Tema: Gras

«Nye» artar og blandingar for tre haustingar

Kvar høver dei, og korleis bør dei nyttast?

Olav Martin Synnes

Rådgjevarar jordbruk i NLR Vest

olav.martin.synnes@nlr.no

Gunnlaug Røthe

Rådgjevarar jordbruk i NLR Vest

Strandsvingel har vore med i langvarige forsøksfelt fleire stader i Sør-Noreg og Midt-Noreg. Sortane Kora og Swaj har vist høgt avlingsnivå på Vestlandet, både åleine og i blanding med timotei.

Foto: NLR

Fleirårig raigras blir no mykje nytta i eng og beite på Vestlandet. Hykor raisvingel har også blitt prøvd av fleire dei siste tiåra. Nyleg har det kome «nye» artar og artsrike blandingar på marknaden. Det gjeld strandsvingel og den såkalla «Vestlandsblandinga», med åtte artar. Dette er i hovudsak artar og blandingar som høver for tre haustingar per sesong. Kvar høver desse artane og blandingane, og korleis skal vi bruke dei?

Konkurranse mellom artar

I eit plantesamfunn vil det vere konkurranse mellom artar og plantar om ressursar. Overjordiske plantedelar konkurrerer om lys og CO2, røtene om vatn, næringsstoff og oksygen. Mange forhold påverkar kva artar som blir dominerande og kva artar som blir trengt tilbake. Dette gjeld til dømes overvintringsforhold, temperatur, lys, jord, nedbør, tal haustingar, stubbehøgde, gjødsling og engalder.

Fleirårig raigras

Det er vanskeleg å sette nøyaktige geografiske grenser for kvar denne arten bør nyttast på Vestlandet. I lågtliggjande areal ved kysten har ein gode røynsler med raigras. Det er forholdsvis sjeldan raigraset utvintrar her. I område med lang kald snørik vinter er risikoen for utvintring stor. Risikoen vil variere med lokalt klima. Vil ein prøve raigras i nye område, bør ein først så eit avgrensa «prøvefelt». Den norske sorten Figgjo blir rekna som den mest vintersterke. Der raigras trivast, kan ein oppnå svært høg avling og energikonsentrasjon. Raigras har forholdsvis høgt innhald av vatn, som kan gi avrenning av pressaft. Tilstrekkeleg fortørking er viktig.

Strandsvingel

Denne arten har til no vore lite nytta i Noreg. Derimot er han vanleg i fleire andre land i Nord-Europa. Dei siste åra er det gjort grundige utprøvingar i Sør- og Midt-Noreg, mellom anna på Vigra og i Kvinnherad. Med unntak av i fjellbygdene, har strandsvingel svært høgt avlingsnivå. Arten har høgare tørrstoffinnhald enn raigras, med litt lågare energikonsentrasjon. Strandsvingel har mange og djupe røter, og er tørkesterk. Han er noko meir vintersterk enn raigras. Strandsvingel spirer og buskar seg seinare enn raigras og timotei, og er glissen første del av såingsåret.

Raisvingelsorten Hykor

Dette er ein slektning av strandsvingel. Han er forholdsvis lik strandsvingel når det gjeld agronomiske eigenskapar.

Timotei

Den strårike timoteien er med i dei fleste engfrø-blandingane. Han spirer og veks raskt i såingsåret, og gir god avling og kvalitet. Dyra likar han godt. Timotei klarer seg bra i konkurransen med dei mindre strårike og meir bladrike artane ved to slåttar. Ved tre haustingar blir han oftast utkonkurert etter 2-3 år.

Få eller mange artar i blandinga?

I Noreg har det vore tradisjon for å nytte få artar i frøblandingane. I andre land har ein hatt tradisjon for meir artsrike blandingar. Tanken er at artane har ulik evne til å utnytte tilgjengelege ressursar, over eller i jorda. Kan ein dermed oppnå høgare avlingsnivå ved å la dei vekse saman ? Nyare undersøkingar i Noreg tyder på at dette kan stemme. Artsrike blandingar har i forsøk ofte gitt høgare avling enn eng med ein eller få artar. Dette gjeld både ved to eller tre slåttar.

Døme på artsrik frøblanding frå 2020: «Spire Surfôr/beite Vestland», med 8 artar:

Timotei Liljeros 35 %, engsvingel Vinjar 10 %, engrapp Knut 15 %, hundegras Laban 7 %, fleirårig raigras Figgjo 10 %, raisvingel Hykor, 8 %, strandsvingel Swaj 10 %, kvitkløver Litago 5 %.

Denne , og tilsvarande blandingar frå andre firma, har blitt sådd av gardbrukarar på Vestlandet dei siste åra. Det blir interessant å følgje med på utviklinga i desse blandingane over fleire engår. Røynslene er stort sett positive. Framleis manglar ein tilstrekkeleg med langvarige forsøk når det gjeld å vurdere avlingsnivå og kvalitet i desse artsrike engene. Innhaldet av artar og sortar i frøblandingane er i endring. Det har kome merknader når det gjeld hundegras. I fuktig klima på Vestlandet blir hundegras ofte angripen av bladflekksoppar. Han blir gul og lite triveleg. Hundegras har no blitt fjerna frå blandinga. I staden er innhaldet av strandsvingel (Barolex) og raisvingel (Hykor) auka. Det er no to sortar av engsvingel. Ny blanding heiter Spire Vestland.

Tilrådingar

Forsøka syner at strandsvingel er aktuell art i frøblandingar for store delar av Vestlandet, i eng for tre haustingar. Sorten Kora gitt litt høgare avling enn Swaj. I forsøka er det nytta 25 % strandsvingel og 75 % timotei, med 2,5 kg frø per dekar. Ved tre haustingar per sesong vart standsvingel gradvis meir dominerande i femårige forsøk. Det kan vere aktuelt å byte ut «75 % timotei», med ei timoteirik frøblanding.

I den nye blandinga Spire Vestland er det 15 % strandsvingel. I tillegg er det 10 % fleirårig raigras og 10 % raisvingel. Samanlikna med fleirårig raigras er strandsvingel meir vintersterk, tørrare og meir tørkesterk. Raigras har litt høgare energikonsentrasjon. Begge har høgt avlingspotensiale.

Ein observasjon

I eitt av forsøksfelta vart det observert ein liten flokk med hjort. Desse beita ivrig på forsøksruter med timotei. Derimot rørte dei ikkje ruter med strandsvingel eller engsvingel. At hjort likar godt timotei, og skadar denne, bør medføre at ein på utsette areal brukar frøblandingar med lågt innhald av timotei, og meir bladrike grasartar som toler beitinga betre. Om strandsvingel og engsvingel på utsette areal kan medføre lågare avlingstap, så er det kanskje verdt å prøve?