Kjøtt
Storfekjøttproduksjon

Korleis få til passe feite okseslakt?

God slakteplanlegging sikrar at dyra vert levert til rett tid både ut frå slaktekvalitet og tilgang på grovfôr og plass i fjøset. Investering i dyrevekt og fôranalysar kan vera nyttig for mange produsentar.

Åse Flittie Anderssen

Fagspesialist i Tine Rådgiving

ase.anderssen@tine.no

Øystein Havrevoll

Spesialrådgiver storfe i Nortura

oystein.Havrevoll@nortura.no

Det er ein betydeleg auke i slaktevekt siste fem åra for NRF, Hereford og Charolais. Feittgruppa har auka for alle rasar og mest for Hereford og Angus.

Foto: Animalia

Det er eit mål å oppnå kjøttfylde på oksane som er minst like god som gjennomsnitt for rasen og feittgruppe kring 2+/3-. Ved sterkare fôring og kortare framfôringstid, vil oksane begynna å avleira feitt ved ei lågare vekt enn når dei blir fôra svakare. Men kort framfôringstid er gunstig for fôrforbruket.

Før vi går vidare med ulike kvalitetsmål, vil vi i tabell 1 visa korleis klasse og feittgruppe blir overført til talverdi.

Tabell 1. Samanheng mellom talverdi, klasse og feittgruppe i klassifiseringa.

Talverdi

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

14

15

Klasse

P-

P

P+

O-

O

O+

R-

R

R+

U-

U

U+

E-

E

E+

Feittgruppe

1-

1

1+

2-

2

2+

3-

3

3+

4-

4

4+

5-

5

5+

Utvikling i vekt, klasse og feittgruppe

Tabell 2 viser utvikling i vekt, klasse og feittgruppe over ein femårsperiode frå 2012 med eksempel frå NRF, Hereford og Charolais. Det er betydeleg auke i slaktevekt på alle tre rasar. Auke i feittgruppe er størst på Hereford. Statistikk frå Animalia viser at Aberdeen Angus er den rasen med høgast feittgruppe på ca. 3 (talverdi 7,80 i 2016), men auken dei siste fem åra er om lag som for Hereford. Angus er den rasen i Norge som har mest intramuskulært feitt. Charolais som ein tung kjøttferase har god kjøttfylde. Her viser statistikken at Limousin ligg endå høgare med klasse på U- (10,04 i 2016).

I perioden frå 2011 til 2016 har gjennomsnittleg slaktetilvekst for all Ung okse auka frå 537 til 584 gram per dag (Animalia). I Kukontrollen er tilsvarande tal 511 til 551 gram per dag. Dette viser at det er ein generell vekstauke og ikkje berre fordi kjøttfeandelen i perioden har gått opp frå 23,7 til 27,7 prosent.

Tabell 2. Ung okse. Utvikling i slaktevekt (kg), klasse og feittgruppe i perioden 2012-2016. Klasse O+ er lik talverdi 6, og feittgruppe 2+ er lik talverdi 6, osv. (www.animalia.no).

År

NRF

Hereford

Charolais

Slaktevekt

Klasse

Feitt

Slaktevekt

Klasse

Feitt

Slaktevekt

Klasse

Feitt

2016

309,9

5,35

6,61

294,4

6,51

7,59

365,7

9,11

6,09

2015

303,8

5,33

6,52

289,3

6,60

7,45

359,8

9,36

6,01

2014

295,4

5,24

6,39

281,2

6,43

7,32

351,8

9,03

5,93

2013

293,0

5,20

6,39

275,1

6,20

7,07

342,8

8,85

5,83

2012

289,0

5,17

6,05

266,8

6,09

6,64

339,6

8,96

5,52

Utvikling av dyret og krav til fôrforbruk

Fôrforbruket i høve til tilveksten aukar etterkvart som oksen blir eldre og feittet utgjer meir av tilveksten. Ein NRF-okse som skal bli 300 kg slaktevekt ved 16 månaders alder bør vega cirka 150 kilo når han er fire månader gamal. I følgje NorFor vil då feittet utgjera 10 prosent av tilveksten, medan protein utgjer 20 prosent. Når oksen er 15 månader og veg cirka 550 kilo, er dei tilsvarande tala 43 prosent fett og 13 prosent protein. I figur 3 viser vi middel slaktevekt og klasse innan kvar feittgruppe for alle rasar av Ung okse i 2016. I tillegg er vist kor stor del av alle Ung okse slakta som kjem i dei ulike feittgruppene. Figuren viser at største del av slakta havnar i feittgruppe 2+ og 3-. I 2+ er det ingen feitt-trekk, medan det nå er 1,30 kr/kg i 3-. Deretter aukar feitt-trekket kraftig til 2,50 kr i feittgruppe 3 og 3,70 kr i feittgruppe 3+.

