Kjøtt
Storfekjøttproduksjon

Korleis unngå feite kvige- og kuslakt?

Både i mjølkeku- og kjøttfebuskapane blir hodyra feitare.

Åse Flittie Anderssen

Fagspesialist i Tine Rådgiving

ase.anderssen@tine.no

Øystein Havrevoll

Spesialrådgivar storfe i Nortura

oystein.Havrevoll@nortura.no

Buskapar som brukar grunnblanding som også inneheld kraftfôr har tyngre og litt feitare slakt enn buskapar med andre fôringssystem.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Som vist i figur 1 og figur 2 i den første artikkelen er det ikkje berre oksane som blir feitare, men hodyra også. Dette gjeld både i mjølkeku- og kjøttfebuskapar. Endringa er likevel mindre innan NRF dei siste seks åra enn for både lette og tunge kjøttferaser. Slakta kyr av lett kjøttferase er i 2016 oppe i feittgruppe mellom 4- og 4 (talverdi 10,4). Sjå figur 5.

Figur 5. Middel feittgruppe for slakta kyr av NRF, lett kjøttfe (Hereford og Aberdeen Angus), og tung kjøttfe (Charolais, Limousin, Simmental Kjøtt)

Om feite hodyr i mjølkebuskapar

Spesialrådgjevar Ingunn Schei i Tine har gått gjennom store mengder slaktedata i åra 2004 – 2015 i Kukontrollen. Her er nokre av resultata ho fann:

  • I denne perioda har middel slakte­vekt på kyrne gått opp frå 247 til 270 kilo og feittgruppe har gått opp frå talverdi 6,65 til 7,57 – altså frå 2+/3- til 3-/3 i middel.

  • Både slaktevekt og feittklasse aukar med aukande buskapsmiddel for avdrått. Ved middels og høg avdrått er kuslakt frå båsfjøs feitare enn frå lausdrift, som vist i figur 6.

  • Buskapsstørrelse betyr lite for slaktevekter og feittgrupper, men det er tendens til at båe er høgast i buskapar under 20 årskyr.

  • Slakta kviger er tyngst og feitast frå store buskapar. Det kan tyde på at kvigeoppdrettet er for intensivt i enkelte store buskapar.

  • Høgt kraftfôrforbruk pr. 100 kg EKM kjenneteiknar buskapar med feite og tunge slakt.

  • Det er tyngre og litt feitare slakt i buskapar som brukar grunnblanding som også inneheld kraftfôr enn ved bruk av andre fôringssystem, som vist i figur 7.

    Figur 6. Middel slaktevekt og feittklasse i buskapar med lausdrift og båsfjøs ved ulike avdråttsnivå, målt i kg mjølk. Kukontrollen i 2015.

    Figur 7. Middel slaktevekt og feittklasse i buskapar med ulike fôringssystem, Kukontrollen 2015.

Om feite hodyr i kjøttfebuskapar

Som vi ser i figur 5 har utviklinga i feittgruppe for slakta kyr vore lik for lett og tung kjøttferase, men nivået er mykje høgare for lette raser. Midlet i 2016 var 4-/4 for desse, mot 3-/3 for tung rase – det vil seie likt med NRF. Dei lette rasene er avhengig av ekstensiv fôring for å unngå for sterk feittavleiring. Utrangering av kyr skjer hovudsakleg om hausten etter at kalvane er avvendt, og truleg i stor grad rett frå beite. Spørsmålet er om kyr av lett rase ofte er for feite allereie ved kalving, og dei beheld dette gjennom heile ammeperioda. I så fall må fôrstyrken i fostertida reduserast.

Slakt av Ung Ku ligg godt og vel ei feittgruppe lågare enn for Ku, og statistikken viser ein lågare andel av Ung Ku-slakt innan lett rase (35 prosent i 2016) enn av tung rase (44 prosent i 2016). Driftsopplegget er altså litt ulikt og bidreg til å forsterke skilnaden mellom rasegruppene.

I kjøttfebuskapar utgjer slakta kviger 15 prosent av alle slakt. Også for kviger er det ein betydeleg auke i slaktevekter og feittgruppe gjennom dei siste seks åra og klart større for lett kjøttfe enn for tung kjøttfe. Middel i 2016 var 8,71 for kviger av lett kjøttfe, mot 6,92 for kviger av tung kjøttfe.

Tiltak mot feite kyr og kviger i mjølkebuskapar

Fôringsrådgjevarane i Tine ser mange feite kyr i lausdrifter utan eiga sinkuavdeling og i båsfjøs der sinkyrne får stå å eta alt dei vil av same surfôrkvalitet som dei mjølkande kyrne. Fyrste bod er derfor: Sinkyr og drektige kviger skal ha mindre energirikt grovfôr enn mjølkande kyr. «Sinku-brosjyra» gjev praktiske råd om dette (https://medlem.tine.no/aktuelt/nyheter/fagnytt/diverse-brosjyrer-fra-tine-r%C3%A5dgiving)

God fôrplanlegging er viktig. I enkelte buskapar får kyrne omtrent «flat» kraftfôrmengde gjennom midt- og seinlaktasjonen. Dermed blir fôrstyrken for sterk i seinlaktasjonen med feite kyr som resultat.

