Forskjellig

Lesernes side

Buskap vil gjerne ha bilder fra leserne vi kan bruke på denne siden. Bilder kan sendes som vedlegg i e-post til rlr@geno.no eller lastes opp på www.filemail.com

Kristine Blindheim

Giske Bondelag

Feiring av Årets unge bonde

Giske Bondelag inviterte til feiring av Årets unger bonde, Sofie Høybakk. Her med samboer Odd Eirik Øien.

Laurdag 19. februar var eit selskapslokale på Valderøya i Giske kommune like ved Ålesund pynta og klargjort for feiring av Årets Unge Bonde - Sofie Høybakk. Mjølkebonden i frå Vigra i Giske kommune er Møre og Romsdal sin første vinnar av den nasjonale kåringa, vart kåra som vinnar blandt fire finalistar på landbruksmessa Agroteknikk på Lillestrøm i november 2021.

Giske Bondelag stod som arrangør av ein fest for lokallagsmedlemmar, representantar frå lokale landbruksbedrifter og vener og familie av Årets Unge Bonde - der fleire lokale bedrifter samt landbruksorganisasjonar har vore med på bidragssida for å få til ei flott feiring av Sofie.

Fleire tok ordet under festen og priste den unge vinnaren som har vore ei sterk stemme for det lokale landbruket i Giske og omegn. Ho er ei uredd og optimistisk dame som er både førebilete og inspirator for andre og har på få år som eigar og drivar av eigen gard, vist gode evner som agronom og bedriftsleiar - så tittelen som Årets Unge Bonde er ein vel fortjent tittel.