Fôring

Feittprosenten kan aukast

Variasjon i feittprosenten frå 3,90 til 4,99 i eit materiale med 967 produsentar syner potensialet, særleg for dei som ligg lågt, til å kunne auke feittprosenten i mjølka.

Ingunn Schei

Spesialrådgjevar i Tine

ingunn.schei@tine.no

Dersom kyrne berre får beitegras er det vanskeleg å unngå nedgang i feittprosenten. Tilleggsfôring med halm eller strårikt grovfôr kan hjelpe.

Foto: Lars Martin Bøe

Figur 1 viser utviklinga i feittprosenten i leverandørmjølk på landsbasis frå 2012 til i dag. Det er naturlege svingingar gjennom året, men generelt har feittprosenten gått opp med om lag 0,03 per år. Betalinga for feitt var 5 øre per liter i 2012 og har gått litt opp og ned i åra etter, men frå 2018 har betalinga auka. Produsentane har svart på betalinga med å auke feittinnhaldet i mjølka. Samtidig har det vore stort fokus på riktig fôring med god vom-funksjon, og det har automatisk heva både feitt og protein i mjølka.

Potensialet for å auke feittprosenten

For å sikre norsk råvare i alle produkt og unngå ulønsam eksport av pulver for å skaffe feitt, ønsker industrien høgre feittinnhald i mjølka.

Foto: Tine Mediebank

Skal ein kunne påverke feittprosenten i mjølka må det vere variasjon blant produsentane og moglegheiter til å påverke denne variasjonen. I ei masteroppgåve i 2021 såg Målfrid Grødem Njærheim på potensialet for å auke feittprosenten gjennom fôringa hos NRF-kyr. Her vart eit datamateriale i Kukontrollen standardisert med buskapar som hadde berre NRF-kyr og mest mogleg likt laktasjonsstadium i sju månader innefôring i 2020. Gjennomsnittleg feittprosent i leverandørmjølka hos disse produsentane i denne perioden vart brukt for å sjå på forskjellar i feittprosent, på produksjonsresultat og fôringsmessige faktorar med meir. På grunn av standardisering for unngå faktorar som kunne påverke resultata feilaktig sto ein att med 967 produsentar. Figur 2 viser variasjonen i feittprosent hos disse produsentane. Feittprosenten varierte frå lågaste på 3,90 til høgste på 4,99 som gjennomsnitt over disse sju månader når rase og laktasjonsstadium elles var likt. Variasjonen er så stor at det bør vere eit potensial for å kunne auke feittprosenten, og då først og fremst for dei som ligg lågast.

Ekstra inntekt og kostnad

Det har vore stort fokus på kostnadene i landbruket i vinter. Med auka pris på alle innsatsfaktorar som gjødsel, diesel, utstyr, strøm og kraftfôr kan det vere vanskeleg å sjå at det løner seg å gjere endringar som aukar forbruket av innsatsfaktorar. Set ein avgrensingar på innsatsfaktorar vil det som regel gå ut over produksjonen og dermed på inntekta. Målet bør vere å optimalisere produksjonen med å spare dei kostnadene som er mogleg. Skal ein satse på å bruke nok gjødsel, eller kanskje auke gjødslinga, for å kunne spare kraftfôr til hausten? Det er vel mykje som tyder på at kraftfôrprisen til hausten også vil bli høgre. På inntektssida er det første punktet å fylle kvota. Det er svært sjeldan det ikkje lønar seg å fylle kvota. Mjølkekvaliteten for å unngå trekk er også viktig å ha kontroll på. Når det gjeld innhald av særleg feitt, men også protein, så kan det gi god tilleggsbetaling. Med meirbetaling på 9 øre per 0,1 prosenteining auke i feittinnhald, vil det være lønsamt for mange produsentar å dreie fôringa med sikte på å auke feittinnhaldet. Dersom ein aukar feittprosenten frå 4,00 til 4,30 får ein betalt 27 øre meir per liter dersom andre faktorar ikkje blir påverka. Det vil utgjere 27 000 kr per 100 000 liter mjølk levert, eller 54 000 kr for ei gjennomsnittskvote på 200 000 liter. Det betyr at ein kan investere opp til dette beløpet for at det skal løne seg.

Figur 1. Utvikling i feittprosent frå 2012 til 2021 (TINE Råvare).

Figur 2. Fordeling av produsentar på innhald av feitt (%) i masteroppgåva til Målfrid Grødem Njærheim (2021).

