Intervjuer/Reportasje

Når utgiftene aukar meir enn inntektene

Siste åra har vore prega av ein stor kostnadsauke på mellom anna drivstoff, kraftfôr, gjødsel og lån, og på tross av auka tilskot frå staten, har ikkje inntektene vorte slik som forventa for mange. Særleg bønder som har hatt store investeringar siste åra, har kanskje fått kjent på at utgiftene har auka meir enn inntekta.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange

Bergfjord Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Harald Pedersen, distriktssjef i Landkredit sør/vest, i samtale med Gerd Karin Njaastad frå Osterøy.

Harald Pedersen, som er distriktssjef i sør/vest i Landkredit bank, var på landbrukskonferansen i Førde, og tok for seg dette temaet. Viss ein får problem med økonomien, så er det hjelp å få berre ein tek kontakt, og di tidlegare di betre.

Ta grep

Viss utgiftene vert høgare enn inntektene, så går det galne vegen, og viss ein driv ei bedrift på denne måten, så lyt ein ta grep. Det fyrste ein bør gjera er å få oversikt over dei kortsiktige og langsiktige kostnadene. Det er eit stort spenn i dekningsbidrag mellom gardar, og dei med lågast inntening, har ofte eit stort potensial til å bli betre. Ein rekneskapsførar med landbruksbakgrunn kan vera ein god rådgivar om kvar det er innteningsmogelegheiter, og saman med rekneskapsførar, kan ein setja seg mål om å få kontroll på økonomien. Eksempel på å ta ned faste kostnader kan til dømes vera å sjå om det er økonomi til å fortsetja å leiga mjølkekvote, særleg viss ein ikkje fyller kvoten, om eventuelle leasingavtalar er gode/nødvendige, treng ein all leigejord, treng ein alle innleigde tenester/utbetaling av lønn, eller kan ein ta ned kostnader i administrasjon (forsikring, bil, telefon med meire). Andre tiltak kan vera å selja utstyr og stoppa alle investeringar til ein har fått kontroll att.

Få hjelp til å bli god

Viss ein ligg under eller på gjennomsnittet på ein del driftsresultat, så er det potensial til å bli betre. Rekneskapsførar med landbrukserfaring kan sjå korleis ein ligg an, i tillegg kan rådgivarar i dei ulike produksjonane peika på forbetringspotensiale, vera med å setja mål og hjelpa til undervegs slik at ein når måla.

Kontakt banken

Det er ikkje flaut å ringa banken og sei at ein treng hjelp for å få orden på økonomien. Folka som sit på kredittavdelinga er van med slike samtalar, så ein må ikkje kvi seg for å ta kontakt. Ein må likevel hugsa at alt skal betalast tilbake, så viss ein reduserer nedbetalinga av lån ein periode, så må ein ta det att før eller seinare.

Gode driftsplanar på tross av «dyrtid»

Sjølv om kostnadane har auka mykje dei siste åra, viser distriktssjefen til gode tal i driftsplanane til bøndene for 2021, 2022 og 2023, og han meiner lønsemda i landbruket nærmar seg industriarbeidarane viss ein ser bort frå arbeidstimane. Vidare fortel han at banken tapar nesten aldri pengar på bønder, så viss ein får problem ein periode, pleier dette ordna seg.

Prispressar

Harald Pedersen minner også om at Landkredit bank er eit samvirkeforetak eigd av norske bønder, og mange bønder brukar Landkredit som ein «prispressar» for å få betre vilkår i lokalbanken når ein skal ta opp lån.