Reportasje

God lønnsemd i
godt kvigeoppdrett

Alle ynskjer seg friske, produktive kyr med høg livstidsproduksjon. For å få til dette, bør ein ha ein plan for kvigekalven frå den er fødd, overvaka tilveksten regelmessig og gjera endringar undervegs dersom det er naudsynt.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

Jon Kristian Sommerseth har tatt doktorgrad på kvigeoppdrett, og han tilrår alle å ha ein plan for kvigene sine og setja seg mål for kvigeoppdrettet sitt. Han er sjølv mjølkeprodusent i Nordland i tillegg til å jobba 50 prosent for Tine. Foto: Privat

Kvigeoppdrettet utgjer den nest største kostnaden i mjølkeproduksjonen (15 -20 prosent), etter fôrkostnad til mjølkekyrne. Med ein smart strategi for kvigeoppdrettet, kan det vera mykje pengar å henta i form av kalving ved lågare alder, høgare mjølkeproduksjon og meir haldbare dyr.

Jon Kristian Sommerseth har tatt doktorgrad på kvigeoppdrett, og han slår fast at det er berre å la NRF-kviga veksa godt slik at ho er stor nok til inseminering (390 - 400 kilogram/166 – 170 cm brystmål) ved 13 månaders alder og kalving ved 22 månaders alder (560 – 580 kilogram /191- 193cm brystmål) dersom det elles passar inn i driftsopplegget.

— Dette treng ikkje vera vanskeleg. Me må gjera det enkelt og setja oss mål og delmål, og når me lukkast på kvigesida med god tilvekst og riktig hold, då kjem ofte ytinga av seg sjølv, seier Jon Kristian. Han er sjølv oppvaksen på mjølkegard i Nordland, og tok over drifta der 1. august i år. No jobbar han 50 prosent i Tine, men har hatt full stilling i Tine rådgiving og medlem i 11 år med unntak av 3,5 år då han utførte doktorgradsarbeidet sitt.

Gunstig med høg tilvekst fram til inseminering

Kviger som kalvar ved 22-månaders alder har ikkje mindre livstidsproduksjon enn dei som kalvar ved høgare alder. Det er viktig at kvigene er store nok (560 – 580 kilogram/191-193 cm brystmål) og i rett hold (rundt 3,5) ved kalving. Fjellbeite er «midt i blinken» for ei kvige som skal utvikla stor vom med høgt grovfôropptak utan å bli feit.

I Noreg er gjennomsnittsalderen på førstekalvarar 26 månader, og noko av grunnen til at kvigene er blitt så gamle, kan vera danske anbefalingar frå 1980- og 1990-talet som ikkje tilrådde høg tilvekst på kvigekalvar. Prosjektet Jon Kristian gjorde doktorgradsarbeidet sitt på, har tilbakevist denne teorien og slått fast at tilvekst på 800 - 900 gram per dag fram til inseminering kan vera ein god og lønnsam strategi.

— Kvigene kjem gjerne i brunst når dei veg rundt 280 – 300 kilogram, og hormonsvingingane mellom østrogen og progesteron gjennom brunstsyklusane er gunstig for jurutviklinga og for framtidig mjølkeproduksjon, fortel den engasjerte rådgivaren og bonden. Kvigene kan derfor med fordel ha 3 – 4 brunstar før dei vert inseminerte, og skal kalvingsalderen reduserast, betyr dette at dei må nå kjønnsmodning tidlegare.

Han seier også at tilvekst på over 950 – 1000 gram per dag på kvigekalvar og kviger ikkje er gunstig for framtidig mjølkeproduksjon, så ein må ikkje falla for freistinga å sprengfôra heller.

Bremsa tilvekst etter at kviga er drektig

Når kvigene er bekrefta drektige, må ein bremsa tilveksten slik at gjennomsnittet gjennom drektigheita ligg på om lag 600 gram per dag samstundes som at grovfôropptakat bør vera høgt. Dette betyr ofte at energikonsentrasjonen i rasjonen må begrensast.

