Helse
Dyrevelferdsindikatoren

Stoffskifte: Kva inngår og korleis kan ein påvirke?

Som sikkert mange av dykk veit så er dyrevelferdsindikatoren delt opp i fleire delindikatorar, og dette innlegget tek for seg kva som inngår i delindikator stoffskifte, korleis vektlegginga er, og kva som blir «belønna» og «straffa» i kalkuleringa.

Randi Therese Garmo

Spesialrådgiver/veterinær i Tine Rådgiving

randi.therese.garmo@tine.no

For mjølkefeber så er 1.laktasjonskyr fjerna da det er sjeldan med mjølkefeber hjå desse og deretter blir antall tilfeller dividert på antall kyr som har kalva.

Teikning: Sunniva Anette Hunskaar Tajet

I delindikatoren for stoffskifte inngår tilfeller av mjølkefeber og ketose i besetninga. I tillegg er slaktevekt og slakteklasse for ku og ung ku inkludert. Dersom det er registrert haldvurdering på kyr i besetninga, skal dette telle positivt. Dei fleste av dykk som les dette veit sikkert at frekvensen av mjølkefeber aukar med alder. Ketose var for ein del år sidan betydeleg, men den «klassiske ketosen» er det mykje mindre av i dag. I Kukontrollen blei det i 2020 rapportert 5,0 behandlingar/100 årskyr for mjølkefeber og 1,6 behandlingar/100 årskyr for ketose.

For feit og for tynn kan gje sjukdom

Feite kyr er meir utsett for mjølkefeber og for å bli liggande etter behandling. Likeeins kan feite kyr ved kalving vera utsett for stort haldtap og eventuelt påfølgjande ketose om det går for langt. Tynne kyr ved kalving kan vera meir utsett for infeksjonssjukdommar og kan au indikere manglar knytta til fôring og stell. Låge slaktevekter og dårleg slakteklasse peikar i same retning. For detaljar om korleis indikatorbidrag blir kalkulert: https://medlem.tine.no/fag-og-forskning/statistiske-metoder-bak-dyrevelferdsindikatoren

Vektlegging av mjølkefeber og ketose

For mjølkefeber så er 1.laktasjonskyr fjerna da det er sjeldan med mjølkefeber hjå desse og deretter blir antall tilfeller dividert på antall kyr som har kalva. Sidan førekomsten av mjølkefeber aukar med aukande laktasjon tek ein omsyn til aldersfordelinga i besetninga.

For ketose så ser ein på antall tilfelle i forhold til antall årskyr i besetninga. For både mjølkefeber og ketose kalkulerer ein avvik frå landssnittet i 2015 som elles i Dyrevelferdsindikatoren.

Vektlegging av haldvurderingar

Dersom det er rapportert minst 10 haldvurderingar i besetningar siste 12 månader, blir det kalkulert eit indikatorbidrag i forhold til antall tynne kyr (hald under 2,75) og feite kyr (hald over 3,75). Det blir au teke omsyn til kor stor variasjon det er i haldet på dei kyrne som blir vurdert, der variasjonen sjølvsagt blir stor om det er mange både tynne kyr og feite kyr. Indikatoren blir au justert slik at ein produsent som byrjar med haldvurdering for å rette fokus mot for feite kyr ikkje kjem negativt ut da det trass alt er positivt for dyrevelferden at haldvurdering faktisk blir gjort og rapportert. Det blir gjeve 1 poeng for dette tiltaket. For besetningar utan haldvurdering blir indikatorbidraget sett til 0.

Figur.Haldet på kyrne og dyrevelferd.

Kjelde: Roche med fleire 2009.

Vektlegging av slaktevekt ku

Indikatorbidrag for slaktevekt på ku og ung ku blir kalkulert utifrå gjennomsnittleg slaktevekt i 2015. NRF er dominerande og for lettare og tyngre rasar er det blitt gjort justering dersom det er meir enn 50 prosent av andre rasar i besetninga. For Jersey blir det gjeve 2,3 poeng og for gamle norske kurasar blir det gjeve 1,8 poeng. På slaktevekt blir indikatorbidraget halvert da vekta også har med feitt og gjera, jo meir feitt jo tyngre på vekta. For alle indikatorbidrag for slaktevekt, klasse og feittgruppe må det vera minst tre dyr i kvar gruppe. Om det ikkje er tilfellet, så blir indikator-bidraget sett til 0.

Lønner seg å ha fokus på haldet

For å komme godt ut i delindiktator stoffskifte vil det lønne seg å ha fokus på haldet hjå kyrne dine særleg fram mot sining og i sinperioden. Dette er gode tiltak for å forebyggje mjølkefeber og ketose. Vidare å ha eit kvigeoppdrett der kvigene kalvar inn på grei storleik og med normalt godt hald. Har du utfordringar med mykje mjølkefeber, tilfeller av ketose, variasjonar i hald mellom kyrne dine og feite eller magre slakt vil vi råde deg til å ta kontakt med rådgjevar. Det kan gje skilling å hente for deg og betre velferd for kua.

Artikkelen er ein sammenfatta og bearbeida versjon av en tekst av Olav Østerås.