Forskjellig
Dagbok fra oppigard

På tide med meir lys i fjøsen

Dagane har blitt korte og mørke, og samstundes forventar eg at kyrne skal vise brunst og ta kalv på denne tida. Då må dyra få nok lys i fjøset, men gjer dei faktisk det?

Tekst og foto
Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

H-bjelken skyggar for lyst, og meir lysrør må monterast opp for å motverke dette.

Kulda har igjen festa sitt grep over heimstaden min. Sjeldan har vi her vest vore velsigna med slik ein vakker haust og etterkvart vinter. Dagane kunne nyttast til alt. Både flotte turar i fin natur og arbeid på garden av alle slag.

Den lave sola skein inn glasa i fjøsen og skapte rolege dyr som myste mot lyset. Men ingen ting varer evig og brått vart dagane kortare og mørkare. Sola ser vi fyrst att 13.dag jul - om vi er heldige.

Nok lys

Så er tida inne for å igjen få kalv i kyrne. No var det ikkje lenger aktuelt å slå av noko lys når eg gjekk frå fjøset om morgonen. Men sjølv med alt lys på, så tykte eg at det verka til å vere for mørkt over fôrbrettet. Men sidan dette aldri var eit tema, så heldt eg fram med å jobbe i det lyset som eg var så vant med.

Ikkje før flinke Jorunn Heggheim, tok opp dette med nok lys i fjøsane på ei «Kvinner Med Mjølk»-samling, så la eg meg på minne at no eg sjekke tilstanden. Heggheim oppmoda oss til å kjøpe ein lysmålar og ta dette på alvor. Ho kunne vedde på at dei fleste av oss ville få oss ei overrasking. Eg svinga inn om Biltema og kjøpte ein lysmålar. No skulle alt bli bra! Men som så ofte elles, så vart målaren liggjande i den fine pakningen sin. Det var jo vår og eg såg lyst på livet!

Natt på høglys dag

Men så kom hausten, og lysmålaren låg der og ropte på min dårlege samvit. No altså! Eg pakka den ut og vandra over fôrbrettet. No tullar du sant! Her må noko vere feil ! Har denne målaren fleire innstillingar eller virkar den ikkje som den skal ?

Forskriftsmessig så heldt eg den 0,8 - 1,0 meter over golvet, og eg forventa meg 100 lux, for det skal vere mellom 100-200 lux i fjøset. Rett under lysrøret fekk eg kanskje 170 lux, men eg skulle ikkje bevege meg langt før styrken dalte. Under vifta og mellom lysrøra var det 30-40 lux. Nattlys på høglys dag! Sidan lysrøra var montert opp, så har vi sett opp H-bjelkar på tvers som igjen held den langsgåande H-bjelken som appetittfôringsvogna heng i. Lysrøra vert då på den eine sida av bjelken, og kva skjer då ? Jau, då fell sjølvsagt skuggen på kyrne på motsatt side av den. Så frå å stå under lysrøret og få eit utslag på 167 lux, så tok eg eit steg rett til sida, og målaren datt til skrekkelege 38 lux.

Og så eg som har lurt på kvifor nokre viser så dårleg brunst. Då har eg kanskje litt av svaret rett framfor meg.

Melatonin

For lys verkar inn på reprodusjonen. Det verkar også inn på grovfôropptaket og på ytinga.

Ei amerikansk undersøking har vist ei auke i yting på 2,5 kg/ku/dag når dei auka daglengda frå 12 til 16 timar.

Så ei daglengd (minimum 100 lux) på 16-18 timar er positivt, men effekta av auka yting uteblir om kyra ikkje får eit avbrot med samanhengande mørk med berre 10-50 lux i døgnet.

Dette heng saman med utskillinga av signalstoffet melatonin i hjerna. Når det er mørkt produserer hjerna mykje melatonin, medan når det er lyst så vert det lav eller ingen produksjon. Melatonin er med og styrer døgnrytmen i kroppen, og den har via hormonar innverknad på både mjølkeprodusjon, reprodusjon og god helse generelt. Eit kinderegg altså!

Lysmålaren viser nok lys rett under lysrøret, men på «skuggesida» av H-bjelken så fell styrken heilt ned til 38 lux. Det er altfor lite lys.

Ungdyra

Kva med kvigene mine. Dei står i ein anna fjøs, og der har eg kanskje spart litt på straumen. Lysmålaren viser i underkant av 100 lux og nedover. Men sidan daglengda påverkar tilveksten på kvigene, og då igjen kor tidleg dei blir kjønnsmodne, så bør eg bli rausare med lyset der også.

Forskning viser at lang dagperiode aukar følsomheita til veksthormonet i levra, og dermed aukar utskillinga av noko som dei kallar for IGF-1. IFG-1 stimulerer til god vekst blant anna fordi det aukar opptaket av næringstoff frå blodbanene. Kvigeoppdrett kostar, så her er det berre å skru på lyset.

Planen er klar

Saken er grei. Det er verken den store jobben, eller den store kostnaden å forbetre lystilhøva i fjøsen. Eg må ivertfall doble lysrøra, slik at eg får eit på kvar side av bjelken. Kring viftene må ein ta hensyn til at lufta ikkje skal bli slått ned av lyset, så her får eg forhøyre meg med fagfolk slik at det vert korrekt. Taket har også godt av eit strøk kvitmaling. Det vil med ein gong reflektere meir av lyset. Dette gler eg meg til å ta fatt på, og eg er spent på kva vi kan få til – både for dyrevelferda og for oss sjølve. Eg er positiv!

Facebook

Ein kveld la eg ut eit bilete av vår yngste datter på Facebook. Ho hadde sett seg rett ned i blant kalvane. Det var ikkje fyrste gongen, og kalvane visste at her var det kos i vente. Eg tykte biletet hadde eit godt uttrykk og la det ut også på «Venner av norsk landbruk». Responsen let ikkje vente på seg, men den vart større enn eg hadde venta meg, og tilbakemeldingane stadfesta ein tanke eg har hatt.

Bønder og storfehaldarar over vårt ganske land, med alle sine ulike utgangspunkt i geografi, topografi, klima og kva det måtte vere, har ein ting til felles: kjærleik og omsorg! Dyrevelferd heng saman med kunnskap, nok mat og vatten, bygningstekninske utformingar og mykje anna. Der har vi alltid meir vi kan gjere og kunnskap vi kan erverve oss. Men det som utvilsomt ligg i botnen, som ein berande og solid grunnmur, er kjærleiken og omsorga for dyra våre. Responsen på dette biletet fortalde meg at mine yrkesbrør og -systre der ute, har eit stort hjarte og blikk for sine dyr, og for meg er det grunnlaget for all god dyrevelferd.

Biletet av Emilie og kalven Holly gav veldig stor respons på facebook. Mange kjende att denne kjensla av kos med kalvar frå dei sjølve var born.