Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Få kalv i kua – del 5

Helse og veterinær rådgiving

Brunst er eit overskotsfenomen, og eit sjukt dyr vil naturleg nok ikkje ha overskot til brunstaktivitet.

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

Kyr som ikkje har vist brunstteikn innan seks veker etter kalving bør undersøkjast av veterinær. På bildet er det veterinær Ragnhild Haugen som kjenner om kua er drektig.

Foto: Rasmus Lang­Ree

Smerte gir i seg sjølv svakare brunstteikn. Hormonet prostaglandin som aukar i kroppen ved smerte og sjukdom, bryt dessutan ned den gule lekamen på eggstokken. Det betyr at dyr i ein slik tilstand vil ha seinare igangsett brunstsyklus, og vera vanskelegare å få kalv i.

Haltheit gjev lengre tid til drektigheit

Ei engelsk undersøking viser at haltheit er ein av dei viktigaste smertetilstandane som påverkar tida frå kalving til drektigheit. Dette er med å underbyggja viktigheita av rutinemessig klauvskjæring i ei besetning. Også andre sjukdommar kyrne er utsett for vil kunne påverka reproduksjonen og forlenga tida før ein får dei drektige. Mjølkefeber, børbetenning og mastitt er slike eksempel. Førebygging av sjukdom vil såleis verka positivt inn på fruktbarheita i ei besetning.

Bruk veterinæren til rådgiving

Mange produsentar kan ha stor nytte av å bruka veterinæren i rådgivinga når det kjem til førebygging av sjukdom. Ein del produsentar lagar avtale med veterinæren sin om faste besetningsbesøk. Der kan ein ta for seg sentrale problemstillingar som produsenten opplever i si besetning. Det kan vera førebygging av mjølkefeber eller gjennomgang og oppfølging av jurhelsa. For somme kan det også vera kalvehelsa som er hovudutfordringa, og vegen mot ei frisk og fruktbar ku startar allereie ved kalven.

Faste besetningsbesøk

Under veterinære besetningsbesøk, vil også fruktbarheitsrådgiving i seg sjølv vera sentral. Det å ha jamne rundar med drektigheitskontroll der ein i tillegg tek for seg dei dyra som ikkje har vist brunst, kan vera verdifullt. Har ein kyr som ikkje har vist brunstteikn innan seks veker etter kalving, er det veldig lurt å få dei undersøkt. Får veterinæren innsyn i Kukontrollen, vil det gjera det mogleg å førebu seg i forkant av besøket. Dette kan vera ein svært givande måte å jobba på både for veterinæren og produsenten.

Frå 45 til over 100 kr pr. ekstra tomdag

Den økonomiske gevinsten er også betydeleg dersom ein kan få ned antal tomdagar, og få dyr i brunst ved hjelp av hormonbehandling. Då slepp ein at tida går og at utfallet vert utsjalting av gode kyr og potensielt gode kviger. Når det gjeld kostnaden per tomdag for ei ku, vil denne variera mellom besetningane. Det skuldast mellom anna ulik fôrtilgang, ulik kvotefylling og plass i fjøsa. Kostnaden per tomdag kan difor liggja frå 45 kroner til godt over 100 kroner avhengig av besetninga.