Reportasje

Jærmessa 2017

Siste helga i august er eit høgdepunkt for mange kuinteresserte bønder, ungdommar og ungar i Jærregionen. Då møtest ein for å visa fram kyr og kalvar ein har brukt tid og krefter på å trena og stella. Den gode drøsen med andre likesinna og spenninga med konkurransane gjer god stemning.

Inga Skretting Timpelen

Mjølkeprodusent

ingaskretting@gmail.com

1 Nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tadjik delte ut premie og fekk sola seg i glansen av Gullkua denne dagen. Litago er etter 5603 Lien og eigar er Timpelen Ku. Kua har hatt 10 kalvar, livstidsproduksjon på 106 000 liter og kalvingsintervall på 11,8 månader.

Nytt av året på Jærmessa var at ku, ungdoms- og kalvemønstring var på same dag, sundagen. Fem deltakarar i ungdomsmønstringa og sju deltakarar i kalvemøntringa viste fram velstelte dyr på ein flott måte. 19 kyr stilte opp i konkurransane om å verta Miss Jæren eller Gullkua, fordelt på ni NRF, sju Jersey, to Holstein og ei kryssningsku. I år vart det ny rekord med fem deltakarer i «Gullku»-klassen, der kyrne må ha fullført tri laktasjonar for å delta. Her er det ein fordel å ha hatt mange kalvar. I tillegg får kyrne poeng for yting, kalvingsintervall, celletal og eksteriør. Dommarar for NRF-klassane og Open klasse var Eivind Røyneberg og Endre Joa. Keld Kristensen dømde ungdomsmønstringa og holstein- og jerseyklassane. Bjarte Njå og Lene Iren Rangen dømde kalvemønstringa.

2 Vinnar av Miss Jæren kåringa vart den som også vart kåra som beste holstein, andrekalvskua 871 Ukulele etter 33323. Ho fekk 9,5 poeng på kropp/bein og 4,5 poeng på jur og første premie. Eigar og mønstrar Erlend Harestad.

3 Beste 1. kalvs NRF vart ku nr 1100 etter10923 Prestangen til Joar og Alise Skadsem. Ho fekk 8,5 poeng på kropp/bein og 4,5 poeng på jur. På andreplass kom 787 etter11033 Reitan frå Skretting Ku og tredjeplassen gjekk til 549 Camilla etter 11060 Nymoen frå Torbjørn Garborg. Marie Hognestad Brådli som mønstrar kua vann ungdomsmønstringa.

4 Beste eldre NRF og beste NRF totalt. Mikkel Skretting mønstrar andrekalvskua 749 etter 11284 Skretting frå Skretting Ku DA. 749 Ho fekk omtalen «høgstilt ku av god type, gode bein, godt festa jur med litt tette bakspenar» og 8,5 poeng for kropp/bein, 4 poeng for jur. Denne er forresten GS-testa med imponerande 55 i samla avlsverdi. Til venstre Torbjørn Garborg si fjerdekalvsku Mari etter 28006 Facet som kom på andreplass i klassen. Denne var også med i «Gullku»-konkurransen. 663 etter 2805 Bangkok frå Aarsland kom på tredjeplass. I det heile var det god kvalitet på klassen eldre NRF, med tri førstepremiar og tri andrepremiar. At fire av dei seks som stilte i denne klassen hadde hatt fire kalvar eller meir vitnar om at NRF-kua også kan ha god haldbarheit.

5 444 Malena etter 27010 til Tunheim Jersey samdrift vart kåra til beste eldre jerseyku og beste jerseyku totalt og kom på andreplass i Gullkukonkurransen. Ho har hatt heile ni kalvar. Mønstra av Kåre Sigurd Undheim.

6 605 Littla Drobla stilte i klassen som er open for kryssningar og kyr av andre rasar enn NRF, Holstein og Jersey. Ei flott førstekalvsku som er halvt Sida trønder- og Nordlandsfe og halvt jersey. Ho fekk 8 poeng for kropp/bein og 4 poeng for jur og første premie. Mønstrar er Eirik Mikal Tjåland.