Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Frå dyrlegens kvardag

Navlebetennelse

Med jamne mellomrom vert eg kontakta av bønder som har ein slapp, relativt nyfødd kalv som ligg mykje og drikk dårleg. Dette tyder på at kalven er sjuk, og dei vil gjerne at eg skal sjå på han.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Her får desse tvillingkalvane ein god start på livet med å bli fødd i rein og tørr kalvingsbinge med rikeleg med høy som underlag. Bonden mjølkar alltid kua og gir kalvane råmjølk rett etter kalving, for då får kalvane ein god start på livet. Undersøkingar har vist at ved å stola på amming åleine rett etter kalving, får kalvane for lite råmjølk raskt nok etter fødsel, og dei vert følgeleg meir mottagelege for sjukdom.

Slik var det også denne gongen. Kalven var om lag ei veke gammal, tydeleg påkjent og hadde feber. Når eg kjendte på navlen, var denne hoven og varm. I dette tilfellet var det lett å stilla diagnosen navlebetennelse.

Kan bli livstrugande for nyfødd kalv

Navlen er ein typisk innfallsport for bakteriar rett etter kalving, og infeksjonen kan vera lokal i navleregionen, eller bakteriar kan komma over i blodbana og slå seg ned og laga infeksjonar andre stader i kroppen. Typiske plassar kan vera ledd, lunger, hjarte eller hjerne. Desse infeksjonane kan vera livstrugande, og det er viktig å gjera det ein kan for å førebyggja sjukdom på kalvane.

Godt stell

Denne kalven fekk behandling med smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande medisin i tillegg til antibiotika. Bonden stelte så godt han kunne med kalven og passa på at den låg mjukt og tørt i boksen sin. I tillegg hengte han opp ei varmelampa over boksen, slik at kalven ikkje skulle frysa. Dette skjedde no når det var veldig kaldt ute og kjølig i fjøsen. Alternativ til varmelampa er kalvedekken som også er fint å ha tilgjengeleg for kalvar som treng ekstra omsorg. Bonden sytte også for at kalven fekk i seg nok mjølk, og viss den ikkje drakk sjølv, så kunne han bruka sondefôring.

Førebygging

For å unngå at kalvar får navlebetennelse, kan ein leggja forholda til rette for at kalvinga skjer der det er så reint og tørt som råd, slik at ikkje navlen eller munnen til kalven kjem i direkte kontakt med møk med ein gong den er fødd. I tillegg er det viktig at kalven får rikeleg med råmjølk av god kvalitet rett etter fødsel. Vidare må kalven oppstallast i reint, tørt og trekkfritt miljø. Viss ein har litt problem med navlebetennelse, kan ein også vurdera å spraya navlen rett etter fødsel. Her har eg hatt god erfaring med sårsprayen Repiderma til navlespray, for den synest eg heng betre på huda enn andre sprayar, og eg synest også den har hjelpt i dei besetningane den har vore brukt.

Sats på kalvane

Kalvane er som kjendt framtida i fjøsen, og ved å stella godt med dei, legg ein til rette for god produksjon både av mjølk og kjøt seinare i livet. Sjuke kalvar stel også energi frå bonden og gir både meirarbeid og auka kostnad, så det er mykje å henta på å førebyggja sjukdom. Sjølv om ein gjer det meste rett, skjer det likevel at ein får sjukdom på kalvane. Det lyt me nok læra oss å leva med og heller gjera det beste ut av situasjonen når uønska hendingar oppstår.