Intervjuer/Reportasje

Landbrukshelg med bondesprell

19. og 20 januar var det duka for storstila landbrukskonferanse i Førde i Sunnfjord kommune. Målgruppa var bønder i alle produksjonar frå heile Vestland fylke. Desse dagane var fylte med fagleg program, men vel så viktig var det sosiale. Her var det skapt ein formidabel møteplass for dei 250 frammøtte, og slike arrangement gir framtidstru og optimisme i den urolege verda me no lever i.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Om kvelden var det duka for sosialt samvær med festmiddag, gode historier og dans.

Desse dagane var landbrukstoppane i samvirkebedriftene samt Bondelaget og Bondeog småbrukarlaget på plass, og det var god anledning til å både høyra kva dei tenkjer om framtida og å stilla spørsmål. Mange av innleiarane trekte fram krigen i Europa, klimaendringar og endra kosthaldsråd som viktige utfordingar i framtida, men samstundes gir dette også andbruket mogelegheiter som bør gripast.

Hyllest til bonden

I starten av konferansen vart det vist ein flott filmsnutt med bilete frå landbruket i Vestland med songen «Bonden» med Sigrid Moldestad i bakgrunnen. Denne innleiinga sette ei fin ramme, virka samlande og samstundes hylla arbeidet med matproduksjon i alle delar av fylket. Sett i eit større perspektiv, gjeld ikkje dette berre vårt fylke, men like fullt heile landet og overalt i verda der det bur folk. Det er så enkelt at alle må ha mat for å leva, og utan matproduksjon stoppar alt opp.

Plan for fordeling av mat til befolkninga ved kriser

Leiaren for samlinga, Anders Felde ville saman med resten av arrangementskommiteen skapa ein positiv møteplass med fagleg påfyll, gode diskusjonar og framtidstru.

Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet og medlem i Totalberedskapskommisjonen, heldt eit godt foredrag om kor viktig det er med bønder og matproduksjon i heile landet, og her må Noreg få på plass ein plan over korleis ein skal fordela maten til befolkninga ved ei eventuell krise. Tilgang til nok, trygg og næringsrik mat er viktig, og målet er at Noreg skal vera sjølvforsynt med 50 prosent av maten innan 2030. Slik det er no, er sjølvforsyningsgraden rundt 40 prosent, og denne bør aukast opp slik at me ikkje er heilt avhengig av andre land for å metta befolkninga vår. Matjord må ikkje byggjast ned samstundes som at kanaliseringspolitikken må holdast i hevd, slik at flatbydene på Austlandet og i Trøndelag produserer korn medan resten av landet har husdyr som et gras. For å opprettholda mjølkeproduksjonen over heile landet, må ein også få med dei fleste som fortsatt driv mjølkeproduksjon i båsfjøs inn i framtida etter 2034.

Klimaendringar kan endra vilkåra for matproduksjon i europa

Styreleiaren i Tine, Marit Haugen, trekte fram at viss klimaet vart varmare og tørrare, kunne forutsetnadene for mjølkeproduksjon endra seg slik at sørlege delar av Europa vert ueigna innan 15 år, og det kan bli Norden og dei baltiske landa som får dei beste vilkåra. Dette var det ein solid rapport som peika på, og vert dette tilfellet, gir det store mogelegheiter for Noreg. Ho nevnte også at Noreg har dei best utdanna bøndene, har kort veg og god tilgang til rådgivingstenester, er godt organisert og i sum gir dette gode mogelegheiter for framtida.

Overproduksjon av storfekjøt

Fylte lager av storfekjøt og nedgang i kjøtmarkedet var også tema, og styreleiaren i Nortura, Jan Erik Fløtre, hadde god innsikt i problemet. Han er optimist og trur at denne saka løyser seg greit, men at det krev innsats frå leverandørane med at dei mellom anna bør levera lettare dyr ein periode. Viss alle leverer oksar ein månad tidlegare enn kva dei normalt vil gjera, vil det hjelpa mykje på situasjonen, påpeikar han.

Noreg treng vestlandsbonden

Harald Volden har stor tru på Vestlandsbonden i framtida. Han kom også med tips til optimalisering av drifta med tanke på smart bruk av gjødsel og kraftfôr.

Harald Volden, professor ved NMBU og Tine rådgiving heldt eit godt og interessant foredrag om kor viktig det er å gjera gras om til mjølk og kjøt, og det har me gode forutsetnader til på Vestlandet. Tilgangen på både energi og protein aukar når gras går gjennom ein drøvtyggjar, så det er ein svært god måte å produsera mat på. Norsk landbruk slepp ut under halvparten av klimagassutsleppa i høve resten av verda, men det betyr ikkje at me ikkje kan bli betre. Harald Volden viste fleire måtar å redusera metanutslepp frå drøvtygging, og ved å tilsetja metanhemmarar til kraftfôret, kan dette skje på ein effektiv og god måte. Professoren var også veldig klar på at bøndene må sjå mogelegheiter, og at det kan vera store pengar å tena på å bruka nitrogen (gjødsel) og protein (kraftfôr) på ein smart måte.

Innspel frå salen

Innleiarane var også mottagelege for innspel, og fleire nytta høvet til å ta ordet og komma med gode forslag til toppane i samvirkeorganisasjonane.

