Fôr

Kva informasjon kan langvarige forsøk i eng gje?

Innhald av organisk materiale i jordlaget 0-30 cm er i sum nokså likt, men ulikt fordelt, om det er langvarig eng, eller kortvarig eng som vert fornya med pløying. Langvarig eng verkar til høgare moldinnhald i det øvste laget, og til større vasslagringsevne. Langvarig eng kan ha god plantesetnad og avling når dreneringstilstand og luftporevolum er tilfredsstillande.

Samson Øpstad

Nibio

samson.opstad@nibio.no

Ievina Sturite

Nibio

Hugh Riley

Nibio

Merete Myromslien

Nibio

Therese Mæland

Nibio

Omlaupsfelt Furunestet. Forsøksruter med plantesetnad etablert ved attlegg i 2017 i øvre biletkant. Dei lyse rutene i høgre biletkant er nullruter i varig eng utan tilført gjødsel. Foto: Ievina Sturite

For å undersøkja kva avlingsmengde og avlingskvalitet som kan oppnåast på varig eng samanlikna med kortvarige engomlaup (3 og 6 engår), vart det i 1968 lagt ut feltforsøk på Særheim (Rogaland), Fureneset (Sogn og Fjordane) og Svanhovd (Finnmark). I forsøksfelta på Særheim og Fureneset vart det undersøkt verknad av to- og tre gonger slått utan beiting og to opplegg med vår- og/eller haustbeiting med sau eller storfe. Forsøksopplegget på Svanhovd var tilpassa ein kortare vekstsesong og resultata vert i denne artikkelen lite omtala. Forsøka har hatt ­inndeling i tre tidsperiodar; 1968- 1991, 1992-2011 og 2016-2020. Feltet på Fureneset vart etablert på ny stad i 1974, då dreneringstilstanden ikkje var tilfredsstillande på første forsøksstad. Frå 1992 vart forsøksopplegget forenkla. Beiting i kombinasjon med slått vart teke bort. Husdyrgjødsel (gylle) kombinert med fullgjødsel kom med, mot at det tidlegare berre var ulik gjødsling med fullgjødsel. Det vart anlagt ny varig eng i tillegg til den som var med frå start.

Omtale av resultat frå første forsøksperiode

Oppsummering frå første forsøks­periode (1968/1974-1991) var at regelmessig pløying og fornying av enga etter 3 og 6 engår ikkje ga betring av avlingsmengde eller avlingskvalitet i forhold til varig eng. To slåttar og varsam haustbeiting med storfe (ungdyr) ga større avling enn tre slåttar, både i varig eng og i 6-årig engomlaup.

Omlaupsfelt Særheim. Foto: Ievina Sturite

Forsøksopplegget frå 1992

V1: Varig eng utan fornying sidan forsøksstart (1968/1974)
V2: Varig eng etter fornying i 1992

E6: 6-årig omlaup med eng, ­pløying og direkte attlegg
E3: 3-årig omlaup med eng, ­pløying og direkte attlegg

Forsøksrutene vart delte opp i behandlingar med fullgjødsel, og kombinasjon av gylle og fullgjødsel. For begge gjødslingsalternativa har det vore ei vidare deling i normal gjødsling (21 kg N/dekar) og sterk gjødsling (32 kg N/dekar).

Avlingsresultat og plantesetnad i andre forsøksperiode

Figur. Sjiktfordeling av organisk materiale i jorda (målt som glødetap). Både på Fureneset og Særheim hadde varig eng høgast innhald av organisk materiale i det øverste jordsjiktet. 6-årig eng hadde jamn fordeling ned til 20 cm, 3-årig eng jamn fordeling ned til 30 cm.

Avlingsresultat frå andre forsøksperiode stadfesta at varig eng produserte om lag like mange fôreiningar som kortvarig eng. I omlaupsfeltet på Særheim var avlinga om lag 1 000 kg tørrstoff pr. dekar årleg på 20 og 40 år gamal eng. På Fureneset var årsavlinga mellom 800 og 900 kg tørrstoff pr. dekar. Mindre avling i attleggsåret var mykje av grunnen til at engfornying i snitt for omlaupsperioden ikkje heva avlingsnivået. Varig eng inneheldt vesentleg meir tofrøblada urter og ikkje sådde grasartar enn eng som vart fornya etter 3 og 6 år med pløying. I 40 år gamal eng på Særheim var det registrert ein god del kveke. På Fureneset utgjorde kveke høvesvis 19 prosent i 40 års eng og 25 prosent i 20 års eng. I den eldste enga var det ein del timotei (5-15 prosent), engsvingel (0-5 prosent), rappartar (10-50 prosent), raigras (12-45 prosent), litt hundegras og kvein, og innslag av ymse andre grasartar. På Fureneset var markrapp ein stor del av rappartane, og på Særheim var raigras eit stort innslag.

Omtale av drenerings­tilstand

Dreneringstilstanden i omlaupsfelta på Særheim og Fureneset er bra. Det er gjort punktvis utbetring av dreneringsfeil. Tilfredsstillande dreneringstilstand var avgjerande for at felta har kunna drivast, og at jamt bra avlingar vart oppnådd. I feltet på Svanhovd vart det utfordringar knytt til dreneringstilstand som etterkvart påverka både avlingsresultat og plantesetnad. Det førte til stort innslag av ­krypsoleie, og krypsoleia konkurrerte også ut sådde grasartar i eng med 3- og 6 årig omlaup. Dreneringa på Svanhovd vart utbetra i 2017.

