Reportasje

Frå Jumbo til Miss

På grunn av restriksjonar grunna klauvlidinga digital dermatitt var det færre kyr og kalvar enn vanleg som stilte opp på utstillinga på Jærmessa siste helga i august. Kvaliteten på dyra var derimot uvanleg høg. Av 21 kyr fekk heile 16 førstepremie, resten fekk andrepremie.

Inga Skretting Timpelen

Mjølkeprodusent

ingaskretting@gmail.com

Det sosiale er ein viktig del av utstillinga, og den gode drøsen med kollegaer og andre kuinteresserte er noko av det som gjer at folk kjem att år etter år.

Foto: Bondevennen

Kyrne fordelte seg på ti NRF, seks Holstein og fem jerseykyr. Tore Joa dømde NRF og jerseyklassane medan Svein Egil Skartveit dømde holsteinklassen. Beste førstekalvsku og beste eldre ku i kvar rase konkurrerte om å verta «Miss Jæren». På Miss Jæren-kåringa er det ikkje fagdommarane som avgjer, men ein jury på tri personar som gjer kyrne poeng. Kua med færrast poeng vert vinnaren. NRF-kua 653 frå Skretting Ku DA stakk av med sigeren i missekåringa, i tillegg til å verta beste NRF-ku. Ho har hatt fem kalvar og har tilnamnet «Jumbo». Dette fekk ho etter å verta plassert sist i ein klasse med berre førstepremierte ungkyr for fire år sidan.

Suksess med eigen­oppdretta okse

Andreplassen i klassen eldre NRF gjekk til 774 Sjokolade etter 10612 frå Ingunn Dyvik, tredjeplassen til Torbjørn Garborg si flotte Facetdotter, som vann denne klassen i fjor.

I førstekalvsklassen for NRF gjorde Skretting Ku reint bord då tvillingdøtrene etter den eigenoppdretta oksen 11284 Skretting (etter 22016 A. Linne) tok både første og andreplassen. På den neste plassen kom ei 10795 Hoøendotter frå Timpelen Ku.

Ungdoms- og kalvemønstring

I ungdomsmønstringa stilte tri deltakarar opp, vinnar vart Marie H. Brådli (20). Dei 15 kalvemønstrarane var delt inn i to klassar, frå 3-10 år og frå 10-14 år. Jannike Anda (8) vann klassen for dei yngste, medan Malin Regine Fotland Øgland (12) vart kåra til vinnar i klassen for dei eldste mønstrarane.

Frå Jumbo til Miss; kua 653 frå Skretting Ku DA fekk 9 poeng på kropp/bein og 4,5 poeng på jur og omtalen «Bra stor, god djubde, sterk rygg, rett kryss, velstilte gode bein, balansert jur med særs gode feste». Far til kua er 28004 R. David, og morfar 22007 K. Lens.

Foto: Bondevennen

Beste 1. kalvs NRF nummer 749 etter 11284 Skretting, morfar 28006 Facet, frå Skretting Ku fekk 9,5 poeng på kropp/bein og 4 poeng på jur. Maria Skretting mønstrar.

Foto: Bondevennen

Beste Holstein og nummer to i Miss Jæren-kåringa vart 1.kalvskua Ukullele Avalon frå He-Rosnes. Ho fekk 9,5 poeng på kropp og 4,5 poeng på jur. Far til kua er 33323 Farnear-TBR Alta Avalon-ET. Einar Rosnes mønstrar.

Foto: Bondevennen

Gullkua

«Gullkua» i år som i fjor vart 449 Malena til Kåre Sigurd Undheim. I denne kåringa tel både antal kalvar, produksjon, helse og eksteriør. Malena, som har hatt åtte (!) kalvar, vart også beste jerseyku. Far er 27010 Q Hov, morfar 136 Q Handix. Ho fekk 9 poeng på kropp/bein og 4 poeng på jur. Sindre Årsvoll mønstrar. Foto: Bondevennen