Økonomi

Økobruk meir effektive

Ei masteroppåve ved Norges Handelshøgskole syner at økobruk og bruk med høg kvotefylling, avdrått og kjøtproduksjon er dei mest effektive.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar Tine Rådgiving

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

Bruk med høg kvotefylling, avdrått og kjøtproduksjon og økobruk er dei mest effektive.

Foto: Rasmus Lang-Ree

To tidlegare studentar på Norges Handelshøgskole, Kathrine Moland og Monica Ilstad Lenning, har fått hjelp av Tine til å skrive masteroppgåve bygd på ein analyse av 212 bruk i Mjølkonomi. Vi følgde dei same bruka i rekneskapsåra 2012 og 2013. Bruka hadde i middel 31 årskyr, og var såleis litt større enn gjennomsnittet i Kukontrollen.

Finne dei mest inntektseffektive bruka

Målet var å finne fram til dei mest inntektseffektive bruka, og kva som kjenneteiknar dei. Inntektseffektive bruk vart definerte som bruk med høgast mogleg inntekt inkludert alle tilskot, gitt følgjande innsatsfaktorar: variable kostnader, fjøsplass, mjølkekvote, grovfôrareal og totalt tal arbeidstimar på bruket. Fjøsplassen rekna vi ut frå middel dyretal i kvart av åra. Ved å nytte inntekta i høve til bruken av innsatsfaktorar som mål på effektivitet kan både små og store bruk bli effektive. Poenget er at dei må få mest mogleg ut av dei ressursane dei set inn i produksjonen. Bruk med stort areal eller stort fjøs i høve til mjølkekvoten vil såleis ikkje automatisk bli rekna som effektive, slik dei kan verte om ein til dømes berre ser på dekningsbidrag pr. liter mjølk. Og fordi distriktstilskot inngår på inntektssida, kan bruk i heile landet kome med blant dei mest effektive.

Effektivt å produsere kjøt i mjølkebuskapar som har ledig plass i fjøset

Først vart bruka rangerte etter kor effektive dei er, og deretter vart bruka delte i tre grupper med låg, middels og høg effektivitet. Dei minst effektive bruka har kviger som kalvar ved 26,6 månaders alder, medan kvigene på dei mest effektive bruka kalvar når dei er 25,4 månader gamle. Dei mest effektive bruka har lågare seminkostnader enn dei minst effektive. Sjølv om skilnaden er berre eitt øre per liter mjølk, er den likevel statistisk sikker. Ved tolkinga av skilnaden må vi ha i mente at både høg kjøtproduksjon og problem med å få kalv i kua kan føre til høge seminkostnader, men at desse to årsakene påverkar effektiviteten i kvar sin retning. Dei mest effektive bruka har mykje høgare kvotefylling enn dei minst effektive, høvesvis 97,7 og 86,3 prosent. Den store skilnaden kan vi sjå i høve til avdråtten pr. årsku, 8 003 kilo på dei mest effektive bruka, og 7 394 kilo på dei minst effektive. Samla sett kan tala tyde på at dei minst effektive ikkje klarer å oppnå den avdråtten som skal til for å fylle mjølkekvoten. Skilnaden i kjøtproduksjon utgjer heile 3 131 kilo pr. bruk i favør av dei mest effektive bruka. Resultatet tyder på at det er effektivt å produsere kjøt i mjølkebuskapar som har ledig plass i fjøset, og handteringsline for grovfòr som òg kan nyttast til produksjon av mjølk. Sett i høve til dagens utvikling med auka spesialisering ved nybygg og utviding av mjølkeproduksjonen, er dette eit interessant funn.

Økobøndene flinke til å få inntekt ut av ressursane dei set inn

Dei mest effektive bruka oppnår 5,5 øre høgare kvalitetsbetaling pr. liter mjølk jamført med dei minst effektive, og skilnaden utgjer 11 748 kroner for eit middels stort bruk i undersøkinga. Likeeins har dei mest effektive bruka litt lågare andel kraftfòr i fôrrasjonen. Økologiske bruk er overrepresenterte blant dei mest effektive, noko som tyder på at økobøndene er flinke til å få inntekt ut av dei ressursane dei set inn. Tala syner òg at bruk med robot er meir effektive enn bruk med konvensjonell mjølking, men sidan kapital- og driftskostnadene med roboten ikkje er med i reknestykket, må det gjerast meir arbeid før vi kan dra ein endeleg konklusjon om effektiviteten. Vi ser òg at bruk som installerte robot i åra 2012 og 2013 ikkje er blant dei mest effektive, noko som tyder på at det tek litt tid før roboten, kua og bonden venner seg til den nye driftsmåten. Det stemmer bra med tidlegare undersøkingar vi har gjort i Tine.

Tine takkar Kathrine Moland og Monica Ilstad Lenning for vel utført og nyttig arbeid for mjølkeprodusentane.

Faktorane som skil ut dei effektive bruka

Analysen synte at følgjande faktorar skil effektive bruk frå andre bruk:

  • låg alder på kviger ved første kalving

  • låge seminkostnader pr. årsku

  • høg avdrått pr. årsku

  • høg kjøtproduksjon pr.årsku

  • høg oppnådd kvalitetsbetaling

  • låg andel kraftfòr i fôrrasjonen

  • økologisk drift