Intervjuer/reportasjer

Frå kyllingfjøs til oksefjøs

John Oskar Sæther vil satsa meir på storfekjøt og byter ut dagens kornproduksjon med grovfôrproduksjon.

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

rannveig.farestveit@geno.no

Holstasved gård i Namsos kommune i Trøndelag

  • John Oskar Sæther (27)

  • Kvote: 270 000 liter (eigd), 120 000 liter (leigd)

  • 45 årskyr

  • Areal: ca. 850 dekar totalt (eigd)

  • Avdrått på 8 950 kg EKM

  • 22 kg kraftfôr pr. 100 kg EKM

  • Fôrar fram alle oksar sjølv

Aktuell med ombygging av kyllingfjøs til oksefjøs





Fanghekk i alle bingar, utanom i bingen til dei yngste kalvane.

Namdalseid er ei aktiv landbruksbygd i Namsos kommune, nord i Trøndelag. Like ved fylkesveg 17 mellom Korsen og Namdalseid sentrum ligg eit mjølkebruk med ein ung, positiv produsent. John Oskar Sæther overtok garden frå far sin i 2020. Han hadde då sjølv jobba nokre år i Felleskjøpet, men kjende det klødde i fingrane etter å ta over mjølkegarden heime. Far til John Oskar, Jørgen Sæther, ordna seg i same tida arbeid som i-mek-seljar for Felleskjøpet, og begge var nøgde med den nye kvardagen.

dagens kornproduksjon skal bytast heilt ut med grovfôrproduksjon

Byte kornproduksjon med grovfôrproduksjon

Far og farfar til John Oskar hadde gjennom si tid som drivarar kjøpt attåt to nabogardar. Garden består difor i dag av 850 dekar dyrka areal. – Av dette dyrkar vi om lag 200–250 dekar korn, og resten grovfôr, fortel John Oskar. Trass korndyrking har dei likevel eit overskot på grovfôr. – Siste åra har vi i tillegg seld rundt 100–200 rundballar. – Denne gode grovfôrsituasjonen er heilt sentral for at eg i dag vel å bygga om kyllingfjøset til oksefjøs. Framover ser han for seg at dagens kornproduksjon skal bytast heilt ut med grovfôrproduksjon. – Då treng vi berre ha ei mekaniseringslinje, noko som utelukkande er positivt.

Kufjøs – påbygd i fleire omgangar

Den eldste delen av kufjøset vart bygd i 1972. Det vart bygd til ein produksjon på 200.000 liter mjølk, med fullt påsett. John Oskar fortel at fjøset så vart bygd om frå båsfjøs til lausdrift i 1989. I 1996 skjedde det ei ulukke på garden, då eine veggen på møkakjellaren vart øydelagd. Då dei likevel skulle ordna dette, bestemte dei seg for å byggja på ei ny ungdyravdeling. I den forbindelse vart også det kjøpt inn kvote, så den vart på 260 000 liter. I ettertid er det vorte kjøpt inn ytterlegare 10 000 liter, og så er dei resterande 120 000 liter leigd. I 2014 vart det sett inn robot og ordna ei sinkuavdeling. – Plassen er den største utfordringa i fjøset i dag, beskriv John Oskar. – Luftkvaliteten vert ikkje optimal. Det såg me kalvane fekk lida for. Det vart mykje luftvegsproblem, men også diaréproblematikk.

Bakgrunnen for ombygging av fjørfefjøset

Kyllingfjøset på garden stod ferdig bygd i 2006, og det vart drive med kylling der fram til 2016. Då vart dei pålagt å slutta grunna transportavstand til slakteri. I samband med dette fekk dei tilbod om å verta kjøpte ut. Dette takka dei ja til, og frå 2016 til 2020 vart dei såleis sette i karantene. I den perioden skulle ikkje bygningen nyttast til husdyrhald, og dei brukte det difor som reiskapslager. Då John Oskar overtok garden i 2020, sette han i gang vurderinga av kva han skulle gjera med fjøset vidare. Fjørfe vart på nytt vurdert. – Eg visste det måtte gjerast ein del investeringar same kva eg skulle starta opp att med. Skulle eg starta på nytt att med fjørfe, så ville eg vita at eg kunne drive med det i lang tid, seier John Oskar. Sidan han berre fekk lovnad om kontrakt for 1–2 år, kjente han på at dette vart noko motlaust å starta opp med. I tillegg måtte han ha sett seg inn i kyllingproduksjonen att, for det var jo nokre år sidan far hans hadde slutta med det.

Det nye oksefjøset

Godt tilrettelagt for spyling av drikkekar.

