Avl

Vurdering av dyretype på NRF

NRF-kua varierar relativt mykje i type, meir enn dei fleste andre mjølkerasar. Å vera bevisst på dette kan vera viktig for å få den kua ein ynskjer i kvar buskap.

Lars Byberg Timpelen

Avlsrådgjevar i Tine

lars.byberg@tine.no

Dyretype kan ha stor påverknad på korleis dyret responderar på fôring og stell. Som avlsrådgjevar er det noko av mi oppgåve å prøva å laga rett type ku til kvar produsent. Mi erfaring er at den beste kua i ei besetning kan fungera dårleg i ei anna.

Korleis vurdere dyretype

Først vil eg prøva å forklara korleis me kan vurdera ulike dyretypar ved å beskriva fire «prototypar». Etterpå kan me sjå litt på korleis me reint praktisk kan nytta dette i avlsarbeidet. Før eg beskriv desse typane er det viktig å påpeika at det er få dyr som passar nøyaktig inn i ein av desse typane. Dei fleste vil vera ein mellomting av desse. Inndelinga av typane er subjektiv og kunne vore gjort på mange andre måtar, men eg opplever at den beskriv variasjonane i NRF-kyr godt. Sjølve inndelinga byggjer på eigne erfaringar og kjende korrelasjonar mellom eigenskapar. Til dømes er det positiv korrelasjon mellom høg slakteklasse og svakt jurfeste bak, mellom stor brystbreidd og lite ketose. Via slike ­korrelasjonar kan ein få bekrefta eller avkrefta eit inntrykk frå praksis. Avlsrådgjevarane i Tine utfører eksteriørvurdering av kyr for Geno. Saman med besetningsgjennomgangen ved Avlsplan Super får me sett mange avkom etter kvar okse og får danna oss eit bilete av kva som er typisk for oksen utover det ein kan sjå i indeksane.

Avl på dyretype

Dersom ein skal ta hensyn til dyretype i avlsarbeidet må me fokusera på kva hodyr me set på etter og kva genetikk me kjøper inn. Dersom det vert brukt ordinær sæd på alle dyr er det nesten utelukkande fokus på kva oksar ein kjøper sæd etter. Geno ynskjer at alle eliteoksar skal nyttast, men alle bør ikkje nødvendigvis nyttast i alle buskapar. Dersom ein selekterar på kva hodyr ein avlar på (RedX/kjøtfesæd) kan dyretype også vera aktuelt kriterie for kven ein set på etter. Då kjem me til hovudsaka: Kva dyretype passar på mitt bruk og korleis kan me vurdera kva oksar som passar mitt bruk? Det kjem sjølvsagt an på fôring, stell og ikkje minst bonden sjølv.

Kva dyretype passar meg?

  • Type 1: Passar til kjøtproduksjon, kun å føretrekkja dersom ein ynskjer å slakta hodyra raskt (1.laktasjon), eventuelt bruke hanndyrseparert sæd.

  • Mykje beite/grovfôr, lite kraftfôr: Type 2 og 4

  • TMR/PMR/sterk fôring: Type 3 og 4

  • Mykje kjønnseparert/kjøtfekryssing: Type 3 og 4, kanskje 2

  • Tradisjonellt «norsk» fôrings­opplegg med begrensa grovfôr­til­deling av knapt middels ­kvalitet: Type 2

  • Produsentar som går lite i fjøset/utfordringar med stell og fruktbarhet: Type 2 og kanskje 1 og 4

  • Ambisiøse produsentar som set minst like store krav til kua som til seg sjølv: Type 3 og 4, ­kanskje 2.

«Krav til avkom» prioriterer dyretype

Reint praktisk vil justering av «krav til avkom» i Geno avlsplan vera med å prioritera dyretype i kvar buskap. Dersom ein set høgt krav til slakteklasse, vil automatisk type 1 og 2 bli prioritert inn, dersom ein set høge krav til kroppsdjupne vil type 1 bli ­prioritert bort mm. Her er ennå eit par forbetringområde. Som de kan sjå er det fleire av eksteriøreigen­skapane det ennå ikkje har blitt laga indeksar på. I tillegg ville det i nokre buskapar vore ynskjeleg å setja maks grense for indeks på kjøteigen­skapane for å prioritera rett type. Utover dette vil det vera aktuelt å kutta ut enkeltoksar som er heilt motsett type av den ein ynskjer. For å gjera dette må ein sjå indeksane i samanheng, ikkje hengja seg for mykje opp i ­enkeltindeksar. Meir om ­vurdering av oksar utfrå indeksar og ein ­gjennomgang av eksteriøreigen­skapane vil eg koma tilbake til seinare.

Betre driftsresultat

Oppsummert vil eg seie at kunnskap og fokus på å laga rett ku til rett buskap gjev betre driftsresultat og meir fornøgde bønder.

