Tema: Gras

Grovfôrkonferanse i Sverige – mykje nyttig også for oss

Lars Nesheim

Seniorforsker i Nibio

lars.nesheim@nibio.no

Ei svensk undersøking fann ein at medan det usynlege tapet i form av karbondioksid og varme utgjorde 10-20 prosent i plan- og tårnsiloar, var det berre på ein prosent i rundballar.

Foto: Rasmus Lang-Ree

I februar arrangerte Sveriges Lantbruksuniversitet og andre organisasjonar innan landbruket ein konferanse om produksjon og utnytting av grovfôr i Uppsala. Dette var andre konferansen i rekkja, og det opphavlege initiativet kom i frå rådgivarar, som hadde fått innspel om at det er behov for ein fagleg møtestad for gardbrukarar, rådgivarar og forskarar. Av 280 deltakarar var det 20 rådgivarar og forskarar i frå Norge. Her vil eg nemne litt frå nokre av foredraga. I tillegg til foredrag vart også årets «Vallmästare» presentert på konferansen. Dette tilsvarer nokolunde den norske «Avlingskampen». Vinnaren driv økologisk mjølkeproduksjon med 270 årskyr og ei yting på 9 300 kg mjølk. I grunngjevinga frå juryen vart det peika på at vinnaren oppnådde særs høge grovfôravlingar. Vinnaren sjølv nemnde at ein viktig årsak til store avlingar er at det er muleg å vatne nesten heile grovfôrarealet.

Strandsvingel eller timotei til mjølkekyr

Årets vallmästare sår attlegga sine med 45 prosent timotei, 40 prosent strandsvingel og 15 prosent kløver. Strandsvingel gir stor avling, den toler tørke og konkurrerer godt mot andre artar. Denne arten er til no lite brukt i Norge, men raisvingelsorten Hykor, som vert sådd i eit visst omfang i Norge, er ganske lik strandsvingel. Eitt ankepunkt mot strandsvingel er fôrkvaliteten. I eit forsøk med mjølkekyr på Nötcenter Viken i Sverige vart det gitt surfôr av Switch timotei eller av Swaj strandsvingel (også godkjend i Norge). Begge gruppene hadde likt fôropptak, men kyr som fekk timotei mjølka nesten to kg energikorrigert mjølk (EKM) meir per dag i ein periode på tre veker. Også fôreffektiviteten målt som kg EKM per kg tørrstoffopptak var høgare hjå dei som fekk timotei. Nedbrytingsfarten av protein og fiber var lågare for Swaj strandsvingel enn for Switch timotei, og det er med og forklarar den lågare mjølkeproduksjonen. Ein konklusjon er at surfôr av strandsvingel til mjølkekyr må kombinerast med kraftfôr med høg fiberfordøyelegheit.

Mindre tap ved ensilering

I ei gransking på 12 gardar, samt laboratorieforsøk, vart tapet ved ensilering med ulike metodar målt. Tap i kassert surfôr utgjorde om lag to prosent av innlagt tørrstoff, medan det usynlege tapet i form av karbondioksid og varme utgjorde 10-20 prosent i plan- og tårnsiloar, og berre ein prosent i rundballar. Meir omfattande pakking ved innlegging og betre tildekking reduserte tapet. Ein har ikkje kunne påvist at temperaturen i plansiloar er ein god indikator på tapet av tørrstoff. Tettheita i siloen og tørrstoffinnhaldet i massen var dei faktorane som påverka lagringsstabiliteten mest. Høgt tørrstoffinnhald og utett silo gir eit surfôr med vesentleg kortare haldbarbeit etter opning. Gardsstudiane viste at ein godt pakka og tett silo kan redusere tørrstofftapet med inntil 10 prosent, noko som kan tilsvara ein fôrverdi på om lag 25 000 kroner for ein vanleg stor plansilo.

Ensileringsmiddel

Føremålet med eit fôringsforsøk med mjølkekyr var å undersøkje verknaden av ensileringsmiddel på proteinkvaliteten i surfôret, og korleis det påverka fôropptak og mjølkeproduksjon når kyrne fekk rasjonar med ulikt forhold mellom vomstabilt protein (RUP) og vomnedbrytbart protein (RDP). Surfôr tilsett bakterie- eller saltbaserte preparat vart samanlikna med surfôr ensilert utan tilsettingsmiddel. Kyr som fekk ein fôrrasjon med høgt innhald av RUP hadde like stort fôropptak og mjølkeproduksjon uansett om dei fekk surfôr med eller utan ensileringsmiddel. Kyr som fekk rasjon med lågt innhald av RUP mjølka 3,5 kg energikorrigert mjølk meir per dag utan å auke fôropptaket når dei fekk surfôr der det var brukt ensileringsmiddel. Fôreffektiviteten og nitrogeneffektiviteten kom opp på om lag same nivå som hjå kyr som fekk fôr med høgt innhald av RUP. Bruk av ensileringsmiddel kan redusere behovet for RUP i kraftfôret, og det kan bety at ein kan velje billigare kraftfôrtypar.