Ha fokus på fiber

Det er mange faktorar som påverkar feittprosenten i mjølka, og dette er det skrive mykje om i tidlegare artiklar (Buskap nr. 7 i 2021). Kort sagt er det enten via fiber-fordøying (NDF), og til ein viss grad sukker, og feitt i fôret som gir substrat til feittsyntesen i juret, men samspelet mellom næringsstoff og vom-miljø er avgjerande for korleis dette slår ut på feittprosenten. Den sikraste og beste måten å auke feittproduksjonen på er gjennom høgt grovfôropptak og god NDF-omsetning i vomma. Grassurfôr inneheld vanlegvis meir enn dobbelt så mykje NDF som kraftfôr, og med god grovfôrkvalitet kan kyrne ha stort opptak utan at produksjonen går ned, og samtidig gi mykje feitt og protein i mjølka. Inneheld grovfôret ein del sukker så er det positivt for smaklegheit og fôropptak. I masteroppgåva til Målfrid kom det fram at produsentane med høgast feittprosent la stor vekt på grovfôret i produksjonen (sjå eigen artikkel).

Figur 3. Berekna kg mjølk (EKM; energikorrigert mjølk) for grovfôr med ulik kvalitet målt som fordøyelegheit (OMD: 82 %, 75 % og 68 %) og ulike kraftfôrmengder basert på forsøksdata (Alvarez med fleire, 2021).

Grovfôret er nøkkelen til meir enn feitt

Kan ein forbetre grovfôrkvaliteten, avlingsmengda, spare kraftfôr og auke feittinnhaldet i mjølka vil ein spare pengar der det er mogleg og få ekstra betalt der det er mogleg.

Foto: Solveig Goplen

For at NDF skal bli brote ned i vomma må det vere fordøyeleg og gi mykje eddiksyreproduksjon. Har fôret generelt høgare fordøyelegheit (OMD) inneheld det også meir energi, fylleverdien i vomma blir mindre, fôropptak aukar, og kua får i seg endå meir NDF. Det kan spare mykje kraftfôr utan at avdråtten går ned. Det forutset appetittfôring, og at ein har berekna at ein har nok fôr til at kyrne kan auke fôropptaket. Det er fullt mogleg å både ha god grovfôrkvalitet og høge avlingar, det har deltakarane i Grovfôrkampen vist. I ein ny forskingsartikkel basert på nordiske fôrrasjonar er det vist korleis endring i kraftfôrmengde slår ut på mjølkeproduksjon (kg EKM) ved tre ulike grovfôrkvalitetar (Figur 3). I disse berekningane så viser figuren at kan ein spare 5 kg kraftfôr tørrstoff per ku per dag ved å gå frå grovfôr med låg fordøyelegheit (68 prosent OMD) til grovfôr med høg fordøyelegheit (82 prosent OMD) dersom målet er 30 kg EKM. Med 20 mjølkekyr og ein kraftfôrkostnad på 4 kr/kg vil det gi over 12 000 kr spart i kraftfôrkostnader per månad. Figuren viser også at til meir kraftfôr ein gir til mindre har grovfôrkvaliteten å seie, og avdråtten går ned når kraftfôrmengdene blir veldig høge. Med ein betre grovfôrkvalitet kan ein altså få både i pose og sekk; sikre feitt og protein i mjølka, same avdrått og sparte kraftfôrkostnader.

Sommarmjølk

Som figur 1 viser så går feittprosenten ned om sommaren når kyrne er på beite, og lågast nivå er i august. Dette kjem av at beitegras har lågare fiberinnhald, altså er potensialet for eddiksyreproduksjon lågare. Det inneheld også meir feitt og gir meir umetta feitt enn gras som er kome lengre i utvikling, og vil difor ha ugunstig effekt på fordøyinga av fiber i vomma og ein hemmande effekt på feittsyntesen i juret. Dersom kyrne berre får beitegras er det vanskeleg å unngå nedgang i feittprosenten. Tilleggsfôring med halm eller strårikt grovfôr kan hjelpe. Har ein kyr seint i laktasjonen som har naturleg høgt feittinnhald kan det vere lurt å halde på disse dersom det er mogleg.

Bør ein tenke på om ein kan forbetre grovforkvaliteten,
avlingsmengda, spare kraftfôr og auke feittinnhaldet i mjølka

Kort og lang sikt

Når nye fôrsesong står for døra bør ein tenke på om ein kan forbetre grovfôrkvaliteten, avlingsmengda, spare kraftfôr og auke feittinnhaldet i mjølka. Det gir ein berekraftig produksjon basert på meir bruk av norske ressursar og er godt både for kua og miljøet. På kort sikt har ein det grovfôret ein har, og då er det ein del som kan bytte kraftfôr for å auke feittprosenten. Alle fôrfirma har blandingar som er spesielt eigna for å gi godt vom-miljø og høg feittprosent. Det er elles god hjelp å få frå fôringsrådgjevarane i Tine.