Ultraprosessert mat

Det er mykje fokus på ultraprossessert mat i media for tida, og dette løfta Kjersti Hjelmeland som er mjølkeprodusent i Omvikdalen i Kvinnherad kommune fram. Ho meiner at dette bør Tine ta tak i og på ein eller anna måte gjera forbrukaren kjend med kva produkt som er ultraprossesert og ikkje. Ho peika på at her er eit stort potensial for Tine å auka salet av produkt som ikkje er ultraprosessert. Mange, kanskje spesielt småbarnsmødre, er veldig opptekne av dette, så her kan det vera eit «sug» i markedet, meinte Hjelmeland.

Lås klassifiseringa av oksar i 2024

Runar Haugland som sjølv er mjølkeog kjøtprodusent i tillegg til å vera fôringsrådgivar i Tine, meinte at bønder kjem til å unngå å senda oksar til slakt tidlegare enn vanleg på grunn av frykt for at klassifiseringa kunne bli dårlegare. Jan Erik Fløtre meinte at dyr i god vekst kjem godt ut med klassifiseringa, men dei kom inn på ideen om å låsa klassifiseringa i 2024 til O eller O+ for å få inn slakta på eit tidlegare og lettare tidspunkt.

Løfta gammalosten

Marit Haugen skrytte av at produkt med høgt proteininnhald var i vinden med auka sal, og på instagram, og i media var det mykje fokus på produkt med høgt proteininnhald. Dette fekk Turid Haga Vange, mjølkeog kjøtprodusent i Vik i Sogn, fram til mikrofonen for å minna styreleiaren i Tine om at dei også har ein ost produsert i hennar heimbygd, gammalosten, med 50 prosent protein, og at denne også bør trekkjast fram i media.

Vekk med teljedatoane

Ranveig Årsskog, mjølkeog kjøtprodusent frå Lote i Stad kommune, men som også er statsautorisert rekneskapsførar, kom også med ei bøn til organisasjonane at dei må jobba for å få avvikla teljedatoane. Ho meiner at desse datoane gjer det både vanskelegare for slakteria som får toppar og botnar i leveranse av dyr samt at prisløypene svingar unaturleg mykje.

Tilskot over på produksjon

Bjørn­Harald Haugsvær som har jobba ei årrekkje hjå statsforvaltaren i Vestland meinte også at ein burde sjå på utbetaling av tilskot, og at utbetalinga bør harmonera meir med produksjon. Han trekte fram at det var urovekkande at utbetalinga auka, men produksjonen flata ut eller minka.

Festmiddag og dans

Etter ein fin dag med gode føredrag, var det duka for festmiddag med dans og sosialt samvær. Før middagen var det apertiff med cider frå Vestland. Under middagen var det diverse innslag med gode historier, og ein eigen komikar som kom med sleivspark i alle retningar.

Brukte eigne kvalitetsprodukt til takkegåve

Noko som også var svært positivt med konferansen, var at alle foredragshaldarane fekk kvar sin Norvegiaost og Gammalost i takkegåve for innlegga sine. Dette er flotte og gode landbruksprodukt produsert på meieria på Byrkjelo og i Vik i Sogn, og det er veldig bra å bruka eigne kvalitetsprodukt og støtta eigen produksjon i staden for å kjøpa av andre bransjar.

Vellukka arrangement

Anders Felde, tidlegare leiar for Vestland bondelag var leiar for arrangementet. Det har ikkje vore noko storsamling for heile Vestland sidan før pandemien, og no var det på tide med ei skikkeleg landbrukshelg, smiler han. I tillegg har det vore mykje negativt fokus på landbruk både i aviser og på sosiale medier, og me vil visa at det er mogeleg å løysa desse problema og sjå mogelegheitene for vestlandsbonden. Samvirkeorganisasjonane treng og meir aktive eigarar, og med dette arrangementet synleggjer me kva organisasjonane våre står for, og kva mogelegheiter ein som eigar har til å påverka og dra nytte av desse, seier han til slutt.

Det var berre positivt å høyra etter arrangementet, og etter oppmøtet og dømma, var dette kjærkomme. Folk byrja allereie å snakka om, og gleda seg til neste landbrukshelg, og det får me tru at det ikkje vert so lenge til. Kanskje kan også desse kjekke dagane i Førde vera til inspirasjon for tilsvarande arrangement i resten av landet.

Fire på gangen

MARY UELAND:

Landbruksrådgivar hos statforvaltaren i Førde.

– Dette er veldig bra, det er kjekt med så mykje engasjement og at så mange møter opp.



STIAN KLOPSTAD

Bonde i Naustdal, driv med sau i tillegg til mjølk- og kjøtproduksjon.

– Her er mykje forskjellig å høyra om. Arrangementet er både interessant og sosialt.



DANIEL EIKÅS

Bonde i Jølster, driv med mjølk- og kjøtproduksjon. - Eg er fornøgd, programmet er godt, men det kjekkaste er det sosiale. Her er det mogelegheit til å møta mange engasjerte kollegaer.




KJERSTI HJELMELAND

Bonde i Omvikdalen, driv med mjølk- og kjøtproduksjon. - Dette er eit knakande kjekt arrangement, det er veldig godt program, og det er kjekt å samlast. Her står ho saman med JOHN GEIR SPERLE som driv mjølkog kjøtproduksjon i Jostedal.