Liten og stor kraftfôrmengd like etter kalving

Mjølkekyr vert i dag fôra med fôrmiddel som også kan brukast direkte til menneskemat. I eit forsøk med mjølkekyr vart det sett saman eit kraftfôr med biprodukt som ikkje er mat for menneske. Ingrediensane var: Betefiber (57 prosent), rapsmjøl (19 prosent), drank (17 prosent) og andre produkt (7 prosent). Tjuefire kyr var med i forsøket, og halvparten fekk ein liten kraftfôrmengd (max 4-5 kg/dag) sett saman av biprodukt. Den andre halvparten fekk ei stor mengd kraftfôr (max 14-15 kg/dag) av same type. Alle kyr fekk fri tilgang på surfôr. I middel for veke 2-6 etter kalving var totalt fôropptak likt i begge gruppene. Dei som fekk lite kraftfôr åt 3,7 kg kraftfôr og 16,6 kg surfôr, medan tilsvarande tal for gruppa som fekk mykje kraftfôr var 7,7 og 12,5 kg. Det var ingen skilnad i mjølkeproduksjon og mjølkesamansetning mellom gruppene. Men netto matproduksjon samt mjølkeinntekt minus fôrkostnad var større ved å gi ei lita mengd kraftfôr.

Berre grovfôr og korn til mjølkekyr – er det lønsamt?

Både i Sverige og Norge er det diskusjon om det er muleg å produsere mjølk på berre heimeavla fôr. I eit forsøk ved Sveriges Lantbruksuniversitet vart 25 kyr følgd i heile laktasjonen, og forsøket vart gjennomført i to år, med totalt 50 kyr. Forsøket vart utført i samsvar med reglane for økologisk produksjon. Alle kyr fekk fri tilgang på godt surfôr samt godt beite i sommarsesongen. Ei gruppe fekk berre kornblanding, som var sett saman av 36 prosent bygg, 34 prosent kveite og 25 prosent havre. Den andre gruppa fekk same kornblanding, men dei fekk eit proteinkonsentrat av soya, raps og havre i tillegg. Innhaldet av protein i fôrrasjonen var 13,8 prosent for dei som berre fekk korn, og 16,1 prosent for dei som også fekk proteinkonsentrat. Kyrne som berre fekk surfôr, beite og kornblanding mjølka 9 200 kg energikorrigert mjølk (EKM), medan gruppa som fekk proteinkonsentrat mjølka 9 880 kg EKM, eller sju prosent meir i ein 305 dagars laktasjon. Rekna ut i frå prisar i 2016 for økologisk produksjon vart nettoinntekta 1 140 svenske kroner høgare for dei kyrne som ikkje fekk protein i tillegg. Med prisar for konvensjonell produksjon vart nettoinntekta 410 kroner lågare for dei som berre fekk kornblanding.

Bestemme grovfôrpotensial ved mjølkeanalysar?

Om kyr kan produsere mykje mjølk på ein fôrrasjon med avgrensa del kraftfôr, kan ein redusere bruken av kraftfôr i mjølkeproduksjonen, og det er ein fordel for både økonomi og ressursutnytting. Det er stor skilnad mellom kyr med omsyn til kor mykje grovfôr dei kan eta. Ei utfordring på ein gard er å vite kva kyr som kan ta opp mykje grovfôr. Målet med granskinga som vert omtala her var å utvikle ei likning for å estimere kyrne sitt potensial for grovfôropptak ved å bruke data frå skanning av mjølkeprøver med infraraudt lys (MIRS, mid infrared spectroscopy). I framtida kan denne teknikken nyttast for å lage eit grunnlag for avlsarbeidet med å få fram kyr med større kapasitet til å utnytte grovfôr. Data frå to forsøk der kyrne fekk fri tilgang på grovfôr i lausdrift der individuelt grovfôropptak vart registrert vart nytta til å lage likninga. Resultata syner at det er muleg å estimere grovfôropptaket ved ei slik likning. Dersom likninga kunne utviklast til å omfatte heile populasjonen av svenske mjølkekyr, skulle den kunne brukast til å selektere for kyr som er betre til å klare seg med avgrensa mengder kraftfôr.