I dag fôrar John Oskar opp alle oksekalvane sine sjølv, i tillegg til at han kjøper inn om lag 20 oksar i året. Desse står i driftsbygningen på den eine nabogarden som vart kjøpt attåt i 2016. Eit fjøs som han framleis vil halda fram med å bruka i tillegg til det nye oksefjøset. – Me restaurerte bingane der i 2018, og det er fem bingar med plass til tolv oksar i kvar. Oksane har i dag ein tilvekst på 650–700 gram per dag, og sidan dei har liggjebåsar, får me sjeldan skittrekk.

stor tru på det med liggjebåsar til oksane

John Oskar har stor tru på det med liggjebåsar til oksane. I det nye fjøset skal han berre ha liggjeplatting i bingane til dei minste oksekalvane, så blir det liggjebåsar til resten. Det vert maksimum 10 oksar per binge, og 1,2-1,3 eteplassar per okse. Fjøset vil ha eit breitt og kjørbart fôrbrett, slik at fôringa av dyra kan skje med fullfôrvogna dei allereie har på garden. Alt kraftfôr vil bli gjeve i miksen. Kvar andre time vil ein fôrskyvar skubba fôret bort til dyra. – Vi kjem til å ta tre slåttar for å halda kraftfôrforbruket nede og tilveksten oppe på oksane, utan bruk av for mykje kraftfôr.

John Oskar synest kalveoppstallinga fungerer godt i dag.

Han har også tenkt gjennom korleis han kan få oksane til å drikka nok vatn frå dei kjem til fjøset. I bingane til dei yngste kalvane er det difor tilgang til både flottørkar og drikkekar med volumventil. Utanfor kvar binge er det ein spyleslange som han lett kan reingjera drikkekara med. – Det gjeld å tilretteleggja slik at dette arbeidet kan gjerast lettvint, for då vert det gjort. Eg er jo litt makeleg anlagt også veit du, seier han med glimt i auget. Utanom i bingane til dei minste kalvane, er det fanghekk heile vegen. Eit godt tiltak for å gjera flytting og handtering av oksane enklare og tryggare.

Sidan utgangspunktet i kyllingfjøset var eit tett golv, har valet falle på å fortsetja med dette. Det å bygga gjødselkjellar under, ville ha auka prisen på fjøset voldsomt. Fjøset vil difor ha gjødseltrekk, og matter frå Felleskjøpet på golvet. – I kvar binge er det nokre av mattene som skal gje ekstra slitasje på klauvene. Vi satsar på at dette vil vera tilstrekkeleg for å unngå lange klauver på dyra.

Kalveavdeling i uisolert bygning

Då han tok over i 2020 ynskte han å ta tak problema som han opplevde på kalvane. Det vart laga til ei eiga kalveavdeling i ein annan, uisolert bygning på garden. Kalvane står no berre ei veke i enkeltboksar i kufjøset, før dei vert flytta dit i to store halmbingar. Her står dei fram til om lag ei veke før avvenning ved 8–10 vekers alder. Då vert kalvane flytta attende til bingar i kufjøset, og får siste del av mjølkefôringa her. – Eg gjorde raskt den erfaringa at det var dumt å avvenna og flytta kalvar på same tid. No beheld me mjølkefôringa ei vekes tid etter flytting, slik kalvane ikkje får fleire store forandringar samtidig. Det gav mykje større suksess for oss, seier John Oskar. Han er også svært fornøgd med fikseringshekken til kalvane, slik at alle er sikra å få drikka i fred frå smokkbøtta si. Kalvane står på 8 liter pulvermjølk dagleg fordelt på to fôringar. Dei har heile tida tilgang på vatn, kalvekraftfôr og høy. I den kaldaste tida på året nyttar han dekken på kalvane. Han har gjort seg erfaringar med ulike typar dekken, og har landa på eit ulldekken som han er godt nøgd med. – Eg synest ikkje desse vert så klamme som ein del av dei andre eg har prøvd, så desse kjem eg nok til å halda fram med å bruka.

Nytt reiskapshus og budsjett

Kufjøset som er bygd på i fleire omgangar.

Ved å bygga om kyllingfjøset fekk John Oskar ei ny utfordring. – Eg fann ut at eg måtte ha ein ny bygning til å lagra reiskapar. Så dette var også noko eg måtte ta omsyn til då me rekna på totalkostnadar. Nytt reiskapshus er under bygging i dag. Det skal stå like ved kyllingfjøset.

Han fortel at sidan han planla fjøs og nytt reiskapshus i starten av 2022 då byggjekostnadane var så høge, endar han med ein totalsum lågare enn først tenkt. – Vi hadde ein budsjettplan på 4,5 millionar for fjøset og 3 millionar for reiskapshuset. Men det ser ut som vi ender på om lag 3 millionar for fjøset og 2 millionar for reiskapshuset. – Veldig kjekt at det gjekk den vegen, smiler John Oskar.

Framtida og draumen om nytt kufjøs

I dag er både far og farfar til John Oskar med i drifta av garden, noko som er god hjelp i. – Farfar er mest med på det som skal gjerast ute, medan far min også tek fjøshelger. Med seg på laget har han i tillegg ein dyktig avløysar som tek fjøset kvar tredje helg. – Målet er at eg etter kvart kan tilsetja avløysaren eg har i dag, i ei 50 prosent stilling. For vi har jo litt å henga fingrane i her, smiler han. Vidare seier han at om 10 til 15 år er også draumen å kunne byggja eit nytt mjølkekufjøs på garden. Ein ting som er sikkert er at John Oskar ikkje ser mørkt på framtida, og at han trivast godt som gardbrukar på Namdalseid. Eit område med mange engasjerte produsentar.