vart meir og meir alvorleg ut i forløpet. Etter nokre dagar fekk dyra tydeleg raskare pust, men feber fekk dei først etter om lag ei veke. Sjukdomsteikna var tydelegast etter 1-2 veker, men hos enkelte såg vi teikn slik som hoste i mange veker etter at dei vart smitta. Virus i nasen vart hos enkelte av kalvane påvist så lenge som i fire veker. Då vi på dette tidspunktet introduserte to nye kalvar, vart ikkje desse smitta, verken av miljøet eller dei andre kalvane. I tillegg utførte vi laboratorieundersøkingar for å finne ut meir om kor lenge ein enkelt kalv kan smitte ein annan. Resultata frå desse undersøkingane kan tyde på at dei ikkje var smittsame etter tre veker.

Thea Klem tar svaberprøve frå nasen til ein kalv for påvising av virus.

Foto: Ingrid Toftaker

BRSV-smitta kalv som hostar og pustar anstrengt.

Foto: Ingrid Toftaker

Smittefare i praksis – tid i karantene

I smitteforsøka var ikkje kalvane smittefarlege etter tre og fire veker. Dette var ei lukka gruppe, der ein var sikker på at alle dyra blir utsett for smitte samtidig. I ein besetning med mange dyr som blir smitta på ulike tidspunkt er det vanskelegare å seie eit tidspunkt for når besetningen ikkje lenger er smittefarleg. Ein tommelfingerregel er å vente to veker etter at alle dyra er symptomfrie før sal av dyr, men dette er sjølvsagt ingen garanti for smittefridom. Dersom ein ønskjer å nytte karantene før ein tar inn nye dyr i besetningen, er det viktig at desse blir halde godt åtskilt frå resten av buskapen, og at dei nye dyra blir ståande lenge nok i karantene. Basert på erfaringane i forsøka trur vi det vil vere nok med fire veker for om lag like store grupper av dyr. Dersom dyra viser sjukdomsteikn må tida sjølvsagt utvidast. Såpass lang tid blir anbefalt for at nyleg smitta dyr skal rekke å skilje ut virus, smitte dei andre, og deretter at alle dyra skal slutte å skilje ut virus før dei blir sett inn til resten av besetningen. Det vil vere krevjande å hindre smitte mellom besetningen og dyra i karantene, men det kan senke smittepresset, slik at sannsynet for å få sjukdom blir mindre. I denne perioden bør ein ikkje gå mellom karantenedyra og resten av buskapen utan handvask og klesskifte.

Smitte via folk og utstyr

Virusa smittar ikkje berre direkte frå dyr til dyr, men kan også bli overførte frå gard til gard via folk og utstyr. For å undersøke sjansen for at dette kan skje, tok vi prøver frå nasane til folk som var i kontakt med dei smitta kalvane, samt klede og utsyr som var i bruk under smitteforsøka. Virusa vart funne i nasen til folk i opptil fire timar etter dyrekontakt. Sjølv om virusa var til stades ein stund etter kontakt med dyra, er overføringsfaren og mengda virus truleg for lita til at menneskas luftvegar utgjer nokon stor smittefare.

På overtrekksfrakkar, klokke, stetoskop og spylte støvlar, fann vi virus eit døgn etter at dei var brukt inne hos dyra. Det kan verke som at særleg coronavirus har evne til å overleve lenge på utstyr dersom ein ikkje reingjer med såpe og varmt vatn. På utstyr er dermed sjansen stor for å dra med seg smittsame mengder virus dersom ein ikkje byter eller desinfiserer støvlar og anna utstyr mellom gardsbesøk.

Det vi fann i smitteforsøka understreker kor viktig det er med gode rutinar i smitteslusene. God handvask og byte av støvlar og overtrekksklede kan hindre at virus kjem inn eller følgjer med ut av ein besetning. Kjøp og sal av dyr inneber alltid ein risiko for overføring av sjukdom. Det er dessutan viktig å opplyse om teikn på sjukdom hos dyr i besetningen, og ikkje selje dyr før det har gått minst to veker etter at alle er friske ved mistanke om smittsam sjukdom.

Bovint coronavirus (BCoV)

Virus som kan gi diaré og luftvegssjukdom hos storfe i alle aldrar. Kan gi epidemiar med diaré hos vaksne storfe, kalla vinterdysenteri. Dette skjer vanlegvis haust, vinter og vår og kan gi store fall i mjølkeproduksjonen. Blod i avføringa og samtidig hoste er ikkje uvanleg under utbrot av vinterdysenteri.

Bovint respiratorisk ­syncytialvirus (BRSV)

Virus som kan gi luftvegssjukdom hos storfe. Kan gi epidemiar med hoste. Dette skjer vanlegvis på hausten og vinteren. Viruset sirkulerer også vår og sommar, men då blir ofte ikkje dyra sjuke.

Begge virusa er viktige årsaker til luftvegssjukdom hos ungdyr, og banar veg for bakterielle infeksjonar.