Type 1: Rundbygde dyr

Type 1. Dotter av 11853 Skogseth. Foto: Lars Byberg

  • låg krysshøgd

  • grunn kroppsdjupne

  • brei brystbreidd, sirkelforma tverrsnitt

  • låg score på mjølketype på grunn av lukka ribbein

  • god slaktevekt, endå betre på ­slakteklasse

  • ofte smalt og lågt bakjurfeste

  • ofte svak jurbotn, vid ­spenestilling

  • ofte dårleg laktasjonskurve

Dette er kyr som først og fremst scorar godt på helse og fruktbarhet, og kan ha grei kapasitet på grovfôropptak. Dyra er tidleg utvikla, og endrar seg lite typemessig frå laktasjon til laktasjon. Problemet er at dei oftast er metabolsk styrde til å leggja på seg kroppsfeitt. Vil svara på sterk fôring med å verta feite, og derfor redusert produksjon. Umogleg å kompensera med å ta vekk kraftfôr. Prioriterar kroppsfeitt før mjølk, så vert avsina dersom dei ikkje får lov å verta feite. Oftast god fruktbarhet på grunn av god energibalanse. Typiske eksempel er mange døtre etter 11330 Sakshaug, 11572 Saur og sønene hans. Ekstrem­variant er gamle 4369 Y.Ol. Av dagens eliteoksar er nok 12075 Angedalen P nærast denne typen. Det er få bønder som ynskjer denne typen ku, heller ikkje dei som vektlegg slakteklasse sterkt. Kan kanskje fungera ok ved svak fôrstyrke eller i kryssing med reine mjølkerasar. Mest aktuelle for produksjon av okseslakt, kanskje hanndyrseparert sæd som alternativ til kjøtfe?

Type 2: Kombinasjonstype

Type 2. Dotter av 10923 Prestangen. Foto: Lars Byberg

  • middels til høg krysshøgd

  • middels til djup kroppsdjup

  • brei brystbreidd, ovalt tverrsnitt

  • middels score på mjølketype

  • middels til grov beinbygning

  • god slakteklasse, endå betre på slaktevekt

Robuste dyr med stor kroppskapasitet, ofte også god grovfôr­kapasitet. Kan vera gode produksjonsdyr som kan svara på sterk fôring med god produksjon, men mange av desse vil tendera til type 1 som er beskrive over. Ulempa med denne typen er høgt vedlikehaldsbehov, tunge dyr, som er mindre fôreffektive som mjølke­kyr. Eg opplever sjeldan denne dyretypen blant dei eldste kyrne. Døme er mange dyr etter 10177 Braut, 10923 Prestangen, 11147 Enger og 11789 Maele. Av dagens eliteoksar er 12108 Buaasen ET og 12109 Mytlagard gode døme. For mange bønder er dette idealkua, for andre er ho for tung og dyr å fôra på, og vert for feit ved sterk fôring. Oksekalvar av denne dyretypen vert sjølvsagt gode okseslakt. Passar godt i kryssing med til dømes holstein. Er nok den dyretypen flest assosierar med typisk NRF.

Type 3: Smale, finbygde dyr

Type 3. Dotter av 10795 Hoøen. Foto: Elisabeth Theodorsson

  • Middels til høg krysshøgd

  • Middels til grunn kroppsdjup

  • Smal brystbreidd, parentesforma tverrsnitt

  • Middels score mjølketype på grunn av lite spenst i ribbeina

  • Middels til svake på slaktevekt, oftast endå svakare på slakteklasse

  • Fin beinbygning

Dette er dyr som er lite utvikla, som 1.kalvskyr da dei ser ut som underfôra kviger på grunn av smal kropp. Ofte utviklar desse seg mykje til seinare laktasjonar og vil endra karakter og vera betydeleg åpnare seinare. Dei vil ofte ha begrensa grovfôrkapasitet, særleg i 1. laktasjon, men vil som regel svara på sterk fôring med god produksjon. Truleg dyre­typen med høgast fôreffektivitet, men krev meir konsentrert fôr enn dei andre typane (høgare kraftfôr­andel?). Toppidrettsutøvarar som vil vera idealkua hjå nokon, og den dårlegaste typen hjå andre fordi dei kan «mjølka seg i hjel». Der ein har svak fôrstyrke/fôrtildeling kan ein få problem med ketose og fruktbarhet på grunn av negativ energi­balanse. Desse ligg nærast opp mot Jersey fôringsmessig. Typiske eksempel er mange avkom etter 10100 Askim, 10402 Bosnes, 11060 Nymoen, 10795 Hoøen og 11690 Roen. Av dagens eliteoksar er kanskje 12114 Hagemoen P nærast. Dersom dei mjølkar nok til å forsvara ­plassen er mi erfaring at denne dyretypen er overrepresentert blant dei eldste kyrne. Truleg dei mest økonomiske kyrne i mjølkeproduksjonen isolert sett. Okseslakta er naturleg av dår­legare kvalitet enn dei andre typane, derfor ekstra aktuellt med kjønnseparert sæd av oksar av denne dyretypen.

Type 4: Åpne, ­mjølkeprega dyr

Type 4. Dotter av 11284 Skretting. Foto: Elisabeth Theodorsson.

  • Høg krysshøgd

  • Djup kroppsdjupne, dråpeforma tverrsnitt

  • Middels brystbreidd

  • Høg score på mjølketype, opne og lange dyr

  • Ofte gode på slaktevekt

  • Svake på slakteklasse

  • Middels til fin beinbygning

  • Ofte høg produksjon

Dette er klassiske mjølkedyr, som har stor fôropptakskapasitet og svarar på sterk fôring med høg produksjon. Robuste og fungerar godt både på høg og låg grovfôrandel i rasjonen. Idealkua hjå mange bønder, særleg robotbesetningar, avheng av fôringsnivå i ­buskapane og eventuelt påsett av kjøt. Vil ha høg fôreffektivitet, men truleg ikkje like god som type 3. Vil truleg ha potensielt lågast tal på kraftfôr pr. 100 kg mjølk. Ligg nærast Holstein i type. Typiske eksempel er døtre etter 10176 Surnflødt, 10579 Eggtrøen, 11033 Reitan og 11284 Skretting. Av dagens eliteoksar kan 12106 Lynum P stå som eit godt eksempel.