Forskjellig
Leantips

Vedlikehaldsoversikt

Bonden har ei krevjande leiaroppgåve. Med mange felt å følgja opp kan ein lett missa oversikt. Førebyggjande vedlikehald er eit viktig prinsipp i Lean. Det finst eit leanverktøy som kallast TPM, eller Total Produksjons Vedlikehald.

Tekst og foto:
Eivind Vik

Spesialrådgiver i Tine Rådgiving

Eivind.Vik@tine.no

Det er viktig å gi seg sjølv fargesignal når du ikkje har følgt planen. I jan månad vart fleire planlagde oppgåver ikkje utført. Desse vart utført tidleg i februar.

Vedlikehald kan alltid utsetjast til i morgon. Utset du vedlikehald eller mister oversikten, kan det bli kostbart. Då vert det reparasjonar i staden for vedlikehald. Reparasjonar er hastearbeid og ofte kostbart, medan vedlikehald kan planleggjast og er som regel langt rimelegare. Med mykje automatisering har bonden etter kvart mykje kritisk utstyr som berre må fungere. Det kan vera risikabelt å berre stola på at du huskar kva tid du sist hadde oppfølging på ei maskin. Det same gjeld viktige sjekkpunkt. Var det for tre eller seks månader sidan? Me kan bruka ulike loggbøker eller dataverktøy til å halda styr på dette. Men også det krevst at du må inn i permar eller data for å følgja med. Finst det noko som er endå enklare, og kan hjelpa deg med oversikten?

Opp på tavla

Visualisering (gjera synleg) har stor kraft. Lag ein årsplan for vedlikehald der du legg opp 12 månader og lagar kryss med svart skrift dei månadane du planlegg vedlikehald. Nokre punkt skal ha tilsyn kvar månad, medan andre ting skal ha oppfølging to til seks gonger i året. Planen kan du godt skrive på eit ark som du legg plastomslag på. Plastarket skal opp på veggen. Når du har utført vedlikehald tek du ein grøn Whiteboardtusj, og teiknar ein grøn ring rundt krysset. Dersom månaden går utan at du får utført det planlagde vedlikehaldet teiknar du ein raud ring rundt krysset. Med raud ring gir du eit forsterka signal til deg sjølv om at her er noko som må følgjast opp. Då har du oversikt på brøkdel av eit sekund. Fargekoding er smart, og ein slik plan fungerer ikkje utan at me også har nokre raude ringar.

Når året er omme tek du eit foto av tavla og vaskar av fargeringane på plasten. Då har du alt klar ein ny plan for nytt år. Foto kan vera god dokumentasjon både for deg sjølv og for KSL.