Økonomi

Langvarig sjukdom
kan gi store økonomiske utfordringar

Som me såg på i Buskap nr. 7 i 2020, får bonden relativt god ­dekning gjennom sjukepengar eller sjukdomsavløysing ved kortvarig ­sjukdom¸det vil seie under sjukdom i inntil eit år.

Eivind Vik

Eigarskifterådgivar

eivind.vik@outlook.com

I denne atikkelen skal me sjå kva reglar som gjeld for stønad frå NAV der sjukeforløpet går over meir enn eit år. Landbruk er eit krevjande yrke og mange har erfart at helsa set avgrensingar for arbeidsevna. Frå mi tid som rettleiar erfarte eg at dette gjeld mange bønder. Det kan gi store utfordringar å halde drifta i gang. Utfordringane kan også verke inn på den mentale helsa.

Auke i mottakarar av uføretrygd

Figur 1. Utvikling i uføre over tid.

Andelen av uføre i samfunnet har auka over tid. Ved utgangen av juni 2020 mottok 357 500 personar i alderen mellom 18 og 67 år uføretrygd. Det tilsvarar 10,5 prosent av denne aldersgruppa. For aldersgruppa 55-61 år var andelen uføretrygda vel 20 prosent, og for aldersgruppa 62-67 år var andelen knappe 30 prosent.

Figur 1 og 2 syner auken i mottak­arar av uføretrygd frå 1997 og fram til i dag.

Myndighetene gjer det dei kan for å motverka trenden med vekst i uføre. Mange vert gåande fleire år på arbeidsavklaringspengar (AAP) for å testa om det kan vera mogeleg med tilbakeføring til inntektsgivande arbeid. Dette kan vera ei vanskeleg tid der ein ikkje veit utfallet og ein lever med lite føre­seielege økonomiske ramer.

Arbeidsmoralen og stoltheten i landbruket er stor, og det sit langt inne både å sjukemelde seg eller erkjenne at arbeidsevna er redusert. I ein del tilfelle går dette ut over dei ytingane ein får tilkjend frå NAV. Inntekta går gjerne nedover som følge av redusert arbeidsevne før ein går til det skritt og får sjukemelding. Då har ein alt tapt referanseinntekt og får dermed ei lågare yting enn ein ville fått om ein hadde sjukemeld seg tidlegare.

Arbeidsavklaringspengar (AAP)

AAP skal sikre deg inntekt i periodar du treng hjelp frå NAV til å koma tilbake i arbeid. Du må sjølv bidra aktivt for å koma i arbeid. Saman med rettleiar frå NAV må du vera med på å setja opp aktivitetsplan for kva som må gjerast. Det kan vera medisinsk behandling, arbeidsretta tiltak som kurs og omskulering, arbeidsutprøving og oppfølging frå NAV etter at du har prøvd behandling eller tiltak.

Du kan også få AAP medan du ventar på behandling eller arbeidsretta tiltak. Arbeidsevna må vera redusert med minst 50 prosent for at du skal få AAP. Det må også vera mogeleg at arbeidsevna di kan bli betre gjennom behandling, arbeidsretta tiltak eller oppfølging frå NAV.

Normalt vil du gå ein lengre periode som sjukmeldt eller som mottakar av AAP før du får vedtak om uføretrygd. Inntektsevna må vera varig nedsett med minst 50 prosent grunna sjukdom eller skade. Foto: Jumpstory

Ytinga

Ytinga utgjer 66 prosent av ­pensjonsgivande inntekt det siste kalenderåret før du vart sjuk. Du kan også velja gjennomsnittet av dei tre siste åra før du vart sjuk dersom det kan gi deg høgare yting. Det er ei minsteyting på to ganger grunnbeløp (G) tilsvarande ca. kr 200 000. Det vil sei at dei som har pensjonsgivande inntekt under kr 303 000 vil få minste­beløpet. Har du born under 18 år vil du også motta eit mindre barnetillegg. Du kan som hovudregel ikkje få AAP i meir enn tre år.

Det er eigne reglar ved yrkes­skade og yrkessjukdom. Då skal berekninga skal ta utgangspunkt i inntekta du hadde på skade­dagen dersom dette gir deg eit betre grunnlag. Ved yrkesskade kan du få AAP dersom arbeidsevna di er redusert med meir enn 30 prosent.

