Forskjellig
Dagbok fra oppigard

Auka kvote – ein inspirasjon i kvardagen

Å strekkje seg etter nye mål tvingar fram nokre endringar i drifta, og gjer kvardagen langt meir spanande og interessant.

Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

Tekst og foto

Kyrne som fekk vere att heime hadde gode dagar.

Auka kvote gjev nye utfordringar i eit eldre båsfjøs. Når målet i mange år var å ikkje gå for mykje over dei 75 000 literane ein hadde tildelt, så vart det rett og slett kjedeleg, og mykje gjekk nærast på gamal vane.

No har vi vore så heldige å få leige 85 000 liter i 10 år for 25øre/liter. I tillegg så har vi kjøpt kvote, så no strekkjer vi oss etter å fylle heile 200 000 liter. Det er i seg sjølv inspirerande å utfordrande å sikte mot nye mål.

Auka kvote krev auka tiltak

Det er ikkje lenger snakk om tvangs-sining av kyr i juni. Nei, no skal laktasjonen nyttast i dei 10 månadane den kan. I fjor var den fyrste sommaren vi mjølka «heilt rundt» Det gav nye utfordringar å finne ut av fôringa til beitande mjølkekyr, men det gjekk seg til etterkvart. Mesteparten av kyrne var sina og ute på utmarksbeite som vanleg, men åtte var att heime som «prøvekaniner» for mitt sommarmjølkprosjekt. På dagtid gjekk dei og beita på 2.slåtten kring fjøset, men om natta låg dei inne og hadde tilbud på silo. Vi greidde ikkje å oppdra dei til å alltid gå på eigen bås, så kraftfôret i automaten på appetittforingsvogna vart sett til lik mengde på alle, så supplerte vi manuelt til dei som trengte det. Ikkje noko hokus pokus over dette, og mange gjer det heile sommaren, men for oss var det nytt. Eg var spent på om eg ville bli skikkeleg lei og umotivert, men nei. Eg tykte det var heilt supert. Lite arbeid, men likevel så kjentest det så rett og meiningsfylt.

Med litt arbeidsinnsats, ny innredning, drikkekar og forlenga skinnebane, så fekk vi tre ekstra båsplassar.

Fleire båsplassar – mindre plass til kalvane

Men fleire tiltak var naudsynte. Vi bestemte oss for å lage tre båsar ut av det eine kalvearealet. Mjølkerørleidningane gjekk alt heilt til endes og rundt, så det var berre å montere opp to nye kraner for tilkobling. Pent brukt innreiing og drikkekar var det lett å skaffe for ein billig penge. Skinnebana måtte byggjast på – og vips, så var der plass til tre kyr til. Det var eigentleg i grevens tid, for til saman 26 mjølkande eller drektige kyr gjekk ute og trengte plass inne.

Slik vart det meir kyr og meir mjølk, men mindre plass til kalvane. Ein konsekvens vart at vi ikkje lenger valde å produsere gourmetkalv. Å selje oksane som livdyr når dei er mellom 11 og 26 veker gamle, var faktisk ein opptur for oss arbeidsmessig, og ei god løysing med tanke på trongen for meir storfekjøt i Noreg.

Vi valde å gå til innkjøp av ein kalve­fôringsautomat til, slik at vi kunne dele kalvane etter alder på dei to fjøsane våre, men likevel ikkje få skifte i fôringa. Det vart veldig bra og kalvane vaks godt og heldt seg friske.

Kalv i kyrne med rett urea

Ureamålingane i mjølka er eit godt verktøy i planlegginga av fôringa, og den fortel om eg har lukkast med type og mengde kraftfôr, og om det stemmer i forhold til grovfôret. Urea vert danna frå protein som vert nedbrote i vomma, men som den ikkje kan gjere seg nytte av der. Ved optimal fôring, så ligg ureaverdiane i mjølka mellom 3,0 og 6,0 mmol/liter. I gjennomsnitt låg verdiane hjå oss på 4,0 mmol/liter. Det er eg veldig nøgd med. Det fortel meg at PBV-innhaldet i fôret er på riktig nivå. Kjem verdiane under 3,0 mmol/liter, så er PBV-innhaldet i fôret for lavt, men vert verdiane for høge, så inneheld fôrrasjonen eit overskot av nedbrytbart protein, eller fôret kan innehalde for lite energi til at kyra kan nyttegjere seg det nedbrotne proteinet. Ureaverdien i mjølka seier difor mykje om innhalde av protein i fôret og litt om energiinnhaldet.

Men målingane svingar sjølv med stabil fôring, og eg lar meg ikkje stresse så lenge målingane held seg innafor normalen. Det kan vere at grovfôret dei et er sterkare gjødsla enn det dei fekk forrige veke, eller at graset var på eit anna utviklingsstadium då det vart slått. Urea er naturleg lavare tidleg i laktasjonen og den er lavare hjå 1.kalvarane enn hjå eldre kyr.

Grunnen til at eg er oppteken av ureamålingane, er at eg erfarte ein vinter kva dette hadde å seie for insemineringa - eller rettare sagt drektigheita. For kyrne kom i brunst som vanleg, og eg fekk dei inseminert som vanleg. Alt såg heilt fint ut, men tre veker etterpå så var det på igjen. Kyrne viste brunst, men vart ikkje drektige. Ureaverdiane på tankmjølka låg på den tida på eit snitt på 6,0 mmol/liter og FS-talet krympa. Eg lærte meg då at ein høg tilførsel av protein kombinert med lav energitilgang førte til at eg ikkje fekk kalv i kyra. Skal ein auke besetninga, er det ivertfall ei forutsetning at kyrne vert drektige.

Etter denne vinteren starta eg med å gje to kg betefôr/dag frå innsett til og med februar månad. Dette bidreg til at urea har helde seg stabilt på ca. 4,0 mmol/liter og insemineringa vert meir vellukka. Ein bonus er at kyrne elskar bete (sukkerroer) og det gir variasjon og god appetitt.

Betre genmateriale

Den langsiktige satsinga er avlen. Vi treng betre kyr! Fyrst og fremst ynskjer eg auka yting. Eg tykkjer å sjå med mine eigne dyr, at ei«djup» kyr som et masse grovfôr, lett kan mjølke like godt eller betre enn ei «småspist» og kresa kyr med gode indeksar på mjølk. Eg går for begge deler i same kyra!

Når vi no har aukar buskapen, så gjev det oss eit større spelerom i val av mordyr. Denne gongen har eg valt ut nokre mordyr som godt kan vere med vidare i drifta, men som eg ikkje ynskjer fleire døtre ifrå. Dei er inseminert med kjøttfe og kalvane vert selt vidare som mor- eller oppfôringsdyr. Gler meg slik til desse kalvane vert fødde!

Eg gler meg også til alle dei andre kalvane som kjem framover. Det å kunne nytte gode eliteoksar på alle dyra, legg tilrette for å halde fram med å forme ei enno betre NRF kyr. Den avlsmessig framgangen går no frå trikk til flytog og den reisa vil eg vere med på.