Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Dyrlegens kvardag

Skjedeframfall

Med jamne mellomrom vert eg kontakta av bønder som har kyr med skjedeframfall. Dette er ein tilstand der skjedeveggane vert vrengt ut av kjønnsopninga.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Det er fleire måtar å behandla skjedframfall, eg likar best å sy dei att med skjedeband. Det er ein vanleg komplikasjon at det oppstår hevelse i området etter at dei er attsydde. Kyr som vert sydd att etter kalving, kan gå med suturen resten av livet, for dei bør utrangerast på fornuftig tidspunkt og ikkje inseminerast på nytt.

Ofte kan ein sjå tendensar til skjedeframfall hjå høgdrektige kyr når dei ligg, men framfallet glir inn att når dyra reiser seg. Så lenge det glir fint inn att av seg sjølv, ser eg ikkje på det som noko problem. Skjedeframfallet kan sjå ut som ein rosa ball i skjedeopninga.

Kontakt dyrlege

Viss derimot framfallet vert hengande ute lenge etter at kua har reist seg, vert det ofte tilgrisa av avføring, og slimhinna kan bli sår og hard. I slike tilfelle bør ein kontakta dyrlege og setja inn tiltak.

Av og til kan også urinblæra vera inne i framfallet, då er det også knekk på urinrøyret og kua får følgjeleg ikkje urinera. Dette er forståeleg nok veldig ubehageleg for kua, og ved slike framfall, må kua ha hjelp.

Kan komma både før og etter kalving

Det er ofte i siste del av drektigheita at dei fleste får skjedeframfall, men det kan også komma tilbake etter kalving eller visa seg for fyrste gong utan at kua er drektig. På slutten av drektigheita vert ligamenta meir tøyelege samstundes som presset frå fosteret gjer sitt til at skjedeveggane vert vrengt ut i større eller mindre grad. Hormonelle variasjonar spelar inn, og dyr i brunst eller dyr som står med eggstokkcyster kan vera meir utsett enn andre. Det kan også tenkjast at arv spelar ein rolle, for enkelte rasar som til dømes Hereford verkar å vera meir utsett enn andre.

Behandling

Når eg reiser ut til ku med skjedeframfall, pleier eg å bedøva kua, skylla av framfallet og stappa det inn att. Deretter syr eg att skjedeopninga. Her er det fleire alternativ til behandling, nokon stoppar framfallet med spesiallaga «pinnar», og det finst også framfallsele til ku. Eg har veldig god erfaring med tilsvarande sele til søye, men har ikkje praktisk erfaring med sele til ku.

Oppbygt bås

Viss ein tek tak i framfallet før det har blitt for stort eller slimhinna er blitt irritert, og ein har båsfjøs, kan ein byggja opp båsen til kua i bakkant. Dette er ein effektiv og fin metode å løysa problemet på, særleg på kyr som får det på slutten av drektigheita. På dette viset får ein hjelp av tyngdekrafta med at bakparten på kua vert om lag 25 cm høgare enn framparten, og følgjeleg stoppar ein skjedeframfallet. Ein skal vera klar over at kalvinga også vil gå tregt i «motbakke», så når kua er kalvsjuk, må ein flytta ho til ein vanleg bås eller kalvingsbinge og la ho kalva der.

Godt tilsyn

Eg synest også det er litt ubehageleg å sy att kyr før kalving, særleg viss ein ikkje er sikker på kalvingsdatoen. Attsydde dyr må ha særleg godt tilsyn når kalvinga nærmar seg, slik at ein får klipt opp suturen når kalvinga er nært føreståande. Når ein veit kalvingsdatoen, kan ein også setja i gang kalvinga ei stund før termin og på den måten ha full kontroll med å få vekk suturane.

Utrangeringsgrunn

Skjedeframfall er ein tapsbringande sjukdom, og for dyr som er plaga med dette, er det lurt å utrangera dei på gunstig tidspunkt. Magekjensla mi seier at dette er blitt eit aukande problem, også innan mjølkeproduksjon, så kanskje det kan vera noko Geno bør sjå meir på når dei vel ut dyr som skal inn i avlen i stor stil.