— Dersom ein klarar å styra holdet på kviga, er det ingen problem å la ho veksa godt, men me må unngå feite kviger, poengterer Jon Kristian. Han seier vidare at me ynskjer kviger med stor vom som er gode til å eta grovfôr, men at dei kan eta langt meir enn dei har behov for. Når dei er bekrefta drektige, kan ein derfor ofte kutta ut kraftfôret og berre gi dei vitamin- og mineraltilskot i tillegg til grovfôr.

Beiting

Beiting kan ofte by på utfordringar fordi erfaringar tilseier at det er vanskeleg å halda oppe tilstrekkeleg god tilvekst gjennom heile beiteperioden.

— Her er det smart å måla tilveksten før og etter beiting for å evaluera tilveksten og eventuelt setja inn tiltak, seier Jon Kristian. Ofte må ein bruka fulldyrka areal for å oppnå god nok tilvekst på yngre kviger, men det er i mange tilfelle uaktuelt fordi ein treng det til vinterfôr. Gode tiltak for å oppretthalda akseptabel tilvekst på beite kan vera å sleppa dyra tidleg ut medan graset er kraftig og rikt på energi, spe på med tilleggsfôring utover i sesongen, og setja dyra inn tidleg når beita byrjar å tapa seg.

— Kvigene har også god evne til å ta att tapt tilvekst, såkalla «kompensasjonsvekst», og denne effekten varer eitt par månader, så etter innsett, kan ein gjerne fôra hardt viss beitetilveksten har vore lågare enn ynskjeleg, seier den erfarne rådgivaren.

Tine Produksjonskontroll

For Tine-eigarar ligg det eit godt analyseverktøy i Kukontrollen under «Produksjonskontroll kjøtt - livkvige». Her kan ein leggja inn målsetjingane sine som alder og vekt ved kalving, og når ein gjer brystmålingar på dyra, så kjem desse inn i skjemaet, og ein ser om ein ligg an til å nå målsetjinga. Ein kan gjerne måla brystomfanget ved fødsel, ved avvenning frå mjølk, rundt tre månader, før og etter beitesommar, ved inseminering og ved kalving.

Lønnsamt med kalving på 22 månader

Førstekalvskyr er oftast dei som mjølkar minst i besetningane, og grunnen til det er at dei skal både veksa, mjølka, komma i brunst og bli drektige att. Det er derfor lurt å la desse vera så store som råd og i rett hold (rundt 3,5 holdpoeng) når dei kalvar, slik at dei slepp å veksa så mykje etter kalving.
I 2019 mjølka førstekalvskyr i gjennomsnitt 6 953 kilogram mjølk med feittprosent på rundt 4,34 og proteinprosent på rundt 3,50, og dette tilsvarar 7 357 kg EKM.

— Målsetjinga for mjølkeytinga på den enkelte gard varierer veldig, men for mange kan ein setja seg eit mål om å bli betre enn gjennomsnittet, seier Jon Kristian som eigentleg ikkje vil pressast til å gi eit eksakt tal for kva ei NRF førstekalvsku skal prestera. Her spelar mellom anna forhold som storleik på mjølkekvote, tilgang på grovfôr og tilgjengeleg fjøsplass inn. Han seier vidare at viss kviga kalvar ved 22 månaders alder og mjølkar mindre enn dei som kalvar seinare, så kan det vera greitt sidan ho byrjar å «levera» ved så ung alder i høve til ei som kalvar seinare. I forsøket på NMBU viste det seg at kviger som kalva ved 22 månaders alder ikkje hadde noko mindre livstidsproduksjon enn ei som kalva ved høgare alder.

Stor utrangeringsprosent

Om lag 1/3 av fyrstekalvarane vart utrangerte i 2019, og det kan tenkjast at mange av desse vart slakta fordi dei ikkje kom i brunst eller vart drektige innan rimeleg tid.

— Dersom ein har fokus på kvigeoppdrettet heile vegen, gjer målingar undervegs og korrigerer tilveksten slik at kviga er stor og i rett hold når ho kalvar, så vil dei fleste mjølka godt samstundes som dei har overskot til å komma i brunst og bli drektige att, seier den stødige rådgivaren. Kvigeoppdrettet utgjer ein stor kostnad, og når ein har fått dei fram til ­kalving, så er det ynskjeleg at dei held lenge, avsluttar Jon Kristian.