Jorda på forsøksfelta

Mineraljorda i forsøksfeltet på Fureneset er siltig sand, med om lag 50-60 prosent sand der største­delen av sandfraksjonen er finsand. Silt utgjer om lag 40 prosent og leir om lag 5 prosent. Innhaldet av silt og leir aukar svakt med djupna. Mineraljorda på ­Særheim er også siltig sand, der med om lag 65 prosent sand. På Særheim er innhaldet av grovsand og mellomsand litt høgare enn på Fureneset, men finsand er her også dominerande sandfraksjon. Silt utgjer 33 prosent og leir 4 ­prosent. Innhaldet av grus i jorda var lågt begge stader. Jordteksturen var såleis nesten lik på dei to forsøksfelta.

Moldinnhald, driftsmåte og omlaupslengde

Jordprofil frå langvarig tidsserie i eng frå Fureneset (A) og Særheim (B). Jordfargen i ploglaget er markert mørkare begge stader. Jordfargen på B- og C-sjiktet i jordprofilet på Særheim (brungult) indikerer betre naturleg drenering av vatn enn jordprofilet på Fureneset. På Fureneset har øverste del av B-sjiktet preg av overgang frå A-sjiktet, C-sjiktet (undergrunnsjord, dominert av sandig silt, og med 5-10 prosent leir) er gråleg og indikerer ufullstendig drenering. Foto: Christoph Moni, NIBIO.

Det er eit auka fokus på innhaldet av karbon i jord, om og korleis ein kan auka bindinga av karbon i jord. Langvarige forsøksfelt i landbruket kan koma til nytte med opplysningar og kunnskapsbidrag på område som i utgangspunktet ikkje var sett på som det primære.

Etter avslutta forsøksperiode to vart det teke ut sylinderprøver av jord i fleire djup på forsøksfelta for måling av jordfysiske forhold, og av glødetap i jorda som eit uttrykk for moldinnhald og korleis for­delinga var nedover i jorda, og om driftsmåten har hatt innverknad på totalinnhald og fordeling. ­Prøveuttaket av jord i stålsylindrar vart gjort frå tre djupnelag i jorda; 5-10 cm, 15-20 cm og 25-30 cm, frå ruter der det vart gjødsla normalt (21 kg N/dekar) med kombinasjon gylle og fullgjødsel.

Middels moldinnhald var om lag 8 prosent i feltet på Særheim og 11 prosent på Fureneset. Begge ­stader er i klasse moldrik jord (6-12 prosent mold).

På forsøksledda med varig eng var moldinnhaldet i øvre jordlag høgare enn i dei underliggjande laga, og vert kjenneteikna som svært moldrik jord (12-20 prosent mold). I kortvarig eng var det ei meir jamn fordeling i dei undersøkte jordlaga. Driftsmåten har verka til dette.

I forsøket på Fureneset var mold­innhaldet i det øvste jordlaget (5-10 cm) høgare på dei to ledda med varig eng enn på ledda med kortvarige omlaup, men skilnadane innanfor dei to hovud­gruppene var ikkje statistisk sikre (figur 2).

I forsøket på Særheim var moldinnhaldet i det øvste jordlaget på leddet med varig eng frå 1968 sikkert høgare enn på dei andre forsøksledda, og leddet med varig eng frå 1992 hadde høgare moldinnhald i øvre jordlag enn eng som var fornya etter 3-års omlaup.

På begge forsøksfelta var det teikn til ei jamnare fordeling av moldinnhaldet i djupna 0-30 cm med 3-årig omlaup enn på dei andre ledda, men utslaga var ikkje statistisk sikre. Summane av totalinnhaldet av organisk materiale i heile denne djupna synte ingen sikre skilnader mellom dei fire ulike engomlaupa , korkje på Fureneset eller Særheim.

Tidlegare seriar med feltforsøk i gamal eng på Vestlandet syner:

Avlingsnivået er i stor grad fastlagt av: jord, klima og driftsmåte.

Dreneringstilstand og kalktilstand er avgjerande for plantesetnad i enga og grasavlingane over år.

Når timotei og markrapp i sum utgjer meir enn 25 prosent av plantesetnaden i gamal eng er det lite eller ikkje noko å henta i avlingsauke med engfornying i medel for fem år, om avlingsmengda i utgangspunktet er kring 900 kg tørrstoff eller høgare.

Omlaupslengde og jordfysiske forhold

På Fureneset var det høgare innhald av sand og grus i det øvste jordlaget med 3-årig omlaup enn på langvarig eng, som tyder innblanding av jord frå underliggjande lag ved pløying. Varig eng hadde høgast porevolum, og størst vasslagring i det øvste jordlaget, medan eng fornya ved 3-årig omlaup hadde stor vasslagring i dei djupare jordlaga. Variasjon i moldinnhald er truleg sterkaste forklaringsgrunn til ulikskap i vasslagringsevne. Jord med høgt moldinnhald, og med høgt porevolum og kapasitet for vasslagring, treng lenger tid for å tørka. Jorda sin luftkapasitet (målt som volum- prosent luft ved dreneringslikevekt) var tilstrekkeleg høgt på begge felta med høvesvis 10 prosent i gjennomsnitt på Fureneset og 12 prosent på Særheim. Luftkapasitet i jorda er difor ikkje avgrensande for plantevekst, med unnatak av periodar med mykje nedbør over tid. Slike forhold førekjem mest på seinsommar/-haust knytt til mykje samanhengande nedbør, lågare temperatur, og mindre fordamping.

Omtale av avlingsmengde og avlingskvalitet frå etter 2016 kjem i ein seinare artikkel.