Du kan også søkja om å få behalda AAP i ein avgrensa periode mens du etablerer eiga verksemd. Det er eit krav at etableringa truleg vil føra til at du kan forsørga deg sjølv, eventuelt i kombinasjon med uføretrygd.

Du kan også søkja om å få dekkja tilleggskostnader til læremidler, daglege reiseutgifter, reiser til ­obligatoriske samlingar, utgiftet til heimreiser, flytteutgifter, barnetilsyn og ekstrautgifter til bustad når du gjennomfører arbeidsretta tiltak.

Meldekort

For å få utbetalt AAP må du senda inn meldekort kvar 14. dag. Her må du føra opp kor mykje du har arbeidd dei siste 14.dagane. Du må også bekrefta at du vil vera registrert hjå NAV i neste periode. Er du for sein med å senda inn meldekortet får du trekk i utbetalinga tilsvarande tal dagar meldekortet kjem for seint.

Uføretrygd

Uføretrygd er aktuelt når du har varig nedsett inntektsevne grunna sjukdom eller skade. Du kan få 100 prosent uføretrygd eller ­gradert uføretrygd avhengig av inntektsevna di.

Ytinga kan gis til personar mellom 18 og 67 år, og du må ha vore medlem i folketrygda dei siste tre åra før du vart sjuk. Du må ha prøvd hensiktsmessig behandling og arbeidsretta tiltak før du får innvilga uføretrygd. Normalt vil du gå ein lengre periode som sjukmeldt eller som mottakar av AAP før du får vedtak om uføretrygd. Inntektsevna må vera varig nedsett med minst 50 prosent grunna sjukdom eller skade.

Dersom du mottek arbeidsavklaringspengar på søknadstidspunktet er det tilstrekkeleg at inntektsevna di er varig nedsett med minst 40 prosent. Om uførheita skuldast ein godkjent yrkesskade eller yrkessjukdom er det tilstrekkeleg at inntektsevna di er varig nedsett med minst 30 prosent.

Yting - grunnlag

Uføretrygda utgjer 66 prosent av gjennomsnittsinntekta dei tre beste av dei fem siste åra før du vart sjuk. Beløpa vert justert opp til dagens kroneverdi. Både for AAP og uføretrygd gjeld same avgrensinga som for sjukepangar, at det berre er pensjonsgivande inntekt opp til 6 G som tel med. Også for uføretrygd er du sikra ei minsteyting. Hvis du bur saman med ektefelle eller sambuar er du sikra ei minsteyting på 2,28 G tilsvarande ca. kr 228 000. Einslege får ei minsteyting tilsvarande 2,48 G eller ca. kr 250 000. For unge uføre gjeld særlege reglar som kan gi noko høgare uføretrygd. Uføretrygd gir stort sett same opptening til alderspensjon som om du er arbeidsfør. Det vil sei at pensjonen skal stå i eit rimeleg forhold til kva ein arbeidsfør får. På dette området gjeld ulike oppteningsreglar alt etter kva årstal du er fødd.

Arbeidsavklaringspenger AAP:

  • Yting fra NAV når du har behov for hjelp til å koma tilbake i arbeid

  • Arbeidsevna må vera redusert med minst 50 prosent

  • Ved yrkesskade må arbeidsevna vera redusert minst 30 prosent

  • Må ha vore medlem i folketrygda minst 3 år

  • Yting med 66 prosent av grunnlaget

  • Kan normalt gis i inntil 3 år

  • Du må bidra aktivt for å koma tilbake i arbeid

Uføretrygd

  • Innteksevna di må vera varig nedsett

  • Du må vera mellom 18 og 67 år

  • Du må ha vore medlem av folketrygda dei siste 3 åra før du vart sjuk

  • Sjukdom eller skade må vera hovedårsaka til at inntektsevna di er nedsett

  • Hensiktsmessig behandling og arbeidsretta tiltak må vera gjennomført

  • Inntektsevna må vera redusert minst 50 prosent grunna sjukdom eller skade

  • Mottek du arbeidsavklaringspengar på søknadstidspunktet er det tilstrekkeleg at inntektsevna di er varig nedsett med minst 40 prosent

  • Skuldast uførheita godkjent yrkesskade eller yrkessjukdom, må inntektsevna di vera varig nedsett med minst 30 prosent

  • Yting 66prosent av grunnlaget

  • Du får pensjonsopptening som om du er frisk