Dyrevelferd
Avhorning

Ta tyren ved horna

Innan aldersspennet to til seks veker kan ein tilpasse tidspunkt for avhorning etter kva som passar miljø og stell, heller enn etter alder på kalven.

Håvard Nørstebø

Spesialrådgiver/veterinær, Tine Rådgiving

havard.norstebo@tine.no

Kolbjørn Nybø

Fagleder/veterinær, Tine Rådgiving

Undersøkingar viser at kalvar toler avhorning like godt når dei er 2, 4 og 6 veker gamle. Prat med veterinæren om korleis avhorninga kan gjerast best mogleg i di besetning. Foto: Rasmus Lang-Ree

Ein treng ikkje prate med mange produsentar og veterinærar for å forstå at det er ulike oppfatningar og ulik praksis kring tidspunkt for avhorning av kalv. Målet bør vera at avhorninga skal vera så skånsom som mogleg og at rekonvalesensperioda skal vera så god som råd. Men, som alltid er det ein del praktiske omsyn å ta. Er det mogleg å tilrå eit optimalt tidspunkt, og kva skal ein i så fall ta med i betraktninga?

Kva seier lovverket?

Avhorning av kalv er regulert i Forskrift om hold av storfe som eit unntak frå eit generelt forbod mot kirurgiske inngrep som ikkje er naudsynt av medisinske årsaker. Det er ei øvre aldersgrense på seks veker. Ved avhorning av eldre dyr må ein søke Mattilsynet om dispensasjon. Bedøving og langtidsverkande smertelindring, slik det er krav om i forskrifta, har vorte ei sjølvfølge her i landet – heldigvis.

75 prosent avhornet innen fristen

Tal frå Kukontrollen tyder på at om lag 75 prosent av alle avhorningar blir gjort innan kalven er 6 veker gamal. Vidare ser ein at det er stor variasjon mellom buskapar og noko variasjon mellom veterinærar. Dette fortel noko om at alder ved avhorning er eit resultat av både produsent og veterinær si tilnærming. For at veterinæren skal kunne rapportere avhorning enkelt og riktig må kalven vera innmeldt i KuKontrollen.

Har kalven hornanlegg?

Det er ei kjensgjerning at nokre gonger er det vanskeleg å avgjere om ein kalv har hornanlegg eller ikkje. Dersom ein ikkje er sikker på hornanlegg, skal ein registrere “vet ikke", for deretter å korrigere dette når hornstatus er sikker.

Immunitet

Kalven er mindre utsett for å få infeksjonar når den har fått nok råmjølk. Det er kjent at nivået av immunglobulin i blodet kan vera lågare kring veke 3-4 når immunglobulin frå råmjølka er redusert, og kalven sin eigen ­produksjon framleis ikkje er på topp. Trass i dette – med gode rutiner for råmjølkfôring vil immuniteten vera god nok til å tole avhorning i perioden frå 2 til 6 vekers alder, så sant kalven er frisk og rask. Infeksjonsfaren vil alltid vera tilstades, men den kan ein handtere med god hygiene, og ein bør sjølvsagt sjå etter at såra held seg tørre og gror.

Må tilpassast besetninga

Oppstalling og gruppering av kalv blir løyst på ulike måtar i ulike besetningar. Det er fleire omsyn å ta. Ved sjølve avhorninga bør ­kalven ligge lunt for å halde varmen etter å ha vore bedøvd. ­Kalven må kunne ­støttast opp i brystleie så lenge den ligg. Dersom innreiinga er slik at kalven lett kan stange oppi, bør det takast med i vurderinga – ein vil unngå at kalven skal vegre seg for å ta til seg fôr. Når kalv er tema seier ein gjerne «aldri meir enn ei endring i ­gongen». Alle endringar inneber stress, som er negativt for immunforsvaret. Denne «regel­en» bør og vera førande for val av tidspunkt for avhorning. Det beste for ­kalven er at ein ventar med å omgruppere til avhorninga er gjort. Der dette ikkje er mogleg bør kalvane få nokre dagar på å tilpasse seg dei nye omgjevnadane før ein set i gang med avhorning.

Sett avhorninga i system

Ein kalv kjem sjeldan uventa, og det er heller ikkje uventa at mange av dei har hornanlegg. I besetningar med konsentrert kalving kjem avhorningane i tillegg til mykje anna. Dersom ein har veterinær innom på fast månadleg besøk, kan ein undersøke hornanlegg og avhorne dei som har vorte fødd sidan førre gong og vurdere på nytt dei ein var usikre på. Under­søkingar viser at kalvar toler avhorning like godt når dei er 2, 4 og 6 veker gamle. Innan dette aldersspennet kan det difor vera like greitt å optimalisere tidspunkt for avhorning etter kva som passar miljø og stell, heller enn etter alder på kalven. Ta tyren ved horna og diskuter gjerne med veterinæren korleis avhorninga kan gjerast best mogleg i di besetning.