Økonomi

Meir om effektive bruk

Generelt aukar effektiviteten med aukande avdrått, men er grovfôrarealet stort i høve til kvoten, og alternativverdien låg, vil ein tene på å ha ein moderat mjølkeavdrått.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar i Tine Rådgiving

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

Eg er blitt utfordra av Buskap til å seie litt meir om kjenneteikna på effektive bruk som vi synte i sist nummer. Dei faktorane som påverka effektiviteten var; låg alder på kviger ved første kalving, låge seminkostnader, høg avdrått, høg kjøtproduksjon pr. årsku, høg kvalitetsbetaling, låg andel kraftfôr i fôrrasjonen og økologisk drift.

Kalvar kviga eldre enn 25,3 månader vil ikkje avdråtten auke vesentleg. Sidan fôrforbruket og behovet for plass i fjøset aukar vil dette gje redusert effektivitet.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Kalving etter 25,3 månader gjev redusert effektivitet

I dette materialet tilsvara låg alder på kvigene 25,3 månader ved kalving. Ut over denne alderen vil ikkje avdråtten til kviga som ku auke vesentleg, men fôrforbruket og behovet for plass i fjøset vil auke. Grovfôrareal og fjøsplass var begrensande faktorar når vi rekna ut effektiviteten, og auka grovfôrforbruk og fjøsplass vil såleis redusere effektiviteten når inntekta er den same. Skilnaden i seminkostnader var liten mellom dei mest effektive og dei minst effektive, sjølv om skilnaden i kjøtproduksjon var stor. Høg kjøtproduksjon heng gjerne saman med høgt kalvetal pr. årsku, og dermed fleire insemineringar. Tala våre tyder difor på at bønder med høg kjøtproduksjon pr. årsku er flinkare til å få kalv i kua enn sine yrkesbrør. Dei mest effektive bruka hadde ein avdrått på 8 003 kilo, jamført med 7 394 kilo i den minst effektive gruppa. Høg avdrått reduserer behovet for grovfôr og fjøsplass for å fylle kvoten. I analysen vår hadde vi mellom anna fjøsplass, kvote og variable kostnader som innsatsfaktorar. Så lenge kraftfôrbruken ikkje aukar for mykje, vil effektiviteten difor auke med aukande avdrått.

Høg kjøtproduksjon pr. årsku aukar effektiviteten

Høg kjøtproduksjon pr. årsku aukar inntekta pr. årsku, samstundes som kravet til grovfôr, arbeidstimar og fjøsplass i kjøtproduksjonen er moderat. Så lenge ikkje kjøtproduksjonen er basert på for dyrt fôr, vil såleis høg kjøtproduksjon pr. årsku auke effektiviteten. Høg kvalitetsbetaling for mjølka aukar inntekta, og vår studie syner at det eventuelle meirarbeidet som må til i timar er mindre enn vinsten i kroner. Låg kraftfôrandel aukar effektiviteten gjennom å redusere dei variable kostnadene, og heng gjerne saman med god grovfôrkvalitet. Dei økologiske bruka fekk i 2012 og 2013 utbetalt 75 øre meir pr. liter mjølk. Tala frå analysen syner at økobruka har vesentleg større areal og kvote, og dermed høgare produksjonsinntekt og tilskot og fleire arbeidstimar. Økobruka har og lågare grovfôravling, lågare variable grovfôrkostnader og lågare kjøtproduksjon pr. årsku.

Produksjonen må tilpassast ressursane på det enkelte bruk

Kjenneteikna for dei mest effektive bruka med referansetal vil vi ta inn som ein ny rapport i Tine Mjølkonomi. Til slutt må eg legge til at produksjonen må tilpassast ressursane på det enkelte bruk. Til dømes kan eit bruk med stort grovfôrareal i høve til kvoten, og med låg alternativverdi på grovfôr, tene på å ha ein moderat mjølkeavdrått. Slik kan det bli det fleire kalvar til kjøtproduksjon, og ein kan byte ut meir av kraftfôret med grovfôr. Her er sjølvsagt og verdien på spart arbeidstid viktig. Difor må ein ikkje sjå seg blind på effektivitet heller.