Figur 3. Fordeling av Ung okse-slakt innan ulike feittgrupper og middel slaktevekt og klasse innan kvar feittgruppe (Animalia 2016).

Tynge slakt er feitare

Figur 3 viser vidare at tunge slakt i gjennomsnitt er feitare enn lette slakt. Dette ligg i «naturen» – med alderen vil både vekta og feittavleiringa auke. Men det finst også mange tunge okseslakt som ikkje er feite. Forklaringa ligg nok både i genetisk disposisjon og i fôringa. Og det er her vi har moglegheit til å forbetre resultata. I nåverande marknadssituasjon med stor mangel på norsk storfekjøtt er det viktig at ein unngår lette og umogne slakt. Det gjev også gjerne betre klasse «på kjøpet», og dermed som regel betre slaktepris. For ung okse i klasse O+ og oppover får vi 4 kr meir per kilo i kvalitetstilskott enn for dei som kjem i klasse O, i tillegg til ordinær prisdifferanse mellom klasser.

Tabell 3 viser slaktevekt, feittgruppe og kor stor prosent av slakta som får kvalitetstilskot for Ung okse av ulike rasar. Vidare i artikkelen skal vi sjå på ulike tiltak for å oppnå god klasse og passe feitt på Ung okse.

Tabell 3. Slaktevekt, feittgruppe og prosent klasse O og O+ og betre for Ung okse av ulike rasar i 2016. Feittgruppe 2+ er lik talverdi 6, feittgruppe 3- er lik talverdi 7, osv. (www.animalia.no).

Rasekode

Rase

Antall slakt

Slaktevekt kg

Feittgruppe

% klasse O

% klasse O+ og betre

1

NRF

89958

309,9

6,61

50

38

9

Holstein

1893

308,3

6,20

32

8

21

Hereford

2958

294,4

7,59

20

76

22

Charolais

3915

365,7

6,09

2

98

23

Aberdeen Angus

1751

292,8

7,80

11

86

24

Limousine

1910

340,3

5,52

1

99

25

Simmental Kjøtt

571

348,0

5,93

5

93

26

Blonde D'aquitaine

107

398,6

4,75

2

98

27

Scottish Highland

302

155,9

4,72

26

12

28

Tiroler Grauvieh

190

288,2

5,73

8

86

98

Krysninger

21092

335,9

6,66

15

78

Avl og bruksdyrkryssing

Oksekatalogen viser at nåverande eliteoksar (oppdatert 20. mars 2017) varierer frå 138 (11330 Sakshaug) til 85 (11822 Espeland) i kjøttindeks. I denne inngår slaktevekt, slakteklasse og feittgruppe for eliteoksen sine okseavkom, med henholdsvis 45 – 45 – 10 prosent vektlegging. Gjennom avlsarbeid på NRF i eigen buskap kan vi sikkert påverke slakteresultata ein god del. Truleg kan vi oppnå enda meir gjennom bruksdyrkryssing ved å inseminere kyr som vi ikkje ynskjer å setja på kukalvar etter med kjøttfe. Det vil bidra til tyngre slakt og betre klasse, men ikkje nødvendigvis mindre feite slakt. Ved bruk av intensiv kjøttferase, vil ein kunna auka slakteinntekter med 4 000-5 000 kr per slakt (www.tyr.no). Så sant fruktbarheitsresultata i buskapen er bra, vil det likevel bli nok gode kviger til rekruttering. Velg kryssingsrase ut frå kor intensiv framfôring du legg opp til. Geno har nyttig informasjon her: https://www.geno.no/Start/Avl/Bruksdyrkryssing/Valg-av-rase/

