Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Dyrlegens kvardag

Blyforgifting

For ein del år sidan vart eg kontakta av ein bonde som hadde ei kvige med avvikande oppførsel og opphøyrt matlyst. Dette var i midten av august, og dyra gjekk på fellesbeite i botnen av eit frodig dalføre, ikkje langt frå busetnad.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Batteri frå bilar og traktorar må ikkje kastast i naturen. Viss dyr kjem til slike batteri, sleiker dei ofte på dei fordi dei smakar salt, og resultatet kan i verste fall bli blyforgiftning. Slike forgiftningar er lett å førebyggja ved å levera batteri på eigna mottak. Desse kvigene har ikkje noko med det aktuelle tilfellet å gjera.

Kviga var svært ustødig og hadde ukontrollerte rørsler. Ho låg mykje, og når ho reiste seg, datt ho ukontrollert i bakken att. Ho skalv over heile kroppen og hadde rask respirasjon. Hjarte og slimhinner var normale. Me forstod ikkje kva som feila ho, men eg behandla ho symptomatisk med kalsium, magnesium og B-vitamin. Det såg ut som ho responderte bra på behandlinga, for ho gjekk med kontrollerte rørsler etterpå. Då dette skjedde, flytta eigaren alle kvigene sine inn på inngjerda beite i tilfelle det var noko i fellesbeitet som kunne vera farleg for dyra.

Diarè

Dagen etter vart eg tilkalla på nytt fordi kviga framleis var dårleg. Ho låg mykje og hadde fått flytande diare. Slimhinnene var framleis fine og pulsen var grei, kviga åt ikkje, men ho drakk ein del vatn. Eg behandla ho på nytt symptomatisk med kalk, magnesium og smertestillande medisin. I tillegg fekk ho Correkt Akta som inneheld kol som skal stoppa diareen og Correct Vomkick som skal hjelpa på vomfunksjonen. Ei anna kvige hadde også fått laus avføring, men ho verka ikkje sjuk.

Strauk med

Morgonen etter låg kviga og var skikkeleg dårleg, og då eg kom, var ho daud. Eg obduserte ho, og det eg fann var at lever var hard og porøs med blodig snittflate. Tynntarmen var også påkjendt med tynt grønfarga innhald og slimhinnene var raude. Eg ringde til Veterinærinstituttet i Bergen, og me vart einige om at eg skulle senda inn prøvar av kviga til dei.

Me såg også at kviga som dagen før var observert med diarè, verka litt ustø. Ho veik berre unna oss, og me fekk ikkje tak i ho. Kviga gjekk også og trykte seg og letta på halen, me frykta at ho kunne vera i ferd med å kasta kalven.

Avliving

Dagen etter vart eg tilkalla på nytt fordi kviga har kasta kalven, og i tillegg har ho fått børframfall. Eigarane køyrde ho heim i ein kasse på traktoren, og dei fortalde at det var vanskeleg å få ho inn i kassen, for ho hadde problem med å bevega seg og verka ustødig. Kviga hadde i tillegg til børframfall flytande diaré og var dehydrert. Slimhinnene var normale, inga lukt av munn, heller ikkje sår i munnslimhinna. I samråd med eigar avliva eg kviga på grunn av dårleg prognose. Eg obduserte også denne kviga og sende inn prøvar av den til Veterinærinstituttet i Bergen. Obduksjonsbiletet var mykje likt den fyrste kviga, men i tillegg til forandring i lever og tynntarm, fann eg også blødningar i nyrer og lunger.

Spekulasjonar

Me spekulerte heile tida om kva dette kunne skuldast. Symptoma peika i retning av ei eller anna form for forgiftning. Det har ikkje vore tap av dyr på grunn av forgiftning i dette beiteområdet tidlegare. Det låg også gamle rundballar i beiteområdet som dyra kunne få tilgang til. I teorien kunne desse vera bederva med mykotoksin eller oppvekst av til dømes E. coli, men det var lite truleg at kvigene ville velja fleire år gamle rundballar når dei kunne eta friskt beitegras.

Batteri

Same kvelden som me avliva kviga, ringde eigaren til meg og fortalde at dei hadde funne eit batteri i beitet. Symptoma til dyra likna veldig på blyforgiftning, og me fekk sterk mistanke til at dette var årsaka til at kvigene strauk med. Batteriet såg ikkje skada ut, men me hella likevel til mistanken om at dyra hadde fått i seg tilstrekkeleg med bly til å bli forgifta. Veterinærinstituttet støtta oss også i diagnosen blyforgiftning.