I Mjølkonomi ser vi ofte at det faktiske kraftfôrforbruket (i følge rekneskapen) er vesentleg annleis enn innrapportert mengde i Kukontrollen, inkusive oppgjeve kraftfôrskala til ungdyra, jamfør figur 8 (side 27). Det hjelper ikkje stort med gode fôrplaner dersom tildelinga ikkje stemmer, for eksempel ved feil kalibrering av utstyret.

Figur 8. Kraftfôravvik (brukt kraftfôr i prosent av rapportert kraftfôr) i Mjølkonomi 2015. Figuren viser antall bruk innen hvert intervall for kraftfôravvik.

Det finst feilkjelder i dette, til dømes kan bonden ha gløymt å ta med kraftfôr tilført gjennom fôrblanding (PMR) ved innrapportering i Kukontrollen. Ut over det må ein iallfall rekne med at buskapar med stort overforbruk har stor risiko for å få feite dyr og feite slakt. Av alle Mjølkonomi-bruka i figuren ligg 20 prosent av bruka høgare enn 10 prosent overforbruk.

Holdregistrering, veging og drektigheitskontroll

Individuell oppfylgjing av kyrne gjennom holdregistrering eller veging er nyttig for å fange opp dyr med uheldig utvikling. I nyare fjøs investerer enkelte bønder i holdkamera eller vekt i roboten, noko som gjer slik oppfylgjing gjennomførbar i praksis. Ved å justere kraftfôrmengda til kyr som avvik frå ynskja hold- eller vektkurve, kan ein lettare unngå feite kuslakt.

Mange droppar fortsatt drektigheitskontroll av kyr og kviger, og her ligg ei kjelde til feite slakt. Mot slutten av laktasjonen er tillegget i energibehov på grunn av drektigheita betydeleg, og tomme kyr vil derfor få berekna vesentleg større kraftfôrmengde enn dei har behov for. Tabell 5 viser Tine OptiFôr-berekningar for to og to kyr som har mjølka like lenge, og den eine er drektig og skal kalve med ca. 12 månaders intervall medan den andre i kvart par er tom.

Tabell 5. Kraftfôrbehov for drektige og tomme kyr på likt stadium i laktasjonen og lik avdrått. Surfôr med middels fordøyelegheit, kraftfôr FORMEL Energi Basis 80. Eldre kyr i lausdrift, vekt 600 kg.

Ku nr

Dagar etter kalving

Dagar i drektigheita

Kg EKM

Energi-behov, MJ

Behov kg kraftfôr

1 A

280

189

25

127,4

7,0

1 B

280

0

25

122,6

5,6

2 A

308

217

20

114,1

4,6

2 B

308

0

20

107,0

2,3

Derfor: Drektigheitskontroll med registrering i Kukontrollen er heilt avgjerande for å bestemme kraftfôrmengda i seinlaktasjonen og for å unngå å fôre tomme kyr slik at dei blir feite før slakting. Tilsvarande gjeld sjølvsagt for kviger. Tomme kviger i same binge som drektige og på same tilgang på grovfôr og kraftfôr vil veldig lett eta seg feite. Sørg for drektigheitskontroll og tilpass fôringa fram til slakting. Kyr som skal utrangerast og er for feite bør få eit par kilo mindre kraftfôr per dag frå 6-8 veker etter kalving enn avdråtten tilseier, og slaktast når dei er kome ned i middels hold.

Tiltak mot feite kyr og kviger i ammekubuskapar

Her meiner vi det gjeld å ha fokus på tre ting:

  • Gruppeinndeling av flokken etter fôrbehov og hold i innefôringstida. Drektige kviger og tynne kyr kan gå saman, medan feite kyr må haldast for seg sjølve og få svakare fôring, for eksempel ved bruk av ammoniakkbehandla halm eller grovfôr av seint slått gras.

  • Drektigheitskontroll – tomme kviger kan ikkje gå saman med dei drektige, jamfør tilsvarande for mjølkebuskapar. Det er viktig å ta omsyn til normal drektigheitstid for ulike raser og ikkje starte tilvenjing med kraftfôr for tidleg.

  • Kraftfôrmengder må alltid tilpassast dyras behov og grovfôrkvaliteten.

Vi tilrår å lesa Norturas temahefte for meir informasjon, «Temahefte Vinterfôrplanlegging ammeku» og «Temahefte Kjøtproduksjon på kvige og ku».

Utviklinga i feittgruppe for slakta kyr har vore lik for lett og tung kjøttfe, men nivået er mykje høgare for lett kjøttfe.

Foto: Rasmus Lang-Ree