Slakteplanlegging og fôring

Det vil alltid vera nyttig å bruka erfaring frå fôring og slakteoppgjer frå siste innsett når ein skal planleggja det neste. Behov for tilvekst ut frå slaktealder og rase med vurdering av tilgang og kvalitet på grovfôr er grunnleggjande viktig. For kvar gruppe av oksar må det utøvast skjønn for optimalt slaktetidspunkt. Når holdet på oksane er 3–3,5 og manken er godt synleg, er det på tide å melda dei inn til slakt. I tabell 4 (side 23) er det vist til ei rettleiande norm for slaktevekter, men både fôring, genetikk og oppstalling kan tilseia at desse må justerast i eigen buskap. Her er det rekna med ein slaktealder på 16–17 månader. Ein til to månader kortare framfôringstid kan vera lønsamt når ein har god tilgang på kalv, liten plass i fjøset og vil spara grovfôr. Ein bør då redusera slaktevektene med 7–8 prosent i forhold til det som er vist i tabellen for å unngå å få for feite slakt.

Kukontrollen viser at ganske mange NRF-buskapar greier over 600 gram slaktetilvekst i middel på oksane nå. I Storfekjøttkontrollen oppnår 1/3 av buskapane med lett rase kring 650 gram slaktetilvekst per dag. Tilsvarande tal for buskapar med tung kjøttferase er 750-800 gram per dag. Best tilvekst oppnår truleg dei som lykkast godt med kalvestellet og får fart på kalvane allereie i mjølkefôringsperioden eller har høge avvenningsvekter på ammekalven. Kraftfôrmengda til oksane må tilpassast både ut frå kvalitet og opptak av grovfôr og ut frå planlagt slaktealder og slaktevekt. NorFor bereknar at kraftfôrmengda skal litt ned mot slutten av framfôringstida, medan vanleg praksis er å gje same mengde heilt til slakting. Ofte er det litt ulik alder på oksar i same binge, og kraftfôrnivået kan derfor ikkje tilpassast så nøye. Figur 4 viser eit døme. Oksen bør her få 1 kg mindre kraftfôr siste månaden enn når han er rundt året gamal. Oksen et stadig meir grovfôr, og andelen kraftfôr i rasjonen bør gå ned utover i framfôringstida.

Dersom oksane blir fôra med fullfôrblanding er kraftfôrandelen lik for alle, så sant det ikkje blir gjeve individuelt kraftfôr ved sida av. Eit slikt fôringsopplegg vil teoretisk ofte gje for lite energi tidleg i oksens liv og overdekning mot slutten. Dette tilseier noko meir feite slakt enn i «vanleg» oksefôring. Det kan tenkjast at fullfôroksar veks fortare i staden for å bli feite når dei får fast kraftfôrandel i rasjonen sin. Betre vommiljø gjennom stabil tilførsel av kraftfôr heile døgnet kan bidra til ein slik effekt.

Tabell 4. Forslag til vekter ved slakting

Rase

Levande vekt, kg

Slakteprosent

Slaktevekt, kg

NRF

610

51,5

315

Hereford

580

52,5

305

Aberdeen Angus

580

52,5

305

Charolais

715

56

400

Limousin

635

59

375

Simmental

700

54

380

Figur 4. Berekna kraftfôrbehov i kg per dag ved ulik alder til ein NRF-okse som skal bli 300 kg slaktevekt på 16 månader. Surfôrkvalitet: Middels fordøyelegheit (NEL20 = 6,09 MJ/kg TS)

God slakteplanlegging og slakting til rett tid

Kort framfôringstid er gunstig for fôrforbruket, men ved sterkare fôring vil oksane begynna å avleira feitt ved ei lågare vekt enn når dei blir fôra svakare.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Okseslakta blir tyngre og feitare. Optimal feittmengde i slaktet er kring 2+/3-. For NRF-oksar er 45 prosent av slakta i O+ eller betre eit bra resultat. Men kjøttfylde er i stor grad genetisk bestemt. Å oppnå klasse O+ ved lengre framfôringstid og tyngre slakt vil auka fôrkostnadene og kan gi overfeite slakt. God slakteplanlegging skal sikra at dyra vert levert til rett tid både ut frå slaktekvalitet og tilgang på grovfôr og plass i fjøset. Slakteinntekter minus fôrkostnader totalt på fjøset er eit godt styringsmål. Oversikt over grovfôrkvalitet og tilvekst på dyra er viktig for å ta ut marginar i storfekjøttproduksjonen. For mange produsentar kan det derfor vera nyttig å investera i dyrevekt og fôranalysar.