Tema: Utlevering slaktedyr

Smittesikker pålessing av storfe i praksis

Det er avgjerande at eventuell smitte frå dyrebilen ikkje blir med tilbake til eige fjøs når ein sender dyr. Klauver, reiskap, støvlar eller klede kan lett transportere smitte. Me ser på praktiske løysingar for smittevern ved levering av dyr.

Tekst og foto:
Inge Midtveit

Spesialveterinær Animalia – dyrevelferd

inge.midtveit@animalia.no

Cato Haaheim framfor fjøset og rampa. Rampa er plassert litt bort frå trafikken inn til fjøset, noko som reduserer smittefaren med strø og anna frå dyrebilen.

Det er mange som ikkje ser for seg å sende storfe til slakt utan hjelp frå dyrebilsjåføren, men ofte er det små endringar som skal til for at ein klarer jobben sjølv. Den beste konsulenten du kan få, er nettopp dyrebilsjåføren. Det er alltid lettare og tryggare å handtere dyr som har opplevd forskjellige miljø, difor bør alt storfe vera vant til flytting og handtering frå dei er små.

Smittemessige utfordringar

Ein bør unngå å plassere utleveringsområdet nær fôrsentral eller områder der det foregår mykje trafikk inn og ut av fjøset. Dersom ein nyttar same utgangen både til beite og utlevering til dyrebil, er det viktig at området blir gjort reint etter at dyrebilen har reist ved at ein tek bort strø og gjødsel.

Det kan vera ei utfordring å hindre oksar å vende tilbake til fjøset – ofte går dei ut på rampa og gjerne inn på dyrebilen, men så kjem dei settande tilbake inn i fjøset. Ein må difor ordne seg med grinder som blokkerer for nettopp dette.

Når dyra vel er ute i utleveringsområdet og ikkje kan koma tilbake til fjøset, så må ein tenkje reine og ureine områder. Teoretisk kan ein sjå for seg ein binge som dyra blir plassert i. Frå denne bingen hentar dyrebilsjåføren dyra. Denne bingen kan også vera ei transportvogn. Når pålessinga er ferdig spyler og eventuelt desinfiserer ein bingen eller transportvogna.

Dersom ein vanskeleg får til ei slik ordning og ein må opphalde seg i same arealet som dyrebilsjåføren, så er gardbrukaren og dyrebilsjåføren like ureine. Gardbrukaren må etter at pålessinga er ferdig sluse seg inn i eige fjøs – det vil seie vaske støvlar, hanskar og tøy før ein brukar dei i eige fjøs.

Praktisk løysing 1: Nils Neteland, Kvam i Hardanger

Nils Neteland er tidlegare dyrebilsjåfør og kjenner til korleis ein skal få letthandterbare dyr. Han driv eit mjølkeproduksjonsbruk med full framfôring og om lag 80 kalvingar i året. På papiret er ikkje løysinga ideell, men på grunn av at han venjer dyra til å gå ut på rampen, så går dei frivillig. Dette er det verdt å merke seg for gardbrukarar der det ikkje er plass eller forhold til å lage seg gode ramper; ein kjem veldig langt med å venje dyra til flytting.

Smittemessig har ikkje Nils eit tydeleg skilje mellom reint og ureint på rampa. Dyrebilsjåfør Arne Grindheim og Nils må nødvendigvis opphalde seg på same arealet. Før Nils går inn i eige fjøs, må han difor syte for å skifte eller vaske støvlane. Eit anna svakt punkt er det strøet som dyrebilen legg igjen og som kan koma i kontakt med dyr som går ut i ein luftegard via rampa. Rampa og området der dyrebilen står bør gjerast reint etter at dyrebilen har reist. Dette inneber å fjerne strø og gjødsel og strø hydratkalk over.

Praktisk løysing 2: Kjosås og Stuve samdrift, Kvam i Hardanger

Cato Håheim representerer samdrifta med rundt 70 kalvingar i året. Ein har bygd ei lang rampe som kan delast med grindar, slik at ein får to soner som korkje Cato eller dyrebilsjåfør Arne Grindheim treng krysse. Arne rosar løysinga og seier at pålessingstida er på berre nokre få minuttar og det skjer utan noko stress for dyra. Betongen på rampa er grov og sklisikker, og det er sjeldan noko problem at den ikkje er overbygd.

Vurderingspunkt for veterinærens Helsestorfe-attest

Funksjonelle krav smitteslute for utlevering av dyr

Ja

Nei

Har smitteslusa tydeleg definert rein og urein sone?

Sikrast det at dyrebilsjåfør aldri må inn i husdyrrommet (rein sone)?

Sikrast det at gardens eige personell, dersom dei må følgje dyr inn på bilen, ikkje går tilbake til husdyrrommet (rein sone), men går via smittesluse og byter klede og fottøy?

Kan dyr vende tilbake til husdyrrom frå dyrebilen?

Blir gjødsel- og strørestar etter dyrebilen handtert slik at det ikkje kan smitte vidare?

Nils Neteland og dyrebilsjåfør Arne Grindheim oppheld seg i det same arealet og ein har ikkje noko tydeleg skilje mellom rein og urein sone. Dette aukar risikoen for at Nils tek med seg smitte inn i eige fjøs.

Nils Neteland framfor rampa der kviga står og ventar på dyrebilen.

Lik høgde på rampe og dyrebil er ein fordel.

Lang rampe inndelt med grindar og grov betongstruktur.